Utleverer menneskeleg dårskap

J.K. Rowling, forfattaren bak Harry Potter-bøkene, har forlatt magien, men greier likevel å halde på lesaren i romanen «Den tomme stolen».

BOOKS-HARRYPOTTER/ British writer JK Rowling, author of the Harry Potter series of books, poses during the launch of new online website Pottermore in Londo

– «Den tomme stolen» er ein roman med høg underhaldningsverdi og god moral, mener anmelder Marta Norheim.

Foto: SUZANNE PLUNKETT / Reuters
Marta Norheim
Journalist

Kilde: Kulturnytt, 14.09.2012

Det går ikkje an å lese den nye romanen av Rowling utan å samanlikne med Harry Potter-bøkene, det er rett og slett prisen for ein suksess i den dimensjonen, ein suksess som har brakt forfattaren inn i milliardærklubben der ingen treng å skrive bøker for livsopphaldet. Rowling må ha noko på hjartet som ikkje kan formulerast i trollmannsuniverset.

By full av «gompar»

Vi er i den vesle byen Pagford sør i England. Ein av byens eldsjeler døyr brått og uventa, og plassen hans i det som litt forvirrande heiter soknerådet i den norske versjonen, blir ståande tom. Soknerådet er eit lokalt organ på lågare nivå enn kommunestyret og her sat den gode Barry som hadde kjempa for ein avrusingsklinikk og opprusting av eit bustadområde i sterkt forfall. Når stolen hans blir ståande tom like før soknerådet skal avgjere framtida for dei sosiale institusjonane i randsona av småbyen, ja då blir det kamp med alle midlar om den tomme stolen. Og vi kan raskt slå fast at det er temmeleg mange gompar i Pagford.

Fargesterke laster

J. K. Rowling
Foto: Cappelen Damm

Sympatien i boka ligg heilt klart hjå folk i randsonene, hjå folka i sosialblokkene og ikkje minst hjå den yngre generasjonen av Pagforderar, mens det småborgarlege hykleriet og dobbeltmoralen hjå foreldra er teikna så tydeleg at ingen skal vere i tvil. Sjølvsagt finst det både heiderlege og uheiderlege unntak frå hovudregelen, utan dei ville boka vore uuthaldeleg moralistisk og det er den slett ikkje. Men lastene er overveldande og fargesterke, Rowling kan sin Dickens og veit at både små og store tyr til triks for å berge skinnet. Og så har du dei svært få som altså har ei overtyding om at noko er rett og godt. Dessverre er deira beste mann død.

Data erstattar tryllestaven

Det blir ungdommen som veltar spelet. Der Potter og co måtte pugge vanskelege formlar og øve inn triks med lett anakronistiske tryllestavar når dei vil tvinge kreftene under sin kommando, kan Pagfords unge garde kome ganske langt med hacking på datamaskin.

På nettsidene til soknerådet dukkar det opp anonyme informasjonar om dei ulike kandidatane som ønskjer å erobre den tomme stolen og Pagford blir aldri den same igjen. Om det er til det betre eller til det verre kan ein diskutere, for i Rowlings vaksenroman er vondskapen og djevelskapen djupt forankra i mennesket og der med uråd å eliminere verken med analog eller digital magi. Mot slutten veltar spelet nok ein gong og får fram nye sider ved fleire av personane. Det er kanskje håp for gompar også, men dei må ristast temmeleg hardt.

God moral

«Den tomme stolen» er ein roman med høg underhaldningsverdi og god moral. Som i Potter-serien har Rowling også denne gongen bygd opp eit detaljert univers med eit stort persongalleri der dei ulike typane får brynt seg på kvarandre i dramatiske situasjonar som kan vere både fryktelege og komiske.

Det er godt gjort, og ikkje minst ungdommane er fint skildra, men handlinga kan til tider verke noko repeterande og konstruert. Viss Rowling hadde rista miksturen litt betre slik at ingrediensane ikkje var så lette å skilje frå kvarandre, hadde boka vore endå betre.

Siste om bøker fra TV og radio

Kulturhusets programleder Siss Vik intervjuer forfatter Gunnar Staalesen, som kommer ut med sin 19. krimroman om etterforskeren Varg Veum. (Sendt 3. august 2016)