Hopp til innhold

Over toppen

Svenske Linda Olsson, busett på New Zealand, brakdebuterte i mogen alder med romanen ”La meg synge deg stille sanger”. Suksessen var internasjonal og den var stor. Eitpar år etter følgte forfattaren opp med ”Taushetens tyranni” og no kjem Olssons tredje under tittelen ”Din godhet”. Denne romanen er den første eg har lese av Olsson, og etter viraken rundt dei to første gjekk eg til verket med store forventningar.

Linda Olsson

Linda Olsson

Foto: Cato Lein

Mens Linda Olsson byggjer langsomt opp til avsløringane i romanen ”Din godhet, skal eg vere kjapp: Eg var skuffa. Meir og meir skuffa, faktisk. Der var katta ute av sekken, no skal eg forklare korleis eg kom fram til denne dommen.
Først litt om handlinga: Den svenske legen Marianne bur heilt aleine i eit hus ved kysten av New Zealand. Vi anar det ligg mørke løyndommar bak eremittlivet. Ein dag ser ho ein liten gut på stranda, som definitivt ikkje er av den typen som fortel kva som er gale heime. Men gale er det. Desse to utviklar langsomt eit venskap, og gjennom arbeidet med å nærme seg vesle Ika kjem Marianne på sporet av si eiga tapte fortid og traumene ho har dytta unna. Boka vekslar mellom avsnitt frå Mariannes fortid og skildringar av livet på stranda med vesle Ika.


Mishandla barn

Linda Olsson: Din godhet
Foto: Vigmostad & Bjørke

Historia om korleis Marianne og Ika sakte nærmar seg kvarandre og finn ein måte å samhandle på gjennom kunst og musikk er gripande skildra og det beste i romanen. Derfor såg eg ei stund stort på dei litt svulstige formuleringane, og også på dei veldige prøvingane Marianne har vore gjennom, men etterkvart går det heilt av skaftet. Mishandla barn er noko som opprører alle og historier om lidande, forsvarslause barn fenglsar oss og får fram sterke kjensler. Men drastiske hendingar som vekkjer sterke kjensler blir ikkje automatisk til sterk litteratur.


Ferdig servert


Olsson dynger på i ein grad som nærmar seg det spekulative. Mødrene er utan omsorgsevne, fedrene er ukjente, fråverande eller fryktelege, barna er tapre og gode og har integriteten i behald uansett kva som skjer. Det er enkelt å finne ut kvar ein skal leggje sympatien og kven ein skal mislike. Det er berre å fråtse i indignasjon over dei fryktelege og gråte over uskuldig liding og såre sakn. Olsson har gjort jobben grundig, ingen lesar skal trenge å bruke tid på å tenkje over kvifor dei blir som dei blir og gjer som dei gjer.
Marianne sjølv tyr til intuisjonen som leiestjerne og den viser seg å vere meir enn tilstrekkeleg til å handle rett. Kva dei vonde bruker som rettesnor i livet får vi ikkje vite. Dette er rett og slett for lettvint omgang med store spørsmål.


Suksessoppskrift


Etter endt lesing gjekk eg til omtalar av dei to første bøkene, og oppdaga at også her er det mørke familieløyndommar, lidande barn og forløysande konfrontasjonar med fortida i vaksen alder. Eg håpar at Olsson i neste bok vil forlate suksessoppskriften sin og utvikle det ho er verkeleg god til, nemleg å skildre forholdet menneske imellom. Dersom ho sluttar å dele verda opp i vonde og gode og økonomiserer med blod, blodskam og andre skrekkeffektar, så kan det bli riktig bra.