NRK Meny
Normal

Original og intens slektsroman

Den finske debutanten Tommi Kinnunen har skrive ei slektshistorie med «Der fire veier møtes» som inneheld alt det slike romanar skal ha.

Tommi Kinnunen

Kinnunen er ingen lovande debutant, han lovar og innfrir i same roman og dersom han greier å halde det nivået han har lagt seg på i «Der fire veier møtes», har vi ein nordisk forfattar å rekne med framover.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

Slektshistorier er gamle som Adam og Eva og det finst klare konvensjonar for korleis slike skal sjå ut: Forfattaren tek ei tidslinje og ein familie, og så koplar han familien på tidslinja ledd for ledd. Slikt har det kome mykje stor litteratur ut av. Ikkje eit vondt ord om kronologien.

Likevel er det forfriskande å lese ein roman som er komponert på ein radikalt annleis måte.

Kinnunens modell

Der fire veier møtes

«Der fire veier møtes»

Kinnunens modell er som følgjer: Han skriv historia til fire personar gjennom eit hundreår, frå 1895 til 1996. Det startar med jordmora Maria frå unge år og framover, går vidare med dottera Lahja og svigersonen Onni, før det heile blir avslutta med svigerdottera deira igjen: Kaarina.

Men det er ikkje slik historia blir fortalt. Onni kjem heilt til slutt. Onni sit nemleg med forklaringa på den store slektsgåta. Det er noko som plagar denne familien, nesten ingen veit kva det er, ikkje inne i familien heller, men det skaper ei uhygge som alle kjenner på.

Romanen gir oss punktnedslag i kvart enkelt liv, markert med årstal. For kvar ny person får vi eit nytt blikk på hendingar og samanhengar. Historia kjem gradvis til syne, bildet får stadig fleire detaljar.

Den nitide lesar vil finne hint i den eine historia som vert stadfesta i den neste. Det går også an, etter endt lesing, å bla mellom årstala og lese romanen kronologisk etter å ha fått den som fire portrett.

Frå mange vinklar

Kinnunen greier å få fram korleis ein person ser ut for omverda, for deretter å vise fram det indre. Spennet er stort og spesielt stort er det hjå den ulykkelege Lahja som etterkvart blir svigermor frå helvete for Kaarina.

Det er nok lettare for oss enn for svigerdottera å forstå Lahja. Der svigerdottera – og resten av familien – med god grunn ser eit menneske som ikkje vil anna enn å øydeleggje, ser vi eit fortvila vesen som har gått heilt i vranglås og vi veit etterkvart grunnen.

-Var det noe mor ville?

Lahja ville ha fortalt at ikke engang Tuomas går tur med henne lenger eller setter seg hos henne, selv om hun ber han om det. At det ville vært så fint å sitte til bords med de andre og le høyt og prate og krydre praten med sånn morsom småerting som familien har lært av Kaarina. Men det som kommer ut når Lahja åpner munnen, blir oppfattet som mas og irettesettelser. Hun (…) finner ikke de riktige ordene, de som kan uttrykke at iblant er det ensomt, kaldt og mørkt.

-Nei. Det var ikke noe spesielt.

Utdrag fra «Der fire veier møtes»

«Der fire veier møtes» er ei slektshistorie som legg vekt på å forstå kvifor folk handlar som dei gjer i samspel med andre menneske og spesielt innanfor familien. Trass i at ingen står kvarandre særleg nær, pregar tidlegare slektsledd dei seinare i sterk grad.

Familie er band ein kan løyse seg frå sosialt, men slektshistoria sit likevel fast i sinnet, ser ut til å vere moralen i denne romanen.

Arven frå fortida

Her har vi altså ein skjult arv og ei historie ingen har fortalt men som likevel set spor. Dermed dukkar det opp spørsmål under lesinga: Korleis blei Maria og Olli og Lahja og Kaarina slik som dei blei, og kvifor vart familien som han vart? Kva hadde dei med seg, kva skapte dei saman, kan vi dele ut skuld her, eller i alle fall ansvar? Eller er det lagnaden som styrer?

Det er slikt moderne historiske romanar er laga av. Dei trør gjerne langs dei same stigane som dei sjølvbiografiske forfattarane i utforskinga av grunnleggjande identitetsspørsmål.

Hårfin balanse

Den store historia spelar altså ikkje hovudrolla i «Der fire veier møtes», sjølv om det historiske dannar ei presis og revelant ramme for livet, og sjølv om den vanskelege krigen er med her som i alle finske romanar av eit visst format. Men romanen står og fell med personteikninga, og det ville vere freistande å seie at der står den støtt, men den gjer ikkje det.

Personane er dregne til ytterpunkt, dei balanserer heilt på grensa og står i fare for å bikke over i det ekstreme. Men det er gjerne her, pressa mot yttergrensene at ei historie er på sitt mest intense og spennande, og til all lykke greier romanen å halde balansen.

Kinnunen er ingen lovande debutant, han lovar og innfrir i same roman og dersom han greier å halde det nivået han har lagt seg på i «Der fire veier møtes», har vi ein nordisk forfattar å rekne med framover.

Romanen er omsett til norsk av Turid Farbregd.