NRK Meny
Normal

Boktyven

- ”Boktyven” er ei sterk historie frå krigen, men blir rota til av fikse forteljegrep. Forsøket på å løfte boka over eit anstendig ungdomsromannivå øydelegg meir enn det gagnar.

Den australske forfatteren Markus Zusak. Foto: Bronwyn Rennex

Den australske forfattaren Markus Zusak (f. 1975) debuterte som ungdomsbokforfattar 23 år gammal. 'Boktyven' er has fyrste bok på norsk.

Foto: Bronwyn Rennex

Hovudpersonen i historia er Liesel, som ni år gammal hamnar i fosterfamilie. Far er kommunist og borte, bror døydde medan ho såg på, mor forsvinn og Liesel må heilt aleine takle dei nattlege mareritta om tap og død.

Om å overleve...

Nei, ikkje heilt aleine. For fosterfaren, Hans Hubermann, forstår korleis ho har det, og sit hjå henne om nettene. Ja, meir enn det, han lærer henne også å lese. Hubermann er noko så sjeldan som ein mannleg helt. Etterkvart tek han også på seg ansvaret for ein jøde som dei gøymer i kjellaren.

Bøker blir den store lidenskapen til Liesel. Ho blir ”boktyven” som går gjennom eld og vatn og opne vindauge for å få fatt i nye bøker, saman med våpendragaren Rudy, som nok er meir interessert i henne enn i bøkene.

Så langt, så godt. Historia om Liesels krig er ei historie om å overleve, om modige barn i ei vanskeleg verd, og om vaksne som anten er hjelparar eller slike ein skal passe seg for. Det er noko Harry Pottersk over dette livet, der barna må takle ei litt for farleg verd.

Eit dødeleg problem

Problemet oppstår når denne boka vil løfte seg opp over det heilt anstendige ungdomsromannivået. Dette gjer forfattaren ved å introdusere Døden som forteljar. No er det ikkje noko gale ved grepet i og for seg, - Jose Saramago gjorde med stort hell døden til hovudperson i romanen ”Dødens uteblivelse”. Og det er lett å vere samd i at døden spelar ei sentral rolle under 2. verdskrigen.

Problemet er at forfattaren ikkje greier å bli samd med seg sjølv om kva døden er. Tek døden livet av folk, eller er han berre den som hentar sjelene deira? Er han ein funksjonær eller ein aktør? Har han kjensler? Fysisk utstrekning? Total innsikt i alles liv og tankar? Når svaret er ja på alt dette, blir rolla såpass utflytande og forvirrande at grepet glepp. Når døden i tillegg fører eit uvanleg dårleg språk, som dels er svulstig, dels flåsete, ja, så blir grepet meiningslaust.

Og når døden ikkje eingong har nokon stad å gjere av alle desse sjelene, anna enn på det han kallar ”evighetens samlebånd”, så får det heile den litt triste lukta av bestseljarambisjonar. Her gjeld det å ikkje trakke nokon konfesjonar på tåa. Same lukta er det av den litt filmplakataktige undertittelen på romanen: ”Når Døden forteller en historie, bør du lytte”.

Dessverre, historia hadde vore meir å lytte til om døden hadde tagd i denne historia.

(Markus Zusak: Boktyven. Oversatt av Henning Hagerup. Damm 2007)