Hopp til innhold

Død, eller berre sjuk?

Etter å ha gått gjennom dei to siste årgangane med norsk skjønnlitteratur som står i bokhylla, er det eit par tema som dominerer. Det er død. Og sjukdom. Det er på tide å stille diagnosen.

Død

Kva var det som sette denne litterære bølgja i gang?

Foto: jylcat / Flickr/CC-lisens

Når eg hevdar at døden er dominerande, tenkjer eg ikkje på krimsjangeren, som jo er sterkt ekspanderande både når det gjeld titlar og salstal. Jo Nesbø, Karin Fossum, Jørgen Brekke og alle dei andre som skriv krimlitteratur må jo skrive om død for ikkje å falle ut av sjangeren.

Nei, eg tenkjer på dei andre, dei som rett og slett skriv romanar og noveller og dikt, det står mest romanar i mine hyller ser eg, og i desse bøkene er det død. Folk er sjuke og så døyr dei, folk blir utsett for ei ulykke eller dei gjer slutt på seg sjølv.

Dødsrekord

Dag Solstad har sett ny verdsrekord i død denne hausten, aldri har så mange dødsdatoar stått i ei bok som kallar seg roman og eg reknar med at den rekorden skal få stå temmeleg lenge. Eg tenkjer på "Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591 - 1896". Her er det hundrevis av dødsfall. Men han er ikkje typisk, for alle er døde allereie før handlinga tek til, i den grad ein kan snakke om handling i Solstads siste roman. Det vanlegaste er at personen døyr i løpet av handlinga, gjerne på slutten. Og dei fleste forfattarar nøyer seg med eitt dødsfall, eller toppen to. Interessant er det at fleire let den som døyr føre ordet:

På mårrakvisten går døra opp, og mor kommer inn. Hu har på seg den lyseblå kjolen. Hu setter seg ved senga mi og tar handa mi. Hu sier jeg er en god gutt. Med ett er det huset jeg ser, i et veldig lys.

Lajla E. Lorentzen / "Setningsskade"
Setningsskade
Foto: MARGforlag

Slik var det for den aldrande særingen i romanen "Setningsskade" av debutanten Lajla E. Lorentzen, han var så glad i mor, som nok var død for ganske lenge sidan og han var svært glad i huset sitt. Døden er eit møte med mor og med huset slik han har drøymt om at det skal vere. Ein fin død. I Marit Kaldhols roman "Darwins sporvar" er det ei mor som ikkje er elska som trekkjer sitt siste sukk på denne måten:

Brønnen stirer på meg
Lat han berre stire Eg er ikkje redd
Flaumen ber meg Eg er på veg No held eg fast No flyt eg

Marit Kaldhol / "Darwins sporvar"

Også det ein roleg slutt på livet. Men dei fleste skildringar av døden har vekta på dei som blir igjen.

Foreldre og barn

Mange historier handlar om sorga over å misse foreldre: Helene Uri skriv om livet etter at mor hennar er død i "Rydde ut", og Bård Isdahl skildrar ein døyande far som er i ferd med å ta løyndommar med seg i grava i romanen "Havari". Men så er det ei ganske vesentleg gruppe av foreldre som misser barn. Det skjer hjå Pedro Carmona-Alvarez i "Og været skiftet og det ble sommer og så videre", der to små jenter døyr i ei ulykke og knuser familien. Eirik Ingebrigtsens "Heimfall. Ei juleforteljing" har ei heilt anna historie, der faren har ein avstand, for ikkje å seie avsky, for den døyande dottera si.

Eg vil ikkje ha henne her, det blei hamrande klart då eg svarte ja på helse- og omsorgssjefens spørsmål om å ta imot henne ei veke no i jula, pleia både henne og kommunens økonomi på same tid […] og sjølv om eg synst det var merkeleg at han kalla det for juleferie, svarte eg sjølvsagt og med ein gong ja på å ta imot henne, mi eiga dotter, eit svar som så fort det lydde ut i rommet, gjalla gjennom kroppen min som eit nei.

Eirik Ingebrigtsen / "Heimfall. Ei juleforteljing"

Uhygge pregar også romanen "Mørke grener" av Nikolaj Frobenius, der ei ung kvinne blir funnen død og det er klart for alle at det ikkje skjedde på naturleg måte. Dermed tangerer han krimsjangeren. Og sånn kunne eg halde på, lenge, men dette får greie seg. Døden er nærverande som aldri før i den norske skjønnlitteraturen, og sjukdom, naturlegvis. Mange er sjuke, eg skal berre nemne Kjersti Annesdatter Skomsvolds roman "Monstermenneske" frå i fjor, der hovudpersonen Kjersti lir av ME i mange år, og må i ein periode leve på ein gamleheim.

Når ting gikk galt vet jeg ikke, men spesialisten sa at det ofte er strebete folk som får denne sykdommen, og jeg ligger her på gulvet med beina under nattbordet og ønsker at jeg hadde holdt på det lave ambisjonsnivået det så ut til at jeg var utstyrt med fra naturens side. Kanskje hadde jeg lavt ambisjonsnivå fordi jeg var redd for ikke å innfri, ja, det var nok derfor, jeg har så lenge jeg kan huske vært fylt av en grenseløs redsel for å ikke være bra nok (…) Men så må det ha klikket for meg, for etter hvert kunne jeg aldri bli best nok.

Kjersti Annesdatter Skomsvold / "Monstermenneske"

Ein brottsjø av sjukdom og død

Og været skiftet og det ble sommer og så videre
Foto: Kolon Forlag

Kva er det som skjer? Den enkelte forfattar har heilt sikkert si individuelle forklaring på kvifor dei valte å skrive om sjukdom og død, men når alle desse bøkene kjem på plass i mi bokhylle og står side ved side, så liknar det veldig på ei bølgje.

Og viss det er ei bølgje, kva var det som sette denne bølgja i gang? For nokre år sidan var det svært mykje snakk om kropp, mange romanpersonar var dramatisk misnøgde med kroppen sin som var for stor og tjukk eller for kort eller den såg ikkje bra ut. Ei sjeldan gong var han heilt perfekt, men det å halde det høge nivået på kroppskvaliteten kravde tid og pengar og eit heilt batteri av preparat til hud og hår og tenner og neglar. Kroppen var eit problem, uansett. Og no er kroppen sjuk eller han døyr.

Det er ikkje fårlegare å leve no enn før, i alle fall ikkje her til lands. Den gjennomsnittlege levealderen har auka vesentleg dei siste tiåra ifølgje Statistisk sentralbyrå. Forklaringa på all denne uroa rundt kroppen ligg truleg ikkje i kroppen, men i sinnet. Kanskje sjukdom og død er bilde på noko anna.

Raske endringar

Tenk deg 150 år tilbake i tid: Nesten alle blei buande i same bygd eller by heile livet. Var far din bonde, så gifte du deg med ein bonde. Var far din embetsmann, gifte du deg med ein embetsmann. For gifting var vesentleg. Ein ein måtte stå i samanhengar, mange og store samanhengar: Bygda, slekta, familien og dessutan var alle guds barn, fødd til denne jorda fordi det var ein Gud som ønska at du skulle vere her. Samanhengane var større enn mennesket, ein var skriven inn som ein liten del av ei stor historie, på godt og vondt.

I dag flyttar vi på oss, vi byter jobb og vi byter klasse, vi har kontakt eller har ikkje kontakt med slekta, vi trur eller vi trur ikkje på Gud, kort sagt, fødsel er ikkje lenger skjebne i same grad som før. Vi kan velje. Vi kan definere kven vi er, i stadig nye samanhengar både i det verkelege og det virtuelle livet. Identitetsproduksjonen har lenge vore intens og etter facebook har den blitt frenetisk: I dag tidleg høyrte eg på denne kanalen om ein rapport som slo fast at unge jenter blir sterkt påverka av kor mange "likes" innlegg og bilde får på Facebook. Dei kjenner seg lite verdt når det kjem for få klikk. Dei med mange klikk er vinnarar. Sjølvforståing og identitet blir kopla til eit uhyre flyktig mentometer, skapt av nokre ivrige 19-gamle datanerdar for få år sidan. Mykje blir lagt på den enkelte. Det nyttar ikkje å kome opp med at det er Gud eller slekta di som har rota det til, slike forklaringsmåtar er no heilt marginale i vårt samfunn.

Inga løysing i fortida

Monstermenneske
Foto: Oktober forlag

Interessant nok er slekt eit anna tema som dukkar opp i samtidslitteraturen, kanskje som eit forsøk på å rekonstruere ein av dei mange samanhengane som har mista almengyldig status. Solstads før nemnte voluminøse slektshistorie kan lesast inn i denne samanhengen, men er elles ikkje lett å tolke.

Det dominerande er likevel dette aller siste faste punktet: kroppen. Og vinklinga er at han er problematisk, sårbar og det er dessutan høgst usikkert kor lenga han skal vere på jorda. Kva kan vi gjere med dette? Det er i alle fall ingen grunn til å lengte tilbake til 1800-talet. Dei hadde sitt, for å seie det sånn. Eg har ingen enkle løysingar på lur. Det verkar ikkje som om forfattarane har det heller, der dei stadig kjem med nye tolkingar av kroppen. Men det blir i alle fall mykje god litteratur ut av det, og så er det jo noko trøysefullt ved å lese om andre som er meir ekstreme enn oss sjølve, eller som har det verre enn oss.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)