Akkurat den dagen Liv skal gjere ende på sitt 19-år lange liv, ringjer det på hyttedøra, og ei dame legg på henne ansvaret for å skysse gamle Irma til butikken, for no reiser ho sjølv til byen og då er Liv den nærmaste med bil.
Handletur med Irma
Det nyttar ikkje å setje overdose når ein veit at det er tomt i kjøleskåpet til ein nabo som ikkje har bil, og den tyskfødde Irma får sin nødvendige tur på Kiwi. Slik startar eit merkeleg forhold mellom den over 80 år gamle Irma og den suicidale Liv. Begge lever i si eiga verd, og begge er uvanleg dårlege til å lytte.
Det fine med denne litt forvirrande samtalen er at Irma minner Liv på ting ho har prøvd å gløyme, og omvendt. Dette fører Irma tilbake til svært unge dagar, der ho opplevde det sterke fellesskapet med andre blåkledde jenter i det nazistiske Bund Deutscher Mädel. Og til dei fine åra saman med sjefen og andre spennande menneske på Victoria Terrasse i Oslo under krigen.
Kva for spor Liv går opp i seg sjølv mens Irma trur ho lyttar til henne, skal ikkje røpast her. Den som les nøye, vil finne små hint som kan vere med på å forklare Livs ønske om å ta sitt eige liv.
Tvetydig om livsforteljingar
At desse små hinta brått blir til grell klartekst mot slutten av boka svekkjer den reint estetiske kvaliteten ved romanen. Det bør likevel ikkje skygge over at dette er eit intenst lite kammerspel der begge dei medverkande trur dei snart skal døy.
At det kan vere oppklarande og forløysande å fortelje livshistoria si har psykologar levd av i hundrevis av år, så det er ikkje ei ny innsikt. Det som skjer i denne romanen, er at ein fjerntståande amatør med eigne skrammer set i gang meir djuptgripande prosessar enn hjelpeapparatet nokon gong greidde,- og at auka sjølvinnsikt ikkje nødvendigvis fører til større lykke og harmoni.