NRK Meny
Normal

– Å skrive er verdt alt

– Eg fekk så mange dødstruslar at eg blei meir bekymra dei dagane dei ikkje kom, seier Chenjerai Hove frå Zimbabwe. Han er éin av ni fribyforfattarar som kjem til Norsk Litteraturfestival på Lillehammer denne veka.

Fribyforfattarar som kjem til Norsk Litteraturfestival

Fribyforfattarane (f.v.) Abdullahi Muhiaddin, Jahangir Alam Akash, Andrei Nekrasov, Arifur Rahman, Chenjerai Hove og Philo Ikonya kjem alle til Norsk Litteraturfestival på Lillehammer.

Hove har budd i Noreg sidan han kom til Stavanger som fribyforfattar i 2005. Han lengtar stadig tilbake til Zimbabwe, fortel han.

– Det er denne lengten som får meg til å skrive. Eg ser heimlandet mitt mykje klarare på avstand. Her set eg større pris på til dømes fuglekvitter om morgonen, ei kvardagsleg oppleving som eg tok for gitt der eg budde før, seier Hove, som har ein lang og prisvinnande forfattarskap bak seg.

Måtte flykte til skrivefridomen

Hove er ein av rundt hundre forfattararar og skribentar som sidan 1996 har fått tryggleiken dei treng for å skrive i norske fribyar. No skal han saman med åtte andre delta under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer, for å fortelje korleis det er å måtte flykte til eit anna land for å få skrive det ein vil.

I tillegg til dødstruslar har mange av dei blitt fengsla og utsette for tortur fleire gonger.

Fribyforfattarar under ansvar

Litteraturfestivalen har ansvar som årets hovudtema. Kunstnarisk rådgjevar Lina Undrum Mariussen meiner omgrepet gjer seg stadig meir gjeldande i det offentlege ordskiftet, og trekkjer fram debatten om ansvarsplassering under 22. juli-rettssaka. Under festivalen vil dei ta opp mellom anna terrorisme, og redaktøransvar i avisene.

– Vi synest det er spennande å sjå på korleis forfattarar stiller seg til kravet om ansvar. Ansvar blir kravd på heimebane, mellom menneske og i storpolitikken, og er noko alle er opptekne av, meiner ho.

NRK har spurd dei aktuelle fribyforfattarane mellom anna om korleis dei tenkjer om sitt eige ansvar.

– Komfortsona er ikkje mi sone


Kva er ditt ansvar som forfattar?

– Mitt ansvar er mangefasettert. Eg skriv for å fortelje om gledene og sorgene i samfunnet mitt. Eg skriv også for å dokumentere litterært historia om samfunnet mitt og alle samfunn. Og eg skriv fordi eg har eit kunstnarleg ansvar for å skrive godt på søken etter meininga med menneskeleg erfaring og venleiken i historieforteljing. Dette er mitt kulturelle ansvar, kultur forstått på eit breitt plan.

Korleis påverka det skrivinga di at du var fribyforfattar?

– Eg skreiv og skriv som eg gjorde før, med dei same føringane for det eg skaper og med lengta etter landet mitt som ei drivande kraft.

Kor vanskeleg er det å vere forfattar i heimlandet ditt?

– Det er vanskeleg å skrive i alle land. Å skrive handlar for meg om å stille spørsmål ved tankesetta som styrer folks liv og som mange tek for gitt. I Noreg kan ein gjere dette utan fare for å bli fengsla eller drepen. Ein forfattar som går imot dei gjengse verdiane i Zimbabwe vil derimot alltid vere i trøbbel.

Er det verdt prisen du betaler å vere forfattar i heimlandet ditt?

– Eg er budd på å betale kva pris som helst for å få skrive det eg vil. Alle som drøymer om sosiale, kulturelle eller politiske endringar må vere villige til å risikere noko. Komfortsona har aldri vore mi sone. Det ville ha vore dumt å sjå både det stygge og det vakre i mitt eige samfunn, og så teie om det. Total stille leier til forfall i alle samanhengar.

– Å skrive er verdt alt

Kva er ditt ansvar som forfattar?

– Mitt ansvar er å vere meg sjølv, og å skrive det eg vil, draumane mine om verda. Som bloggar skriv eg mykje om kvinner sin situasjon i heimlandet mitt. Eg skriv for å skape ei framtid, og når eg gjer det kjennest det som om eg ikkje har bein, berre vengjer.

Korleis er det å skrive i Noreg samanlikna med ditt eige heimland?

– Disiplinen som trengst for å skrive er den same her som der. Som fribyforfattar hadde eg meir til til skrivinga, men elles er det små skilnader.

Er det verdt prisen du betaler å for å skrive i heimlandet ditt?

– Å skrive er verdt alt.

Tenkjer du på deg sjølv som ein politisk forfattar?

– Eg er eit politisk menneske, men eg ville ikkje ha vore politikar.

– Risikerte livet med teikneseriar

Kva er ditt ansvar som forfattar?

– Eg meiner mitt ansvar som teikneserieskapar er å teikne røynda, med visdom og mot.

Korleis er det å skrive i Noreg samanlikna med ditt eige heimland?

– Fridomen eg har her kjennest uavgrensa, og eg kan skrive og teikne kva eg vil. Eg er tryggare her enn i Somalia, men som avisteiknar der hadde eg mange fleire lesarar.

Kor vanskeleg er det å vere forfattar eller skribent i heimlandet ditt?

– Somalia har ingen lover som vernar om kunstnarar og folk som arbeider i media. I nokre land trugar fengsel eller anna straff, i mitt heimland risikerer du å bli drepen av radikale islamistar. Berre i år er fjorten journalistar tekne av dage.

Er det verdt prisen du betaler å vere forfattar i heimlandet ditt?

– Ja, absolutt. Som forfattarar og skribentar viser vi mot og bryt stilla. Men nokre av oss må til gjengjeld forlate familiane våre og landet vi vaks opp i.

– Dei torturerte meg framfor sonen min

Kva er ditt ansvar som forfattar?

– Mitt ansvar er å halde fram med å skrive, utan frykt, for å bidra til kampen for ytringsfridom og menneskerettar for dei som lir i heimlandet mitt.

Kva skriv du om no?

– Eg held fram med å skrive om dei same emna her. Gjennom bloggen min, Facebook, og andre sosiale media skriv eg om korleis eg opplever Noreg og nordmenn.

Kva konsekvensar har skrivinga fått for deg?

– Hausten 2007 blei eg arrestert midt på natta, og torturert framfor sonen min, kona mi og huseigaren min. Eg fekk elektrosjokk, og hengd opp i taket med bind for auga i femten timar. Deretter blei eg fengsla i 28 dagar, etter å ha jobba som journalist i tjue år i avis, radio og fjernsyn.

Tenkjer du på deg sjølv som ein politisk forfattar?

– Eg ser helst på meg sjølv berre som journalist eller forfattar. Som journalist kjempar eg for jamstelling og for fred og demokrati. I heimlandet prøvde eg berre å ta det ansvaret eg meiner eg har som journalist og medborgar. No når eg er her må eg følgje reglane og vise omsyn til norske tradisjonar og historie, men det tyder ikkje at eg gløymer min eigen kultur og tradisjon.

– Katteteikninga førte til dødstruslar

Kva er ditt ansvar som forfattar?

– Som teikneserieskapar har eg ansvar for å halde fram slik eg har gjort. Som fribyforfattar har eg ansvar for å lære meg norsk og å delta i det norske samfunnet.

Korleis kom du til Noreg som fribyforfattar?

– I Bangladesh blei eg fengsla i over seks månader, eg blei utsett for tortur og dødstruslar frå islamske fundamentalistar, etter at eg teikna ei seriestripe om ein katt som heitte Muhammed. Stripa ironiserte over namneskikken i landet mitt. Sidan fekk eg hjelp av mellom andre Norsk P.E.N. og ICORN til å kome hit.

Kva skriv du no?

– Det same som eg gjorde før, altså teikneseriar og korte dikt, og så målar eg.

Tenkjer du på deg sjølv som ein politisk forfattar?

– Ja, eg meiner eg er ein politisk teikneserieforfattar, for eg liker å lage politiske seriar.

– Vanskelegare å skrive i Noreg

Kva er ditt ansvar som forfattar?

– Ansvaret eg har er å uttrykkje meininga i det som skjer i samfunnet rundt meg, slik eg forstår og mitt personlege opprør imot urettferda som eg såg og ser.

Korleis er det å skrive i Noreg samanlikna med ditt eige heimland?

– Det er vanskelegare i Noreg, fordi det kjennest som om det eg er oppteken av og skriv om er for komplisert, og i tillegg lite relevant i lokalsamfunnet mitt her. Samstundes er det delar av livet her som gjer det lettare og meir lystbetont.

Kor vanskeleg er det å vere forfattar i heimlandet ditt?

– Det er vanskeleg viss du blir stempla som ein fiende av staten.

Tenkjer du på deg sjølv som ein politisk forfattar?

– Ja, dei fleste av problema eg tek føre meg er av ein politisk natur, sjølv mange av dei som verkar strengt personlege ved første augekast.