Hopp til innhold

Wassmo med filter

Etter å ha skrive seg sjølv inn som fjerde generasjon i slektshistoria «Hundre år» i 2009, tek Wassmo i «Disse øyeblikk» steget inn i den sjølvbiografiske romanen. Rett nok anonymt.

Herbjørg Wassmo

Herbjørg Wassmo.

Foto: Bokprogrammet / NRK

I «Disse øyeblikk» finst det verken stad- eller personnamn. Korleis går det då an å påstå at dette faktisk er sjølvbiografisk kan ein spørje seg, og svaret er at den namnlause hovudpersonen har skrive Wassmos romanar og vunne Wassmos prisar, dei har same yrke og dialekt. Men at alt som står i romanen er sjølvopplevd, kan ein likevel ikkje ta for gitt. Det er framleis lov å dikte i romanar.

Det ein ikkje kan skrive om

Den incesthistoria som forfattaren skreiv inn i romantrilogien om Tora og som ho i «Hundre år» fortel som sjølvopplevd, er med her også. Denne gongen meir som eit bakteppe. Far er overgripar og hatobjekt men dette kan aldri snakkast om i familien. Mykje energi går på å halde det fryktelege skjult og i sjakk. Men hovudvekt i «Disse øyeblikk» er livet som svært ung einsleg mor, etterkvart med mann, lærarjobb og eit barn til, gryande draumar om å skrive, oppbrot og forfattarsuksess.

Tradisjonell roman

Historia er fortalt kronologisk og utan metarefleksjonar i form av sidekommentarar, refleksjonar kring det sjølvbiografiske eller tydelege tilbakeblikk. Vi følgjer tett på hovudpersonen etterkvart som livet skrid fram. Forfattaren bruker innlevingsestetikken som ho også bruker i romanane og som ho er kjent og elska for, men som blir tyngre å setje pris på når rammene er sjølvbiografiske. Dei små dialogane ho har med romanpersonar og med kjente forfattarar som Hamsun, Simone de Beauvoir, Virginia Woolf og andre, er velkomne luftekanalar og viser på ein elegant måte kor eksistensielt og direkte hovudpersonen lever med litteraturen.

Heroisk offer

Vegen fram til sjølv å bli ein skapande kunstnar er full av motgang. Eit uforståande nærmiljø, dårleg råd, omsorgsansvar og låg sjølvtillit hindrar denne Alberte-slektningen i å ta steget fullt ut. Den kjempande kunstnaren er eit heroisk offer som må kjempe hardt for å få lov til å gjere det ho er skapt til, nemleg å skrive. Den lett retthaverske og sjølvmedlidande tonen som til tider er sjenerande, blir delvis balansert mot sjølvoppgjer som dette:

Har hun ikke alltid vært en hevner? Med kropp og mot som en firfirsle, men med evne til å gjemme på ydmykelser, urett og rift i skinnet like tålmodig som en elefant. Er hun ikke en slik som kan vente et helt liv, bare for endelig en dag å få hevn?

Herbjørg Wassmo/Disse øyeblikk, s. 273


Slike innsikter finst, men rokkar ikkje ved det dominerande inntrykket. «De tror de har deg, men du skal vise dem at de tar feil» er eit råd ho får hjå sjølvaste Knut Hamsun, som altså er ein av dei hemmelege venene ho kommuniserer med når verda ikkje forstår. Det er mykje kamp mot «dem» og ikkje minst mot menn, som i denne romanen mest av alt liknar ei opphoping av dårlege eigenskapar i ulike kombinasjonar. I feminismen hovudpersonen møter på 70-talet fanst heilt klart slike firkanta analysar som dette. Men på punkt som dette går det an å sakne ein reflekterande instans som skaper distanse til det tidstypiske.

Det sjølvbiografiske prosjektet

Eit typisk trekk ved moderne sjølvbiografiar og sjølvbiografiske romanar er utforskinga av korleis ein blei til den ein er. I denne romanen hadde ikkje minst incesterfaringa vore ei erfaring det kunne vore nærliggjande å utforske som sentral for å forstå utviklinga av hovudpersonen. I staden får vi påstandar av typen: Eg berre er sånn. Personlegdommen er ferdig støypt og konstant, og må berre stå imot i kampen for tilveret, ein kamp som blir enklare etterkvart som medgangen blir større. Det ein då går glipp av, er det utprøvande som karakteriserer dei beste bøkene der skrivaren er hovudperson: Nemleg at ein som lesar opplever at personlegdomen blir utforska og tydeleggjort gjennom sjølve skriveprosessen. Denne dynamikken manglar i «Disse øyeblikk».

Midt på treet

Eg har ved tidlegare høve hevda at Wassmo er på sitt beste når ho skriv om kjempande, nordnorske kvinner. Etter å ha lese «Disse øyeblikk» vil eg presisere: kjempande nordnorske kvinner som er oppdikta, eller som har gått ut av tida. Dei må gjerne dele trekk med forfattaren, men når forholdet blir for nært, lir historia under det. Den siste og sjølvbiografiske delen av «Hundre år» var også langt blassare enn historiene om dei tre generasjonane før henne. Årets roman vil sikkert glede mange av Wassmos lesarar som vil føle at dei blir betre kjent med forfattaren, med rette eller urette, det er ikkje godt å seie. Men om vi snakkar kvalitet, så plasserer «Disse øyeblikk» seg nokså midt på treet i forfattarskapen.