Anmeldelse

Drap, løgner og filmmanus

Kva skulle French og Moland i Kongo? Var Nikolaj Frobenius rett person til å skrive manus til filmen om dei to? Og treng vi enno ei bok som virvlar opp mytar, rykte og teoriar om dette såkalla eventyret?

2.premie, portrett

Nordmennene Tjostolv Moland og Joshua French dømmes til fem dødsstraffer i Kongo for blant anna drapet på sjåføren Abedi Kasongo. Bildet frå VG fekk andrepris for Årets Bilde i 2011.

Foto: Jørgen Braastad, frilans VG

Eg let dei to første spørsmåla henge i lufta og svarer på det tredje: Nei, vi treng ikkje fleire bøker som grev seg ned i denne saka, men ei bok som startar der og tek oss med vidare, det kjennest bra, og det er den boka Frobenius har skrive. «Kongonotatene» opnar opp fleire rom.

Og mens vi ventar på filmen som skal vere «en tydeleg og spennande forteljing for et bredt publikum» med premiere i oktober, kan det vere vel verdt å utforske desse romma. Ikkje minst det rommet Frobenius har tatt lesarane inn i fleire gonger før: nemleg der realitetar og fiksjonar blir rørt saman til ei heit blanding som også forfattarar kan brenne seg på.

Blandinga er denne gongen såpass intrikat at vi må ta ei samling i botn aller først:

Nokså reine fakta

Den reelt eksisterande forfattaren Nikolaj Frobenius vart hyra for å skrive manus til filmen «Mordene i Kongo». I 2013 drog han dit, for å intervjue French og Moland i fengselet. I skrivande stund står han som manusforfattar i presentasjonen av filmen på Filmweb, men ifølgje han sjølv vil han ikkje stå der, han har forlangt å få namnet sitt fjerna. Noko har skjedd, men kva?

I romanen «Kongonotatene» dreg ein namnlaus forfattar til Kongo i same ærend, men det finst markante forskjellar på Frobenius og forfattaren i romanen, blant anna har forfattaren i romanen skrive heilt andre bøker enn Frobenius.

Det er dermed grunn til å tru at historia i «Kongonotatene» har felles trekk med historia om Frobenius, Kongo-reisa og det ufullførte manuset, men at det finst gliper og forskyvingar.

Eg trur altså på sluttnoten i romanen, der dette står med litt andre ord. Det inneber at ein ikkje kan ta noko som står i denne boka som reine fakta. Det er OK for meg, for forfattaren driv med noko anna. Som å studere gliper.

Roman med sprekker

Glipa mellom boka og det som finst ute i verda går nemleg att heile vegen: Det er sprekker mellom personane og skildringane av dei, historia dett frå kvarandre i ulike versjonar og let seg ikkje pusle saman til eit heile. Ikkje slik at fakta ikkje finst, men svært ofte viser dei seg å vere utilgjengelege. Spor er borte, folk er døde.

Romanen opnar med at forfattaren er tilbake på norsk jord. Han sit heime, er søvnlaus og arbeider på romanen «Kongonotatene» etter at manusarbeidet kollapsa. Her skriv han at filmprodusenten Jasper Gahn, som sende han til Kongo for å skrive ei spennande historie, såg med stigande irritasjon på at forfattaren rota seg bort i spørsmål om kva som faktisk hadde skjedd: Kunne han ikkje berre dikte?

Og der er ein av snublesteinane: Dersom han let dei to skyte sjåføren Kasongo i filmen, ja så stemplar han dei som mordarar.

Dersom han på den andre sida diktar at dei er uskuldige i mordet på sjåføren, så frikjenner han dei for drap og byggjer opp under den heltehistoria som er i ferd med å bli forma. Og kva om dei to bruker han til å få fram sin eigen versjon? Uansett: diktinga får konsekvensar.

Forfatter Nikolaj Frobenius

Den anonyme forfattaren i Nikolaj Frobenius' «Kongonotatene» kjenner att sider ved seg sjølv i møte med French og Moland.

Foto: Javier Auris / NRK

Historie i fri flyt

«Jeg skrev et notat på mobilen: 'Hva var de: Eventyrere / Gulljegere / Yrkessoldater / Rasister / Frihetskjempere / Høyreekstreme / Kyniske / Naive / Forlest på gamle røverhistorier om leiesoldater og blodtørstige kannibaler / Fyrer med en hemmelig agenda?'»

I samtalane i fengselet kritiserer dei to den feminiserte velferdsstaten og det norske forsvaret som heller vil drive fredsmekling enn å sende stolte unge krigarar ut på slagmarka.

Forfattaren registrerer korleis historia får andre valørar når mora til French kjem med bok, og ikkje minst når statsministeren i feministstaten, Erna Solberg, kan fortelje alt folket at French har kome heim og det på sjølvaste nasjonaldagen i fjor. Ironien har fleire lag enn ei 17. mai-kake.

Og det sluttar ikkje der: I løpet av hausten skal French reise rundt i landet for å fortelje om «krisehandtering og motivasjon og om menneskets overlevelse i et av verdas farligste land. Joshua tar deg med på en utruleg spennande reise ...» Dette siste står ikkje i romanen, men på nettet, der ein kan tinge føredragshaldaren til sin egen heimstad. Forminga av historia går sin gang.

Forfattaren vegrar seg for å vere med på denne prosessen, ettersom det er uråd å vite kva som er sanning. Historia kjem i stadig nye versjonar. Spor er borte, folk er døde.

Risikosona der fiksjonar møter realitetar

Her har Frobenius vore før, fleire gonger: Fiksjonar kan bli til realitetar, det vil seie at historier frå den verkelege verda kan slå tilbake på forfattarar som bruker dei i bøkene sine. Dette skjer i romanen «Jeg skal vise dere frykten» (2008), som er ein gotisk thriller der ein skrudd kar kopierer dei groteske morda den amerikanske forfattaren Edgar Allan Poe skildrar i bøkene sine.

I «Mørke grener» (2013) bruker den fiktive forfattaren Jo Uddermann dramatiske hendingar frå eiga ungdomstid i ein roman. Han får etter kvart handfaste og skremmande signal om at det finst nokon der ute som mislikar sterkt at han grev opp gammalt grums.

Den anonyme forfattaren i årets roman, «Kongonotatene», merkar kreftene i materialet på fleire ulike måtar: Ein ting er at det nektar å bli til ei tydeleg historie med plot. I staden må det handle om tvil og grubling over sanning og løgner.

Ei anna sak er at han kjenner att sider ved seg sjølv i møte med French og Moland: Han har i mange år levd med ein svært redigert versjon av ei stygg historie frå ungdommen. Med tida har denne versjonen blitt til den sanne historia både for han sjølv og andre. No dukkar den verkelege og godt fortrengde hendinga til overflata. Her har vi nok ein variant av den dynamiske og potensielt skremmande utvekslinga mellom det verkelege og historiene om det verkelege.

Og så må det jo nemnast at sjølve romanen «Kongonotatene» er ein fiksjon over nokre ugreie realitetar om eit filmmanus. Historia om Frobenius og kongoreisa har interessante parallellar til handlinga i tidlegare romanar, der han nettopp sjonglerer med fakta som slår tilbake på fiktive forfattarar.

Om «Kongonotatene» vil slå tilbake på Frobenius, vil framtida vise. Med fiksjonar veit ein aldri, ifølgje Frobenius sjølv. Men han veit til gjengjeld mykje om temaet.

Det norske sjølvbildet

Eg vil påstå at ingen norske forfattarar – eller kritikarar – har eit betre grep om forholdet mellom fiksjon og fakta enn Frobenius. Han ser risikosonene, han ser nyansane, og han ser dei frå ulike og til dels overraskande vinklar. Så også denne gongen. Det er i dette rommet romanen verkeleg står fram.

Eit anna rom er vigd det norske sjølvbildet, som blir rokka av denne historia. Resonnementet er som følgjer: Vi liker å tenkje på oss sjølve som fredsnasjon og ein samaritan i ei verd full av krig, svolt og naud. Kva Moland og French skulle i Kongo er framleis uklårt, men det verkar temmeleg sikkert at dei ikkje var der for å gje skulebøker til små barn eller symaskiner til tidlegare prostituerte kvinner.

Om dei er lykkejegerar, krigarar eller leigesoldatar, så bryt med den norske sjølvforståinga. Dette er ganske moro å lese om; forfattaren har ei satirisk klo som kjem til syne her, men poenget er enkelt og ganske innlysande.

Sjølv om det ikkje er her det brenn, er det likevel eit viktig moment i romanen. «Kongonotatene» er nemleg ikkje først og fremst ein roman om Kongo. Som Kongo-roman ville han ikkje stått seg for ei post-kolonial lesing: Her er alt fokus på dei norske aktørane, frå Moland og French til Erna og Kripos. Kongolesarane står i skuggane, dei manglar for det meste namn og er først og fremst markeringar og roller i dramaet. Sidan premissane er tydelege, er dette greitt.

Meir sjenerande er det at sambuaren til forfattaren, som spelar ei ganske sentral rolle, er såpass utydeleg teikna. Ho har fått den kjedelege rolla som den som vil ha han heim som den same gamle.

Siste stikk til skjønnlitteraturen

OK, det blir likevel for enkelt å kalle dette for nok ein roman om kvite menn. For alle laga med refleksjonar og illustrasjonar av korleis det går når ein fortel historier, femner mykje vidare enn som så, og er verdt heile romanen.

Nemnast skal også samtalane med Joshua og Moland i fengselet. Kor autentiske dei er, er uråd å vite, vi snakkar om ein roman her. Men forfattaren sitt genuine forsøk på å forstå menneske som står for heilt andre verdiar enn han sjølv, er fint og overtydande skildra. Og her dukkar fenomenet historieforteljing opp frå nok ein vinkel: Forfattaren påstår at arbeidet med å skrive og lese fiksjonar har gjort han i stand til å sjå verda med auga til den andre. Nok eit stikk til skjønnlitteraturen, i ein roman som er litt skranglete, men som inneheld tankar og problemstillingar nok til eit heilt symposium. Dét er det ikkje mange norske romanar som har.