Hopp til innhold

Fem romanar om klimakrisa

I den nye klimalitteraturen går det allereie no an å finne typiske personar som går att. Både personar som kan sjåast på som offer og dei som er idealistar.

Hetebølge og orkan i USA i 2017

VÅTT OG VARMT: Hetebølge og orkan i Houston i USA i 2017.

Foto: Thomas B. Shea / AFP

Eg tenkjer då særleg på klimaidealisten, den litt rare einstøingen som har gjort dette til si store sak. Og på offeret: Dei som lid under global oppvarming og som gjerne bur eit stykke inn i framtida der alt har blitt verre enn det er no.

Særleg i bøkene om framtidas offer er det tydeleg at vi må endre praksis for å gje komande generasjonar eit godt liv. Dette er tendenslitteratur.

Først: Her er bøker om ulike klimaidealistar:

1. «Begynnelser»

  • Av Carl Frode Tiller
Carl Frode Tillers Begynnelser

«Begynnelser»

Her møter vi Terje, naturens mann i fylkeskommunen, byråkratiets Noa som vil redde alle artar på land og hav. Terje er ikkje den som gjer seg ferdig i ein fei når han skal halde føredrag like før festmiddagen på miljøkonferansen i fylkeskommunen! Terje legg ut om den boreale regnskogen:

2. «Steffen tar sin del av ansvaret»

  • Av Christian Valeur
Steffen tar sin del av ansvaret

«Steffen tar sin del av ansvaret»

Foto: Aschehoug

Steffen er Terjes rake motsetning. Der det hender at Terje går seg vill i all kunnskapen han sit inne med, er Steffen fri for slik ballast. Den tiltrekkjande medstudenten Kjersti har både skapt forvirring i kjærleikslivet og dessutan vekt klimaaktivisten i han. Nokre veker med sjølvberging på hytta er to fluger i ein smekk, men komplisert, viser det seg:

Ikkje enkelt å leve klimanøytralt på ei hytte med innlagt vatn og straum. Steffen er kanskje ikkje så rar, han er meir latterleg.

Men nestemann ut, han er skikkeleg rar:

3. «Adam Hjorths veg»

  • Av Brit Bildøen
Adam Hjorths veg

«Adam Hjorths veg»

Foto: Samlaget

Bildøen har dikta fram Jon Utskott, berre namnet! Ein veteran frå Mardøla-aksjonen. Betrevitande, somme meiner han er ein gledesdrepar. Kvar vår syklar han frå Oslo til Vestlandet og snakkar med folk han møter om den store saka. Men korleis skal denne moderne don Quijote-figuren stille seg til dagens vindmøller?

Nærmare ein klima-feelgood kjem du ikkje.

Og her er bøker om offera:

4. «Blå»

  • Av Maja Lunde
Blå av Maja Lunde

«Blå»

Foto: Aschehoug

Framtida er like om hjørnet og ho er prega av klimaflyktningar som rømmer nordover til «vannlandene» for å overleve. Det likar folk i desse landa – altså vi – dårleg, og mange strandar i flyktningleirar. Der sit mellom andre David og den vesle dottera hans, Lou Året er 2041. Daniel er fødd på 2000-talet, og lever eit vanleg fransk tenåringsliv når du les dette.

Maja Lunde vil ha oss med på laget, vi må berge kloden.

Der same gjeld også for neste bok:

5. «Anna. En fabel om klodens klima og miljø»

  • Av Jostein Gaarder
«Anna. En fabel om klodens klima og miljø»

«Anna. En fabel om klodens klima og miljø»

Foto: Aschehoug

Dette er ein ungdomsroman om Anna (16) som dreg tre generasjonar framover i tid. Der møter ho oldebarnet sitt, Nova. Ho skjeller ut Anna som levde i ei tid då det enno var håp. Anna dreg tilbake til si eiga og vår notid og tek opp kampen mot gradestokken.

Mens Nova lever vidare i 2082:

Konklusjon: Snublande nær moralismen

Klimaidealisten er litt som narren: han seier og viser fram saker på originale og ofte vridde måtar, han skaper inntrykk og bilde som lesaren må finne ut av. Kor ille er det at eit par av dei talrike lavartene i Trøndelag døyr? Hjelper innsatsen til Steffen på noko anna enn hans eige samvit?

Bøker der vi møter offeret ansikt til ansikt kan ta oss til det vesle livet som er att etter den store kollapsen, eller dei kan – som i bøkene til Maja Lunde og Jostein Gaarder vere lagt få tiår inn i framtida og leggje vekt på ansvaret vi alle har her og no. Desse bøkene ligg snublande nær moralismen, utan at det legg dempar på lesinga. Her er alle litterære metodar i sving for å få oss til å ta vår del av ansvaret.

Marta Norheim

HØR: Vi menneske har herja med miljøet, og no herjar miljøet med oss. Hylla med slik litteratur er allereie imponerande full. Her er nokre sentrale bøker for deg som treng ein snarveg inn i litteraturen. Marta Norheim har ei ny spalte i åpen bok på NRK P2, «Snarveg til samtidslitteraturen». Første episode handlar om miljøet.

  • Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Sjette førsteplass på albumlisten for Ariana Grande

    Ariana Grande sikrer seg sin sjette førsteplass på den amerikanske albumlisten med sitt sjuende studioalbum.

    – En uke med evig solskinn, skrev Ariana Grande i helgen på Instagram – og siktet til suksessen som hennes sjette album, kalt nettopp «Eternal Sunshine», har.

    Utgivelsen solgte det som tilsvarer 227.000 albumenheter i sin første uke, noe som er årets beste hittil, ifølge Billboard. Blant annet ble låtene strømmet 195 millioner ganger. Den nye platen, som også topper VG-lista her hjemme, er laget i samarbeid med svenskene Max Martin og Ilya Salmanzadeh.

    Grande har tidligere toppet albumlisten med «Positions» (2020), «Thank U, Next» (2019), «Sweetener» (2018), «My Everything» (2014) og «Yours Truly» (2013). 2016-platen «Dangerous Woman» kom «bare» til en andreplass.

    Ariana Grande
    Foto: AFP
  • Fem land vil ha «Cammo»

    NRK har inngått opsjonsavtale med Tyskland, Frankrike, Spania, Belgia og Nederland om nyinnspillinger av dramakomedien «Cammo».

    Over 700.000 så første sesong av «Cammo». Serien handler om influenseren Cammo, som går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.

    – Dette er helt surrealistisk! At humoren og historien i «Cammo» kan treffe både spanjoler og tyskere er skikkelig gøy. Jeg gleder meg til å se hvordan de forskjellige landene tolker manus, og er så takknemlig og glad for at historien om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millioner mennesker, sier Caroline Glomnes, serieskaper og hovedrolleinnhaver.

    Katelyn Garbin og Caroline Glomnes i rollene som Kamilla og Cammo.
    Foto: NRK

Flere kulturnyheter