NRK Meny
Normal

Eco er tung på labben

Umberto Eco, forfattaren bak suksessar som «Rosens navn» og «Focaults pendel», har skrive ein roman som får fansen – eller i alle fall denne lesaren – til å henge med nebbet.

Umberto Eco

Umberto Ecos nye roman «Det som tåler dagens lys» høyrer ikkje til blant dei som fortener å bli hugst, skriv NRKs bokmeldar.

Foto: Cendamo Leonardo / GRAZIA NERI

Den italienske språkforskaren og forfattaren Umberto Eco har skrive minneverdige bøker både som forskar og som skjønnlitterær forfattar. Årets roman «Det som tåler dagens lys» høyrer ikkje til blant dei som fortener å bli hugst.

Uklåre grunnar

Her er mange vriar som Eco-lesarar vil kjenne att frå tidlegare bøker, men denne gongen knirkar det i gjengene: forfattaren er tung på labben, intrigane verkar forserte, mediekritikken er sur der han skulle vore salt.

Handlinga er av uklåre grunnar lagt til året 1992. Eigaren av eit stort hotell- og medieimperium ønskjer seg ein plass blant dei store i samfunnet og finn ut at det beste er å true seg til ein slik plass. Derfor vil han i eitt år lage ei avis som han ikkje publiserer, men der det vil stå mykje som ikkje toler dagens lys. Når han viser dette til politikarar, bankfolk og andre i eliten, vil dei betale han godt for å stoppe avisa. Og når dei i tillegg vil vite at han har ting på dei, så vips: er han inne i eliten.

Forserte intrigar

Det som tåler dagens lys av Umberto Eco

Umberto Eco: 'Det som tåler dagens lys'. Omsett til norsk av Birgit Owe Svihus. Roman, Tiden norsk forlag, 2015.

Det er slikt eg meiner med forserte intrigar, og det blir verre: Hovudpersonen i romanen, ein kunnskapsrik kar i alderen 50+ som aldri har drive det til noko her i verda, blir hyra av avisredaktøren til å skrive ei bok om livet i redaksjonen som han, altså redaktøren, skal gje ut i sitt namn når han får sparken i avisa. Han skal ha sin del av honningen. Forvirra? Då skal eg stoppe der.

Men boka stoppar ikkje der: Alle har sine eigne prosjekt frå topp til botn i det skakkøyrte og moralsk oppløyste Italia. Det er slikt eg meiner med tung på labben.

Dei til nyleg arbeidslause journalistane som har fått jobb i redaksjonen kjenner naturlegvis ikkje til desse innfløkte intrigane, dei trur dei førebur ei avis, og grev opp saker etter beste evne og forstand, dessverre skortar det på begge deler. Det er slikt eg meiner med sur mediekritikk.

... mediekritikken er sur der han skulle vore salt.

Marta Norheim, bokmeldar

Triste saker

Og som om ikkje det var nok, køyrer Eco sjølve klisje-klisjeen blant seniorgruppa av mannlege forfattarar. Før han har Gabriel Garcia Marquez, Mario Vargas Lllosa og Paulo Coelho gjort det same, for no berre å hente opp dei som først fell meg inn: Den eldre hovudpersonen blir nemleg omsverma, ja nesten omringa av ei eller fleire – i dette tilfellet ei – ung kvinne som begjærer han sterkt og heftig og som han forbarmar seg over.

Kanskje italienarar får noko ut av intrigespelet og den aller siste vrien på det heile. Sjølv mora eg meg over to av karakterane i redaksjonen, men heile reisverket av systemkritikk og konspirasjonar er triste saker.