Hopp til innhold

Dritpreik og estetiske sonderingar

I essaysamlinga «Sjelens Amerika» står både sterke og svake sider ved Karl Ove Knausgårds skriveprosjekt tydeleg fram.

Karl Ove Knausgård

No er Karl Ove Knausgård ute med essay, kva skjer så der?

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

Når skjønnlitterære forfattarar flyttar seg over til essayistikken, skjer det interessante ting. Der snakkar dei meir direkte og i eige namn. Jon Fosse var ein skarpskodd teoretikar i essayform før han sa farvel til denne sjangeren for nokon år tilbake, poeten Eldrid Lunden leverer gode lesingar av andres forfattarskap. Både Lunden og Fosse framstår på ein annan måte i essayistikken enn dei gjer i skjønnlitteraturen sin, men likevel kastar essaya lys over resten av forfattarskapen. No er Karl Ove Knausgård ute med essay, kva skjer så der?

Frå ein annan stad

Ved første blikk verkar forskjellen liten mellom essay og den nyaste romanen hans, Min kamp. Der skreiv han jo allereie i eige namn, han skreiv ned tankar og refleksjonar, og rett som det var gleid teksten over i noko som likna til forveksling på essayistikk. Likevel er det noko som er annleis i den nye boka Sjelens Amerika. Tekster 1996-2013, trass i at han skriv om fleire av dei same spørsmåla som var oppe i romanen: Det kan handle om kunst, om å forstå verda og seg sjølv i vidaste forstand, det kan handle om Hitler.

Kva er annleis? Ytre sett er forskjellen stor: dette er ei tynn bok i Knausgård-samanheng og her har kvar tekst ein tittel, og dermed eit definert startpunkt og sluttpunkt - det er også ganske kort veg frå start til slutt. Viktigare likevel trur eg det må vere at her kan ikkje forfattaren doble seg som han kunne i romanformatet, her er det Knausgård som ytrar seg og ferdig med det. Dermed les eg denne boka på ein annan måte. Og eg legg merke til ting som eg ikkje i same grad såg i romanen, sjølv om det kanskje fanst der også.

Ei innebygd spenning

Det mest interessante er ei spenning mellom på den eine sida ein open, søkjande stil, gjerne med originale vinklar. Som når han med utgangspunkt i ein halvblind urfisk gir seg til å filosofere over blikket, men det skjer via treet, treet har ikkje auge, og så er vi plutseleg i opplysningstida der teleskopet og mikroskopet kom og utvida det menneskelege blikket utover og innover. Her går assosiasjonane høgt og lågt og viser oss verda frå stader som ikkje er opplagde. Noko av det same kan ein finne i flotte tolkingar av fotografi av mellom andre Cindy Sherman og bøker, ikkje minst av Hamsun.

På den andre sida dukkar det jamnt og trutt opp påstandar som blir slått fast, verkeleg fast: "Denne relevansen er universell, den har ingenting med det som måtte oppstå i det sosiale og politiske å gjøre" står det i ei drøfting av Monets målarkunst. At tankar, refleksjon og kritikk er direkte øydeleggjande for kreative prosessar, er udiskutabelt, ifølgje forfattaren som slår fast at: "Dette er et absolutt faktum, og det finnes ingen unntak." Det finst fleire slike. Kanskje det er ironisk meint, eg ser i så fall ikkje ironien.

Bourdieu på dass

Knausgård bruker i Sjelens Amerika, som i Min kamp, mange ulike skrivemåtar: Han går inn i kunnskapsessaytradisjonen i det svært lesverdige essayet «Hjelpemann på Bibelen», han er personleg og han er privat. Han er spekulerande og assosiativ, dokumenterande og spørjande. Den vinkelen han kjem mist heldig ut av, er den sosiologiske. I essayet «Den brune halen» skildrar han ei forpint scene der han er dritetrengt men langt frå do. Det er lystig lesnad. Men etter den spesifikke situasjonen kjem, som ofte elles, ei utviding av perspektivet og ei tolking av fenomenet: I dette tilfellet er spørsmålet kvifor vi gjer dette som alle gjer, bak lukka dører. Svaret hans er at det har med distinksjonar å gjere. På do er vi alle like, derfor er det ikkje vits i å vise det fram. Eg kan kome på ganske mange andre grunnar til at vi dei siste 4-500 åra i aukande grad har utvikla ein regulert praksis når det gjeld kropp og utsondringar, som har lite med Bourdieu å gjere. Slike luftige sosiologiske perspektiv trekkjer ned både her og andre stader.

Er det noko nytt?

Når det gjeld standpunkt og synsmåtar ser eg ikkje vesentlege forskjellar eller vesentlege nye ting i denne boka samanlikna med Min kamp. Det nye her er den avgrensa forma, som altså tydeleggjer både sterke og svake sider. Som assosierande, spørjande og kunsttolkande essayist er altså Knausgård uhyre sterk og ei glede å lese også om ein ikkje deler synet til forfattaren verken når det gjeld kunsten eller mennesket. Knausgård er ein viktig forfattar som er i stand til å levere premissar til den offentlege samtalen - og til alle dei private - også etter at han har slutta å skrive skjønnlitteratur. Lettbeint sosiologisering og bombastiske påstandar endrar ikkje på dette.

HØYR OGSÅ: Samtalen om essaysamlinga «Sjelens Amerika» i Bok i P2.