Hopp til innhold

Rå, poetisk, skiten

Stridsberg gjer det på sin måte, denne gogen i eit sumpaktig elvefar og i Jaguaren som susar gjennom natta med eit barn som kastar opp i baksetet.

Sara Stridsberg

Sara Stridsberg

Foto: Annika von Hausswolff

Den svenske forfattaren Sara Stridsberg etablerte seg ettertrykkeleg som ein kunstnar det var verdt å halde auge med då ho fekk Nordisk Råds litterturpris for ”Drømmefakultetet” i 2007. Romanen var bygd nokså fritt over livet til den amerikanske feministen Valerie Solanas, som er best kjent for å ha prøvd å ta livet av Andy Warhol. No er Stridsberg ute med ny roman, ”Darling River”.

Kvinner som aldri blir vaksne

Stridsberg er ein rå og kompromisslaus forfattar som skildrar menneskeleg forfall slik at du nesten ikkje trur det og ho gjer det i eit poetisk språk som får sumpen til å gløde, men som likevel ikkje tek bort ubehaget i teksten.

Og det er meir: Stridsberg meistrar også det indirekte, som når ei kvinne får komplimentar for øyreflippane sine og for bogen under fotsålen. Då forstår den vakne lesar at det grunn til å frykte at det ikkje står så bra til med resten av henne. Det midt i mellom. Og ganske riktig:

”Mitt tidligere jeg er for alltid begravd i fett og smuss. Mellom søvn og våkenhet kan jeg fortsatt kjenne min gamle skikkelse bevege seg der inne, er skjør kontur, en bortglemt perle på havets bunn.”

Dolores ligg inne i den oppsvulma kroppen sin i ei barneseng. Ho er diffust sjuk og blir stelt av far. Ho er 37 år og ein av fleire figurar som får sine eigne kapittel i romanen ”Darling River”.

Her skriv Stridsberg fram kvinner som aldri var barn og jentungar som aldri blir vaksne. Og midt i det heile: apa, som når ho får blyant og papir, strekar opp gitteret i buret ho er fanga i. Dei som kjenner sin Nabokov vil kjenne att denne apa, og Dolores, alias Lo, både er og er ikkje same person som Lolita alias Dolores Haze frå Nabokovs roman Lolita.

Ein far og ei dotter

Lo blir frå svært unge år av røska opp av barnesenga og ut i bilen. Far skal på nattlege tokt med vegen og sjølve turen som mål, eit anna mål er å plukke opp prostituerte som han har seg med i forsetet etter å ha putta sovemedisin i vesle Lo. Mor er borte, det kan ha noko med fars glede ved å skyte kjolane hennar i filler å gjere, vi får aldri vite heilt sikkert. Det er i det heile mykje vi ikkje får vite heilt sikkert her, eg er i skrivande stund usikker på kor mange hovudpersonar denne boka har, er det to Doloresar, eller er det berre ei? Sikkert er det at ei svært ung jente med dette namnet tek imot ein lang serie elskarar ved ei elv og det er ikkje vakkert: elva er tjuktflytande og gjørmete, og Dolores er kronisk sølete og skiten. Når ho blir gravid som17 åring er ho ei aldrande kvinne og der dukkar Lolita opp igjen. I store sirklar rundt Dolores køyrer ei anna kvinne, ei mor, kvitkledd, utan å skulle nokon stad og utan å kome nokon stad.

Her er omsorgssvikt og rettssaker og prostituerte som forsvinn på mystisk vis, men dette er verken krim eller romanen om barnemishandling. Stridsberg er ein annan stad, ho er på innsida av det heile.

Ein skiten straum

”Darling River” er ein skiten straum av ord. Kvinnene er fangar av det mannlege begjæret frå barnsbein av, men også av sitt eige begjær og dessutan er dei fangar av tida som utan nåde piskar dei mot forfallet. Det går an å lese både samfunnskritikk og skildring av menneskelege grunnvilkår ut av denne teksten. Men først og fremst er Sara Stridsberg ein forfattar som har skapt seg sin heilt eigen plass der ho diktar mangetydige og urovekkjande bilde. ”Darling River” er ei av desse bøkene som ikkje slepper deg når du er ferdig med siste side.