Anmeldelse

Fjellet som urban myte

Det er all grunn til å stoppe opp ved denne snedig komponerte romanen, der sjølvaste Hardangervidda får spele ei sentral rolle. Rett nok meir som draum og mareritt enn som reelt eksisterande fjellmassiv.

Forfatter Ellen Emmentze Jervell

Ellen Emmerentze Jervell debuterer som forfattar i vår med «Fjellfolk».

Foto: Rut Helen Gjævert / Gyldendal

«Fjellfolk» høyrest ut som ei bok av naturskildraren Mikkjel Fønhus og er det for så vidt også, men Jervells folk er ganske annleis enn dei som trør heimekjent rundt i det fønhuske naturuniverset: Hennar folk sit i mest byen og lengtar etter fjellet. Etter ro, rekreasjon og harmonisk samver med familien. Og i korte glimt finn dei alt dette, men ikkje berre det. Slett ikkje berre det.

Kjernen i romanen om fjellfolket er moderne menneske som ikkje finn ut av det. Dei er ulykkelege og ute av stand til å kome nær kvarandre og såleis tidstypiske. Men alle menneske er som kjent ulykkelege på kvar sin måte, og dette er Jervells gjeng.

Historia gjentek seg ikkje

Fjellmannen Fredrik møter bydama Katrine, søt musikk oppstår og før dei veit ordet av det kjem Frida til verda. Ikkje mange år etter blir Fredrik borte på vidda. Det er all grunn til å tru at han ville det slik. Både forholdet til fjellet og til menn blir annleis etter det, annleis blir også forholdet mellom mor og dotter. Ingen av endringane er til det betre. Eit liten kvinnealder seinare blir Frida uforvarande gravid og historia ser ut til å gjenta seg.

Men nei, historier gjentar seg ikkje, det er alltid noko som er endra. Og her er vi på sporet av eit par snedige trekk ved denne romanen. Ein ting er at samtida byr på overraskande vendingar, men ikkje nok med det: Heller ikkje fortida er slik lesaren vart lurt til å tru: nye moment kjem til og kastar nytt lys over gamle hendingar. Lesaren må endåtil justere kvar sympatien skal liggje, ein manøver som sit nokså langt inne når ein først har bestemt seg, det veit alle lesarar. Det veit alle som har gjort seg opp meiningar om folk i det verkelege livet også, berre for å ha nemnt det.

Fjellet kjem frå det utan skrammer

Kva så med fjellet? Bybuarane som forbannar, elskar, lengtar etter, romantiserer og studerer fjellkart i lange netter har det med seg heile tida. Fjellet er ein mytisk stad for dyrking av fridom, kjærleik, liv og død. Det reelt eksisterande fjellet, som i «Fjellfolk» altså er Hardangervidda, kjem mindre til syne. Den sanselege opplevinga av å vere i fjellet i vekslande ver og til ulike årstider, den må du tilbake til den opphavlege fjellfolk-forfattaren for å finne.

Men Jervells roman «Fjellfolk» er ein interessant og smart roman om menneske som har sine heilt spesifikke grunnar til å vere ulykkelege.

Passar for deg som:

  • prøver å forstå folk som er hekta på fjellet

  • lurer på kva som kan få mødrer til å gå opp i liminga

Fleire meldingar frå NRK

Lekefly, bokomslag
Foto: Oktober

«Hun debuterer med de vanligste litterære temaene av dem alle. Likevel klarer Line Madsen Simenstad å si noe nytt om kjærlighet og død.»

Mads Rages Og skipet siglar vidare

«Mads Rages romandebut bringer leseren inn i et univers der havet og et seilskip av ubestemmelig alder utgjør hele verden. Slikt blir det sterk fortelling av.» Les meldinga

Bokomslag
Foto: Aschehoug

«Sara Omar skildrer en bestialitet uten sidestykke i romanen «Dødevaskeren». Romanen føles akutt nødvendig.» Les meldinga