Hopp til innhold

Før snøen kommer

Det er ikkje berre det at Britt Karin Larsen har ei historie å fortelje, det er også måten ho fortel den på. Dei fire bøkene hennar om Finnskogen er av det sjeldne slaget.

Britt Karin Larsen

Britt Karin Larsen.

Foto: CappelenDamm

Seriar er lumske på den måten at det har så lett for å gå nedoverbakke med kvaliteten etter ei bok eller to. Derfor er det moro å kunne konstatere at den fjerde og kanskje siste romanen i serien om finnane ved svenskegrensa held høgden og det er berre å slå fast at Britt Karin Larsen med dette har levert eit verk av høg klasse.

For eit liv

Før snøen kommer
Foto: Cappelen Damm

Lina, kvinna som greier å overleve og halde motet oppe under dei mest karrige forhold, og bjørnejegeren Taneli, som begge var sentrale i første roman, dei vandrar her mot solnedgangen. Rundt dei finst barn og barnebarn, fyllikar og syfilisramma, gjerrige kvinnfolk og slike som aldri gløymer ein urett, fattige og rike, prestar og dei som hugsar runene og gamle trolldomskunster men som ikkje snakkar høgt om det. Døden kjem frå skogen, frå tre som dett der dei ikkje skal, frå bjørnar som vert erta, frå tømmer som vasar seg til under fløyting. Døden er nesten alltid brå, og den kan også kome for eiga hand.

Måten

Over dette myldrande mikrokosmoset vaktar ein allvitande men likevel spørjande forteljar, eg ser for meg ei klok og overberande gammal kone som har sett nok av livets dårskap til ikkje å la seg sjokkere, men som likevel har sans for desse små puslingane som lever og døyr der nede. Den allvitande forteljaren gjev seg god tid både til å vite, spørje og ikkje minst til filosofere over livet slik det ytrar seg reint alment før blikket zoomar raskt inn på personar og situasjonar. Mykje av særdraget ved desse romanane ligg nettopp i denne forteljemåten og denne forteljarstemma.

Folk og kapital på vandring


”På stien mellom Lauvåsen og Mostamägg går en gammel mann og snakker til seg selv, slik tar han vare på det språket som snart vil være glemt”. Der har vi Noppi-Mattis og der har vi tida som går og som sender språket hans i gløymeboka. Andre ting endrar seg også i løpet av manns minne: Skogen er no i ferd med å bli oppkjøpt av rike brukseigarar, ungdommen dreg til Christiania eller til USA, folk har fått eit val og då er det mange som vel bort fattigdom og slit på Finnskogen.

Den individuelle lagnaden til fleire av finnskogingane blir knytt tett inn til desse historiske endringane og dermed blir ikkje dette berre ei bygdekrønike; på same tid er det ei historie om korleis storsamfunnet gjer seg gjeldande på ulikt vis for folket i skogane gjennom at både folk, industri og kapital flyttar seg etter nye mønster.

Overdådig og burlesk

Britt Karin Larsen skildrar eit karrig liv, urettferdig fordeling av goder. Ho gjev også plass til den enorme kapasiteten folk har til å greie seg, og til no og då å pine noko glede ut av eit liv. Det overdådige bryllupet på Mostamägg midt i romanen er skildra med slike burleske, visuelle detaljar at det kunne blitt ein heil film berre det.

Dryge drammar

Forfattaren kombinerer stor kunnskap, innleving og forteljekunst. Finnskogenromanane til Britt Karin Larsen er av dei sterkaste drammane samtidslitteraturen har å by på. Dei bør nytast i kronologisk rekkjefølgje.

Kulturstrøm

  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh
  • Fleire artistar droppar Eurovision-arrangement

    Artistane Dotter og Titiyo skulle opptredd i Eurovision Village, men har no trekt seg. Det melder NTB.

    Eurovision Village er det offisielle festivalområdet knytt til Eurovision i Sverige. Der skal det vere fleire konsertar og arrangement frå 4. til 11. mai. Fleire av dei som skal opptre har trekt seg frå arrangementa.

    Bookingansvarleg for Titiyo skriv at «logistiske årsaker» er årsaka til at artisten ikkje speler. Dotter har fått fleire oppfordringar til å boikotte Eurovision på Instagram, fordi Israel deltek, skriv NTB.