NRK Meny
Normal

– Svært uheldig for mangfaldet

To store regionaviser skal servere lesarane sine dei same meldingane av sakprosabøker framover. Det lovar dårleg for mangfaldet, meiner Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

Trond Andreassen

Generalsekretær Trond Andreassen i NFF fryktar for mangfaldet av meldarstemmer i norsk offentlegheit.

– Det er veldig, veldig negativt at dei store avisene ikkje kan halde seg med eit breiare spekter av meldarstemmer, seier generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF), Trond Andreassen.

– Bergen og Stavanger treng ulike kritikarar

Dei Schibsted-eigde regionavisene Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad samarbeider alt om helgestoff og forbrukarjournalistikk. Når avisene no skal trykkje dei same meldingane for sakprosabøker, fryktar Andreassen for litteraturkritikken som levande, uavhengig og lokalt forankra.

– Kvar kritikar har si stemme, og ein vender seg til ulike grupper i Bergen og Stavanger. Ei sakprosabok med tematikk frå Bergen vil til dømes vere relevant på ein annan måte for lesarane der enn for lesarane i oljehovudstaden, seier Andreassen.

Vil slutte med stemoderleg behandling

Faste meldarar for begge vestlandsavisene blir Gudmund Skjeldal og Frank Rossavik i Bergens Tidende, og Sven Egil Omdal og Tom Hetland i Stavanger Aftenblad. Det nye samarbeidet er ei oppgradering av Bergens Tidendes tidvis stemoderlege behandling av eit stadig rikare og viktigare sakprosafelt, seier avisas eigen kulturredaktør, Hilde Sandvik.

– Me har så langt berre sporadisk trykt sakprosameldingar, og har på kort tid fått til eit samarbeid som gir eit betre tilbod til lesarane av begge avisene. Det er eit klart løft, som eg reknar med at både lesarar og forfattarar set pris på, seier kulturredaktøren.

– Alternativet er å ikkje melde

Hilde Sandvik

Kulturredaktør Hilde Sandvik meiner samarbeidet om sakprosameldingar kjem både lesarane og mediehusa til gode.

Foto: Lillebø, Jan M. / Lillebø, Jan M.

Samarbeidet betyr at bergensavisa kan utvide med to nye sider vigde til litteraturkritikk. Sandvik seier dette er måten dei kan nytte sine ressursar til alles beste på.

– Me reduserer ikkje talet på stemmer. Alternativet vårt er å ikkje melde, og det er eit dårlegare alternativ, seier ho.

Sandvik avviser at avisene blir likare av å trykkje dei same sakprosameldingane. Ho trur heller ikkje at felles meldingar er ei ulempe for avisabonnentane, all den tid Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad har null overlapping blant lesarane.

– Eg registrerer at Andreassen ikkje ser fordelen det er for ein kritikar å bli lesen av fleire enn i dag. Bokmeldarane det her er snakk om, utfordrar dessutan Oslo-blikket og sikrar nettopp mangfald, meiner Sandvik.

Er bekymra for dei frie stemmene

Men generalsekretær Andreassen er ikkje overtydd om at variasjonen blir bevart med det nye samarbeidet.

– Det er vel og bra med meir bokstoff, og desse meldarane er flotte folk. Men det er ikkje bra at det overordna går mot færre meldingar og eit fast meldarkorps for fleire aviser. Kvar blir det då av dei frie stemmene? spør generalsekretæren.

Han meiner at sakprosafeltet spesielt er utsett for ei summarisk og lettvinn handsaming frå medieredaksjonane si side.

Meiner nye stipend må syne att i avisene

Frilansmeldarar innan kulturfeltet kan gå mørkare tider i møte. VG har varsla at dei vil trykkje berre éi bokmelding i veka neste år, og Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad kuttar i både film- og musikkmeldingar.

Utviklinga går stikk i strid med at regjeringa i sitt forslag til statsbudsjett ønskte å auke arbeidsstipenda for kritikarar med to millionar kroner, meiner Andreassen.

– Når ein oppgraderer med åtte nye stipend, som dei pengane opnar for, burde det syne att i regionavisene, seier han.