Anmeldelse

Det handlar om respekt

Det beste med denne sexboka for gutar er det som står om jenter.

Inti Chavez Perez

ANDROLOG: Inti Chavez Perez frå Sverige er utdanna androlog og dermed spesialist på mannleg helse.

Foto: Anna Svanberg

«Hore. Slut. Billig. Fitte. Pulbar.»

Lysbrytaren gjekk på. Tre fjorten år gamle jenter og ein kronikk i Aftenposten minna oss på kvar rota til problemet heile tida har lege.

#metoo kom endeleg også til skulegarden.

I kjølvatnet kan sexboka til den svenske seksualopplysar Inti Chavez Perez segle opp til å bli ei viktig bok.

For korleis skal eigentleg gutane oppføre seg mot det motsette kjønn?

Chavez Perez gir svar.

Respekt

I boka går forfattaren gjennom seks ulike teknikkar som skal hjelpe gutar med å behandle jentene med respekt. Perez er ærleg om situasjonen og gir ei tydeleg oppfordring til den yngre generasjonen:

«Som gutt er det viktig at du tar avstand fra og bekjemper respektløshet mot jenter. Respektløsheten har vært der i tusenvis av år, og det er opp til oss som er unge å bestemme om den skal få leve videre eller forsvinne.»

Chavez Perez tar opp tema som gruppepress, tafsing, ryktespreiing og sosial kontroll. Samtidig gir han også praktiske tips til korleis ein kan flørte utan å klå eller slenge upassande kommentarar.

Forfattaren tar også eit oppgjer med guterolla – og alle dei kulturelle forventningane til kva gutar skal vere. Alt frå klede, hårfrisyre, ganglag, språkbruk og oppførsel. Han samanliknar gutar i guterolla med internettfenomenet «bonsai kitten» – kattungar som blir pressa ned i glaskrukker.

Å bli pressa ned i glaskrukker er ikkje godt for nokon – verken for gutar eller kattungar.

Laster Giphy-innhold

Sex

Ja, denne boka handlar sjølvsagt også mykje om sex.

Sex med jenter, sex med gutar, sjølvsuging og analsex med gulrot ... (for å nemne noko).

I motsetnad til dei svært moralske delane om respekt og guterolla, så går forfattaren svært langt i å fjerne all skyld og skam frå seksuell eksperimentering i ungdomsåra.

Enkelte stadar kan ein bli litt i tvil om kva aldersgruppe denne boka faktisk er for. I forordet står det at boka er for gutar i tenåra – men det er trass alt ganske store forskjellar på 13- og 19-åringar.

Boka er likevel viktig også i denne delen, fordi ho gir ei grundig forklaring om korleis pornografi bidrar til å gi gale og ganske rare forventningar til sex. Undersøkingar viser også at mange gutar begynner med porno lenge før ungdomsskulen. Sånn sett kan ei alternativ undervisningsbok vere nyttig først som sist.

Passar for deg som:

  • er gut.
  • vil lære om sex.
  • ikkje vil at guten din skal gå rundt og kalle jentene i skulegarden for «horer».