NRK Meny
Normal

Uro i Norden

Familiehistorier prega av skilsmisse, død og sorg. I dette landskapet finst dei sterkaste kandidatane til Nordisk råds litteraturpris. Og ja, Linn Ullmann er ein av favorittane, men det er fleire enn henne som kan bli den utvalde i København 1. november.

Linn Ullmann

Jon Fosse vann prisen i fjor. Svekkjer det dei sjansane til Linn Ullmann (bildet) og Geir Gulliksen i år? Slett ikkje. Det skjer rett som det er at same landet vinn to år på rad, skriv Marta Norheim.

Foto: Agnete Brun

Det nemleg uvanleg mange av dei 14 nominerte som godt kunne fortent ein pris i år. Naturlegvis er det variasjonar, men likevel skal heile gruppa få plass i denne artikkelen. Først berre eit par oppklaringar:

Talet 14 kan ein stusse over, men det kjem ein fram til slik: Det samiske språkområdet, Åland, Færøyane og Grønland nominerer ei bok kvar, mens dei fem nordiske landa nominerer to.

Ein del vil hugse at det var Jon Fosse som vann prisen i fjor. Svekkjer det dei norske sjansane i år? Slett ikkje. Det skjer rett som det er at same landet vinn to år på rad.

Ettermæle: ein risikosjanger

Så er det berre å gå laus på bunken. Den eine boka eg verkeleg mislikte, var diktsamlinga «Legacy» av den danske veteranen Klaus Høeck.

Legacy

Diktsamlinga «Legacy» var den eine boka Marta Norheim verkeleg mislikte.

Høeck har skrive i 50 år og tittelen, som kan tyde både ettermæle og arv, hintar om at dette er det store sluttpunktumet for forfattarskapen. Og stort er det blitt, nær 600 sider. No skal ikkje kvantiteten haldast mot boka; svenske Johan Jönson var nominert med samlinga «Efter arbetsschema» for få år sidan, ei passe lang samling på nær 800 sider.

Men det er noko med heile opplegget: Høeck satsar på 12-linjers dikt som i sjenerande grad handlar om han sjølv, eller om diktet, eller om litt av kvart av alt. Når formatet krev ei avslutning før han er komen til konklusjonen, bryt han berre av, slik som dette: «digtet standser her» «what/ the fuck shall I say?» alternativt:« what the/ fuck is the question?» «Kiss MY arse», «GO/ home and fuck yourself», og her vil den vakne lesar for lengst ha fatta poenget.

Den stadige sjølvkommenteringa kan vere irriterande kokett, som her:

«Ak ja – hvad compu

teren er fuld af løber

digtet over med»

Den manierte orddelinga gjer ikkje saka betre. Dei som har følgt forfattaren gjennom 15.000 dikt fordelt på 40 diktsamlingar har kanskje glede av dette. Men trass i enkelte lyspunkt, som nykommar spør eg meg:

What the
fuck is the question?

Marta Norheim

Tell me what to do with my body

Nei, viss det skal bli ein danske i år må det bli Bjørn Rasmussen, som i «Ming» skriv etsande dikt av sjeldan klasse, med klar tematisk samanheng: Få år etter ei opprivande skilsmisse mellom foreldra, døyr faren ein tidleg død.

Ming

Skal det bli ein danske i år, må det blir Bjørn Rasmussen, skriv Marta Norheim.

«Jeg» i diktsamlinga fører ein løpande dialog med faren som forsvann ut av livet hans to gonger. Tilværet er elles prega av medisinar og saker som ikkje er å få på resept:

«Far er ikke til at få fat på i dag/ jeg er bange for at det er seroquellen der slukker for ham/ jeg ligger på gulvet i leiligheden/ og kigger på en stikkontakttud/ hvorfor er alle hashklubberne lukkede (…)»

Medisinane gjer han tjukk og sløv og avhengig av drosje for å kome rundt. Likevel blir det giftarmål med mannen han elskar. Det kjem i stand etter eit opphald på psykiatrisk sjukehus der han er for å få hjelp til å bryte samtalen med far:

«Brylluppet

jeg tænkte ikke på dig hele dagen far»

Neivel? «Ming» er ekstremt velformulert og, ja, vakker; full av nyansar og overraskande vendingar. På same tid er samlinga så nådelaust rett på at det søkk i lesaren.

Einsleg far frå første dag

I same heilt uvanleg sterke kategori finst romanen «I varje ögonblick er vi fortfarande vid liv» av den svenske forfattaren Tom Malmquist. Også her er det ein far (Malmen, den legendariske sportsjournalisten) som døyr, og eit sterkt og motsetningsfylt far-son-forhold kjem til syne.

I hvert øyeblikk er vi fortsatt i live

eit sterkt og motsetningsfylt far-son-forhold kjem til syne i «I varje ögonblick er vi fortfarande vid liv», skriv Marta Norheim.

Men det store dramaet her er at kona, Karin, blir dødssjuk like før termin. Barnet blir berga, men Karin møter døden få dagar etter at Livia møtte livet. Historia ville knapt vore til å halde ut, om det ikkje var for at hovudpersonen Tom står fram som ein sær og kantete og sjalu og varm og sørgjande person som det går an å både føle med og følgje med gjennom det heile.

Ursäkta, måste man ha den här apparaten på ringfingret? Frågar jag. Sjuksköterskan blir lite förbryllad og frågar vad jag menar. Det er lite symboliskt kan jag tycka, säger jag. Jaha, tänker du på vigselringen? Ja, svarar jag. Den brukar sitta på vänster hand, säger hon. Ja, fan, glöm vad jag sa. Karins tillhörigheter finns i et låst skåp, om det var det du menade? Okej, tack, men hon har ingen vigselring, säger jag.

I varje ögonblick er vi fortfarande vid liv

Tom rotar seg stadig inn i slike rare dialogar, og når han ser tilbake på livet med Karin er det mykje å flire av der også. Det er ikkje sorga som er høgtidleg hovudperson i denne romanen, det er historia om ein fyr som må takle mange tunge ting og som gjer det med heile seg.

Avklart om dei urolege

Og ja, Linn Ullmann skildrar faktisk også ein far som døyr i romanen «De urolige».

De Urolige av Linn Ullmann

«De urolige» verkar avklart utan å vere distansert, skriv Marta Norheim.

Historia om kunstnaren som møter døden i høg alder dannar slutten av romanen, mens tyngdepunktet ligg på minne og refleksjonar om ein barndom og om dei to skilte foreldra som barnet vaks opp med.

Også dette ei bok med nerve, men i eit heile anna stemningsleie enn Rasmussens og Malmquists. «De urolige» verkar avklart utan å vere distansert.

Uavklart om mannen som slår

Mindre avklart er historia i diktsamlinga til islandske Elisabeth Kristin Jøkulsdottir: «Kærligheden – et nervevrag. Ingen dans ved Fiskeklippen».

Kærligheden – et nervevrag. Ingen dans ved Fiskeklippen

Denne diktsamlinga er mest interessant der «jag» studerer sine eigne drivkrefter og motiv, skriv Marta Norheim.

Når kvinner skriv bøker om at dei har vore saman med ein idiot og/eller konemishandlar i mange år, dukkar det uvilkårleg opp nokon spørsmål i lesaren:

Var han idiot heile tida, men du trong mange år på å oppdage det?
Blei han verre og verre og til slutt måtte du berre gå?
Var han idiot heile tida, men du ville ha han likevel?

Her ligg historia nær den siste versjonen: Mannen viser at han er sterkt kontrollerande frå starten, ryktet som går framfor han seier at han juler opp kvinnene har er saman med, han er ein sånn som «förvandlar kvinnor til barn» – og ho vel å oversjå det fordi ho er forelska.

«Han skal bli

min man

oavsett vad som händer»

Etter kvart dukkar det opp ulike motiv som kompliserer det heile:

«sorgen är som en parasit

och jag vil inte bli av med sorgen

för då skulle jag inte ha nån far

Sorgen er min pappas ersättare»

Så dukka jammen far opp her også. Elles: denne diktsamlinga er mest interessant der «jag» studerer sine eigne drivkrefter og motiv.

Ekteskapshistorie

I romanen «Historie om et ekteskap» utforskar Geir Gulliksen fridommen elskande gir og tar i forholdet.

Geir Gulliksen: "Historie om et ekteskap"

Kva skjer med historia om den unike kjærleiken når ein tredje kjem inn i forholdet og endrar gangen? Gjennom mange romanar har forfattaren utforska kjærleiken og alt det andre som knyter menneske saman og støyter dei ifrå kvarandre igjen.

Denne gongen er det Timmy og Jon. Så trygg på at deira forhold er eineståande nærmast dyttar Jon Timmy inn i armane på ein annan mann. Etter brotet fortel han historia frå hennar vinkel. Eit komplisert, men interessant grep.

Grønlandsk stemmeskifte

I fjor kom ein radikal omsnunad i den grønlandske litterære profilen: Tidlegare dominerte eldre poetar med kloke dikt om grønlandsk natur og kultur, der forfallet i den tradisjonelle kulturen opna for ein viss nostalgi.

Zombieland

Dette er ein imponerande debut og Steenholdt kan bli ein stor forfattar med tida, men Nordisk råds litteraturpris er ingen debutantpris, skriv Marta Norheim om «Zombieland».

Fjorårets nominerte roman, «Homo Sapienne», endra bildet totalt: Her kom eit friskt – og lett sjokkerande – portrett av ein ungdomsgenerasjon som køyrde avanserte eksperiment med sex og sprit, men som også hadde eit ønske om å finne seg sjølv som grønlendarar og/eller verdsborgarar i ei ny tid. Debutanten Niviaq Korneliussen imponerte stort, og stod fram som ein fornyar, kanskje den første i ei rekkje?

I år kjem ein ny debutant, Sørine Steenholdt, som tek opp tråden og borar vidare i rus- og identitetsproblematikk. Her står ei ung kvinne i gravferda til mora, i novella «Mor er blot et ord»:

Jeg bliver kvalt af min grønlandsdragt og af mine tanker. Den altfor tunge perlekrave giver meg sved på panden, og de mange dystre tankene klaustrofobi. Jeg kan ikke bære perlerne lengere.

Zombieland

Novellene i samlinga «Zombieland» opnar ikkje for tvil, ambivalens eller motførestillingar.. Den eldre generasjonen har stukke unna ansvaret både for landet og for eigne barn og søkt gløymsle i alkoholen. Barna er offer, av og til heroiske offer, av og til tragiske. Særleg mødrene får gjennomgå. Fedrane er fjerne eller fråverande. Her har ei mor vekt dotter si midt på natta for at ho skal leite etter sigarettar. Når ho ingen finn, blir mora rasande:

«Hun begyndte i stedet at rode rundt i askebægeret, men fandt kun en udbrændt stump af en cigaret, som hun tændte alligevel. "Den gang du var lille, havde du søde læber, men du skulle altid stoppe dine skide fingre ind i din mund. Nu er din mund stor og ulækker!" Pludselig stak hun sin modbydelige og beskidte hånd i min mund og begynte at spile mine læber ud, mens hun kradsede mig med sine lange, gule nægle.»

Denne historia endar med at mor stumpar sneipen på armen til dottera.

Det er opprørande, som så mykje anna i denne samlinga, men den overtydelege tendensen og det dokumenterande språket gjer at historiene blir flate og monotone. Dette er ein imponerande debut og Steenholdt kan bli ein stor forfattar med tida, men Nordisk råds litteraturpris er ingen debutantpris.

Språkdelt oppvekst

Barndommen er ikkje ein dans på roser i finlandssvenske Sabine Forsbloms: «Maskrosgudens barn» heller.

Maskrosgudens barn

«Maskrosgudens barn» er både oppvekstskildring, tidsbilde og arbeidarlitteratur, skriv Marta Norheim.

Då er det meir nærliggjande å tenkje på løvetannbarn, ettersom det er denne livskraftige planten som på svensk ber namnet maskros. Vi er i eit finlandssvensk arbeidarklassemiljø. Historisk var finlandssvenskane ein liten overklasse, og ungjenta Bettina og familien hamnar mellom to stolar; finnane ser på dei som overklasse same om dei er vaskekoner eller arbeidslause arbeidarar, medan den finlandssvenske overklassen ser på dei som proletarar.

Den arbeidslause faren i familien er eit slags barometer. Omkvedet er: «När farsan var glad var alla glada!» Her er familien på førjulstur til Helsingfors og har gått inn i eit av dei fine varemagasina:

«…det märktes inte alls att vi var kusinerna från landet, för vi pratade inte med varandra så att vi inte avslöjade oss inför de riktiga finlandssvenskarna. Sluutta praatta! viskade Nilla til mej när jag stod och viftade med armarna som en väderkvarn och pekade på allt. De kan ju höra oss! Och då förstod jag att de riktige finlandssvenskarna var något att vara rädd för, precis som finnarna.»

Mykje god litteratur kjem frå nett slike inneklemte grupper, og «Maskrosgudens barn» er ikkje noko unntak. Rundt Betinkan finst eit fargerikt miljø med eit vell av særeigne karakterar og av lystige og drastiske situasjonar. Men historia er på same tid ei krass skildring av dei harde kåra dei lever under. Forsblom meistrar denne doble forteljemåten og boka er både oppvekstskildring, tidsbilde og arbeidarlitteratur.

Islandsk ættekollaps

Maskrosgudens barn er lagd til 60-talet. Islandske Guðbergur Bergsson tek oss med til tida før, under og etter 2. verdskrigen i romanen «Tre mand vændte tilbage».

Tre mand vendte tilbage

Eit høgst lesvedig stykke litteratur som får uttrykket «sagaøya» til å verke særs malplassert, skriv Marta Norheim om «Tre mand vændte tilbage».

Scenen er ein veglaus gard langt frå folk. Dei tre døtrene på garden dreg ut i verda, dvs. til Vestmannaøyar, for å arbeide og kjem gravide tilbake. Avkommet blir sett att hjå foreldra, medan to av døtrene (den tredje tek livet sitt) dreg ut igjen på nye eventyr.

To britiske akademikarar som har forlese seg på islandske ættesagaer kjem innom og ser den isolerte garden som eit autentisk uttrykk for ætta som lever i pakt med naturen gjennom generasjonar.

«Den gamle kone (...)forstod ikke dette med naturen. Hun boede jo bare på dette sted, og så vidt hun vidste, ejede hun jorden sammen med sin mand. Det var ikke hendes sag at bryde sin hjerne med, hvorvidt forfædrene altid havde boet der, det havde de sandsynligvis ikke...»

Bergsson ironiserer og raljerer både med islendingane og med utlendingane som har sine heilt spesielle idear om «det islandske». Og krigen? Jau, den bar med seg fine ting som rak i land i fjøra og det var jo bra.

Fråværet av namn på folk og stader understrekar at det ikkje er individuelle portrett og stolte slektsrøter som er poenget her. Historia er mørk og tangerer ofte det groteske. Eit høgst lesvedig stykke litteratur som får uttrykket «sagaøya» til å verke særs malplassert.

Ålandsk klassereise

Over til Åland og til ein ny bondegard. Her startar historia med at Johanna, ei svært ung jente frå fattige kår, blir «piga» på ein gard der kona nyleg er død. Romanen heiter «Mirakelvattnet» og forfattar er Carina Karlsson.

Mirakelvattnet

«Mirakelvattnet» byr på eit sterkt portrett av ein vanskeleg person, skriv Marta Norheim.

Johanna blir gravid og etter kvart gift med bonden. Klassereisa er til lite glede for Johanna som kjempar mot spøkelse og spesielt mot svigermora som stadig heimsøkjer henne i tankane. Historia bak plaginga er at dottera på garden drukna då Johanna skulle passe på. Og gamlemor skulda henne for å la jenta drukne.

Det er ikkje godt å seie om det er den tragiske drukninga som får Johanna til å bli ein framand i eige liv. Men boka byr på eit sterkt portrett av ein vanskeleg person. Og om ein skal oppsøkje fedrane, ja så finst det her ein idealisert bestefar som står for alt som er godt i livet til Johanna.

Den poetiske, lett distanserte tonen har noko Selma Lagerlöfsk over seg. Det er ikkje eit enkelt toneleie å halde seg i over tid, og det blir slitsamt i lengda.

Revolusjon og omsorg

Vi er no i den historiske bolken, ein fast kategori blant dei nominerte bøkene kvart år, og dei to komande bøkene er historiske romanar i ordets strengaste tyding.

Granitmannen

«Granitmannen» gløymer ein ikkje så lett, skriv Marta Norheim.

Finske Sirpa Kähkönens roman «Granitmannen» opnar slik:

«Vi kom til denna stad på vårvintern 1922, strax efter att min man hade frigivits från fånglägret och vi hade blivit vigda. Vi skidade genom mars månads skogar, snön var tjock och blöt, det nordliga Finlands stora granskogar ville inte släppa igenom oss. Vi trängde oss in i detta land, vi pulsade i drivorna, vi stakade oss fram med suddigt blick, och ryggsäck på ryggen, och på händerna vantar som våra mödrar hade stickat.

Vi gav oss av för min man var hetlevrad och stolt och inte ville tigga arbete hos dem som slog igen dörren framför de röda, vi gav oss av förlitande oss på att det fanns et land där arbetaren fick leva fri.»

Det er Klara (22) som fortel dette. Ho og Ilja stod på den raude sida i den finske borgarkrigen og vil no realisere utopien om eit klasselaust og fritt samfunn i Sovjetunionen.

Når revolusjonen nokre år etter tek til å ete sine barn, oppløyser miljøet deira seg. Vener blir farlege fiendar, eller dei rømmer, drikk seg i hel eller går til grunne saman med idealsamfunnet dei hadde satsa alt på.

Dette er ein sterk studie i den politiske utviklinga i Sovjetunionen frå 1920-talet og framover. Det er også ein studie i korleis folk som i utgangspunktet er ganske like, reagerer svært ulikt i ekstreme situasjonar.

Klara blir fort ferdig med ideologiane og tek seg av gatebarn i staden for å diskutere. Eit val som romanen verkar å ha stor sympati for, utan at historia munnar ut i snusfornuftige konklusjonar som at alle får gjere så godt dei kan i det små.

Dette ein open roman som utforskar kva håp, illusjonar og desillusjon gjer med folk som levde ein stad der den store historia omkalfatra den vesle fleire gonger i løpet av eit par tiår. «Granitmannen» gløymer ein ikkje så lett.

1900-talet i vidvinkel

Den andre historiske romanen som tek inn over seg den store historia, er «Jag ser dig bättre i mörker – innledningen til ett glädjesspel» av den færøyske forfattaren Carl Jóhan Jensen. Ein mastodont av ein roman, ikkje ulikt romanen hans «U. Historier om djevelskap» som var nominert for nokre år sidan (og som fekk terningkast 6 i VG).

I sentrum for den særs mangslungne handlinga står den islandske poeten og eventyraren Benedikt Einasson. Ganske snart får vi vite at han skal bli myrda av ei kvinne på båten mellom Bergen og Færøyane 26. august 1939. Sluttpunktet er altså klart. Men før det har denne gyntske figuren prøvd seg på eventyrlege industrieventyr og forsøkt å ta posisjonen som islands store skald i si tid. Rundt prosjekta hans svirrar eit vell av verkelege og oppdikta personar og over det heile svevar Schopenhauer og andre krevjande premissleverandørar. Berre kvinnenes rolle er vel verdt eit studium.(her har vi både Solveig og Åse, sjølv om dei ikkje liknar særleg på dei ibsenske namnesøstrene sine). Komposisjonen er intrikat og sender oss fram og tilbake mellom ulike tider og stader. Det er suverent gjort.

Og jammen får Island passet påskrive i denne boka også:

Landet hade varit ett arsel fullt med loppbett i århundraden. Folket hängde ihop tack vare smuts och brist på värdighet, skräckslagna över vartenda ord om förändring.

Jag ser dig bättre i mörker – innledningen til ett glädjesspel

Slik tenkte Benedikt Einarson, poet og entreprenør 18. april 1914.

Folketalet på Færøyane er litt under ein prosent av det norske. Det er kanskje denne sjeldne kjensla av å tilhøyre ein stor nasjon som gjer meg fascinert over at ein forfattar skriv sin versjon av den store europeiske 1900-talsromanen på færøysk. For dette er ein stor roman i alle tydingar av ordet.

Tradisjonen og fiendane

I den andre ytterkanten finst diktsamlinga «Utrettelige ord» av Sara Margrethe Oskal frå det samiske språkområdet.

Utrettelige ord

Ei sympatisk, men litt for lite utfordrande samling frå det samiske språkområdet denne gongen, skriv Marta Norheim.

Med knappe dikt som

«du blotter meg bar

på nytt»

er det mykje luft og plass til ettertanke mellom linjene. Det eg les ut av – eller kanskje inn i – desse dikta er ei glede ved samiske tradisjonar, reindrifta og alt handverket som følgjer med denne. Og ei sorg over at dette er i ferd med å bli fortid på grunn av press utanfrå.

«ætters

fortellinger

visner

når lover leses»

Også forholdet til eit «du» ser ut til å vere i ein overgangsfase.

Så korte dikt som dette må ha noko utvidande ved seg for å fungere. Dei to siterte har det, mens andre gir lite meir enn pålydande som her:

«samle vår viten

til alles gagn»

Dette hamnar i kategorien «vel og bra». Ei sympatisk, men litt for lite utfordrande samling frå det samiske språkområdet denne gongen.

Naturen og fiendane

Meir å tygge på er det i den siste diktsamlinga som er forfatta av svenske Katarina Frostenson: «Sånger och formler».

Sånger och formler

Eit kjenneteikn ved Frostensons lyrikk er at ho har stor sans for ramser og regler, gjerne med utgangspunkt i ei staving eller eit ord, skriv Marta Norheim.

Frostenson har vore nominert til Nordisk råds litteraturpris tidlegare, ho har ein stol i Svenska akademin og er ein av dei sentrale poetane i grannelandet.

Eit kjenneteikn ved Frostensons lyrikk er at ho har stor sans for ramser og regler, gjerne med utgangspunkt i ei staving eller eit ord. Dermed blir vi ført inn i eit poetisk landskap der det lydlege og assosiative skal bere teksten.

Eg må vedgå at det er ein type poesi som ikkje møter særleg gjenklang i denne lesaren. Men innimellom finst det linjer som slår ned og blir sitjande fast. Og spesielt tidleg i samlinga finst det dikt med ei tydeleg uro for kva vår levemåte steller i stand av problem for naturen:

«allt man bara lämnar, tänker handen/ mil efter mil/ efter sig/ eller skjuter framför som en våg av bråte/ som flyter iväg, fraktas och samlas far away/ i andras landskap»

Nordisk uro

Same korleis ein snur seg, er det uråd å få heile denne utvalde rekkja av nordiske bøker frå 2014 og 2015 inn på ein formel. Men eit trekk som går att gjennom mange av bøkene er uro:

Uro over ein levemåte som går under, eit søppelberg som er ute av kontroll, eit land eller eit kontinent som ikkje greier å kome nokolunde på kjøl, eit liv som nesten ikkje er til å halde ut, søkjande sjeler som vil noko anna og meir. Også i dei historiske romanane slår uroa gjennom og som vi veit: alle som skriv historiske romanar, skriv også om si eiga tid.

Påfallande ofte er den personlege uroa knytt til fedrar som er døde eller på annan måte fråverande. Det kan sjølvsagt tolkast både bokstavleg og metaforisk.

Tidlegare år har den subjektive, meir eller mindre sjølvbiografiske litteraturen ikkje nådd opp når vinnaren av Nordisk råds litteraturpris skal kårast.

I år er tida inne for å endre på dette: Prisen denne gongen bør gå anten til den intense dialogen med far hjå den danske poeten Björn Rasmussen, til den gripande og såre historia om eitt barn og to særeigne foreldre i romanen til Linn Ullmann eller til historia om å møte død og sorg med eit barn på armen som hjå den svenske forfattaren Tom Malmquist.

Her er de nominerte barnebøkene