Hopp til innhold
Anmeldelse

Ei dagbok frå helvete

«Text on the beach» tar deg med på innsida av årets drygaste TV-program.

Ex on the beach

FORFATTAR: Henrik Elvejord Borg er ifølgje forlaget den første norske forfattaren som har skrive bok frå innsida av eit reality-program.

Foto: TVNorge

Sekskant-sex, utagerande festing, dritslenging, krangling og nakne kroppar utan sladd.

Dette er stikkord frå haustens kontroversielle sjåarsuksess frå TVNorge. Over 500.000 nordmenn har sett ein eller fleire episodar av «Ex on the beach» – reality-programmet som får Paradise Hotel, Big Brother og Farmen til å likne barne-TV.

Programmet skulle vise seg å vere unikt på fleire måtar. Ein av deltakarane skreiv nemleg bok under opphaldet. Stadig vekk kunne sjåarane sjå Henrik Elvejord Borg aka «Blodprinsen» (mannen som i første episode kunngjorde at han hadde to lidenskapar i livet: litteratur og analsex) trekke seg tilbake til rommet sitt for å skrive.

Resultatet har blitt ei dagbok på 195 sider: «Text on the beach. Blodprinsens dagbok fra Ex on the Beach».

Litterært prosjekt

Borg hevdar at han takka ja til å bli med på TV-programmet for å starte eit litterært prosjekt.

Ja, han innrømmer at noko av motivasjonen for å gi ut boka er å bli rik (noko som tydar på ei litt avgrensa innsikt om den norske bokbransjen), men seier også at han vil bli ein av dei råaste forfattarane Noreg har sett.

Ingenting er altså i vegen med ambisjonane, men har dette blitt ei god bok?

Tja.

På mange måtar innfrir Borg dei fleste fordommane nordmenn har om reality-deltakarar. Han står fram som narsissistisk, ekstremt kroppsfokusert og som ein som er villig til å gjere kva som helst for å bli kjendis.

Eg hadde nok også håpa på eit litt høgare refleksjonsnivå frå ein av noregshistorias største reality-lesehestar. Han drysser om seg med litterære referansar, men slit med å bruke dei på ein måte som løftar innhaldet nemneverdig.

«Jeg har også begynt å lese boka Man’s Search For Meaning, en bok om de psykologiske aspektene ved å sitte i konsentrasjonsleir. Jeg tror boka kan bli nyttig for å holde meg på jorda.»

Språket i boka blir også dårlegare jo lenger ut i programmet han kjem. Det blir repeterande, oppsummerande og ordforrådet mindre. Samtidig er det på mange måtar her boka finn si styrke. For kva gjer det eigentleg med eit menneske å delta på eit av Noregs mest grenselause TV-program?

«Mentalsjukehus»

Gjennom boka begynner den sjølvsikre, kontrollerte og tidvis arrogante forteljarstemma å miste grepet. Boka liknar difor meir og meir på ein psykologisk thriller frå det forfattaren vel å kalle eit mentalsjukehus.

Kampen i forfattarens sjeleliv står mellom kultur og natur, mellom det menneskelege og det dyriske. Hovudpersonen blir forvandla meir og meir til eit reality-monster.

Det kjem også fram at forfattaren har ei bipolar liding. Han begynner å analysere eiga åtferd og innser at han er i ferd med å miste forstanden. Han ser også at ein etter ein av dei andre deltakarane rundt han begynner å knekke saman – situasjonar oppstår som aldri blir vist på TV-skjermen.

Erkjenninga mot slutten av boka er at han aldri burde fått lov til å delta i programmet. Han meiner at både han og andre deltakarar burde vore beskytta mot seg sjølv.

Henrik Elvejord Borg er gjennomgåande kritisk til produksjonen, og måten han meiner dei har brukt ungdomars jakt etter kjendisstatus for å lage dryg TV. Samtidig er han takksam for at dei gir han den store sjåarskara som kjem til å følgje dramaet i time etter time, veke etter veke.

Det blir nok ingen Brage-nominasjon for «Text on the beach». Men boka blir likevel ståande som eit viktig tidsvitne for framtidige generasjonar. Om 80 år skal oldebarna våre lese dette og forhåpentlegvis seie: «WTF oldefar? Var det dette de såg på då du var liten?»

Passar for deg som:

  • Vurderer å melde deg på reality-TV.
  • Lurer på kva konsekvensane er av å «gi fullstendig faen».
  • Ønskjer å diskutere casting, etikk og ansvar i reality-bransjen.

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad