«Arv og miljø» sette ny fart i debatten om bruk av biografisk materiale i romanar, og i forlenginga av denne kom påstandar om at romanen gav eit usant bilde av familien til forfattaren. Det heile kulminerte med at søstera, Helga Hjorth, forfatta ein mot-roman. Diskusjonen og mot-romanen illustrerte eit sentralt poeng i «Arv og miljø», nemleg at det ikkje er lett å destillere ut den reine sanninga som alle vil skrive under på.
«Lærerinnens sang» tek opp tråden gjennom historia om Lotte, singel og ganske familiefri dramalærar på Kunsthøgskolen i Oslo.
Kven er det som ser?
Romanen opnar med at Lotte og fire andre lærarar får ei utfordring: Kunststudenten Tage vil lage eksamensarbeid av å filme dei på jobben og privat. Ideen er å undersøkje om det er samsvar mellom liv og lære. Eit krevjande prosjekt både for lærarar og elev vil eg tru, men Lotte -og dei andre- tek utfordringa.
Tage skal filme Lotte mens ho går gjennom tre utvalte stykke av Bertolt Brecht, den store helten hennar. For å levandegjere dramatikken og dei brechtske utfordringane for studentane, underviser Lotte med stor innleving.
Lotte er heilt med. Men er studentane det? Og kva med Tage, som filmar og filmar?
Og då er vi i «Arv og miljø»-problematikken. Romanen vart lesen som biografi og stilt sanningskrav til. I «Lærerinnens sang» handlar det om ein dokumentarfilm; romanpersonen Lotte er filma som seg sjølv. Det er henne heile vegen men historia er likevel feil, synst Lotte. Tages versjon er tung å svelge. Forskjellen på å kjenne seg uthengt i ein roman og i ein dokumentarfilm, er vel verdt å diskutere.
Kunsten å forandre livet
Kva så med sjølve romanen «Lærerinnens sang»? Oppbygginga til den varsla krisa kan verke langsam og omstendeleg, slik det har lett for å bli når ein blir lovt ei avgjerande vending til slutt. Det er eit minus, sjølv om slutten i sin tur kastar lys over det som skjer før den tid.
Men forfattaren skal ha eit stort pluss for måten Brechts dramatikk både er pensum, metode og kommentar til livet. Greier Lotte å halde usentimental og rasjonell distanse i valsituasjonar?
Her merkar ein Hjorths livslange forhold til Brecht. Og oppfordringa hans om å redusere den menneskeskapte lidinga kling tydeleg med i slutten av romanen, der Lotte sprenger seg ut av Tages versjon og blir eit handlingsmenneske, mens Hjorth driblar ballen over til lesaren, slik Lotte gjorde i klasserommet og Brecht gjer i «Det gode menneske frå Sezuan»: «…det er deres slutt. Dere må finne det ut når dere går ut!» Om skandalepotensialet er lågt, er diskusjonspotensialet desto større.
Passar for deg som:
- interesserer deg for kva som skjer når erfaringar blir til kunst
- likar å tenkje mens du les romanar