Hopp til innhold
Anmeldelse

Dobbel dose

Når krisa er der, blir folk tvinga ut av sine vante spor. Slikt kan det bli bra romanar av.

Gro Dahle, forfatter

Gro Dahle skildrar ei dobbel krise i romanen Dobbel dyne.

Foto: Line Fresti

Gro Dahle er ikkje redd for å gå inn i det aller vanskelegaste mellom menneske, verken i barne- eller vaksenbøkene sine. Denne gongen er det full skjering mellom ei mor og ein son, ja meir enn det, her er det full skjering med omverda også. Ikkje minst for sonen, som miste grepet då han drog heimanfrå for å studere i Trondheim. No bur dei to atter under same tak, utan å snakke med kvarandre. Det vil seie: mor snakkar og snakkar. Og snakkar.

Så slår ein kraftig solstorm ut elektrisiteten. Det er vinter og alt går i stå. Spelet er velta, reglane gjeld ikkje lenger og dei to må finne ut av det på heilt nye måtar.

Kvar går du når straumen går?

Her har vi altså kriser på to nivå, som påverkar kvarandre gjennom heile romanen. Krisehandtering er ikkje noko dei to har særleg grep om, det same gjeld for innhenting av relevant informasjon. Dei tenkjer at «nokon må ordne opp», det må kome informasjon på døra, nokon må sørgje for at dei får mat!

Forfattaren slepper ut litt og litt av livshistoriene til dei to. Gradvis kjem det til syne eit bilde med til dels oppsiktsvekkjande detaljar, som driv lesaren vidare. Same effekt har den ytre krisa: Ho kan ende med at straumen kjem att og alt går tilbake til normalen, eller med at dei døyr av svolt og kulde.

Hjarteskjerande

Gro Dahle går tett og effektfullt på dei konkrete sidene ved krisa: maten som minkar, snøsmelting for å få vatn, stemninga den dagen dopapiret tek slutt, og korleis det er å tygge rå spagetti. Dette kan få nokon kvar til å vurdere hamstring av hermetikk, men sterkast er likevel portrettet av mor: Den nakne rådløysa ho opplever når sonen låser seg inn på soverommet sitt og det er stilt som grava der inne. Forsøka på å halde ein lett konversasjon gåande mens sonen teier og alt anna har gått i stå, er hjarteskjerande.

Om ein skal sjå realistisk på saka, står det ikkje heilt til truande at dei lever så isolert; mora er trass alt i yrkeslivet og det finst naboar i huset. Og den tause sonen går gjennom endringar som ber eit visst preg av ønsketenking. Så er heller ikkje Gro Dahle ein forfattar som kjenner seg forplikta på realismen, eg nemner det likevel fordi ramma her er snikra av eit realistisk materiale.

Det haltar litt, men «Dobbel dyne» viser kor hjelpelaust samtidsmennesket er når naturkreftene slår til. Og kor uendeleg langt det kan bli mellom menneske som står kvarandre nær, når det låser seg.

Passar for deg som

  • interesserer deg for overlevingsevna til det moderne mennesket
  • har sans for velformulert prosa

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK