Hopp til innhold
Anmeldelse

Fascinerande forvirrande frå Madame Nielsen

Forfattaren Claus Beck-Nielsen har etter fleire namneskifte no valt å skrive som «Madame Nielsen». Det har litteraturen godt av, men kva er det denne danske multikunstnaren driv med, – eigentleg?

Madame Nielsen

Claus Beck-Nielsen har sidan 2001 brukt eigen identitet, eller snarare fråvær av eigen identitet som ein del av kunstuttrykket sitt. Her som Madame Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

Årets roman har fått tittelen «Den endeløse sommeren. Et rekviem» men her er det uråd å gå rett på sak. At forfattaren kallar seg «Madame Nielsen» er berre den til no siste transformasjonen i ei lang rekkje; gjennom heile 2000-talet har han sett både eigen identitet og europeisk sjølvforståing på spel i halsbrekkande aksjonar.

Dette med madammen er altså slett ikkje berre ein artig liten vri på psevdonymtradisjonen, der det jo er regelen at kvinner diktar under mannsnamn. Nei. vi skal ut i djupare og meir uryddig farvatn.

Ekstreme identitetsutforskingar

Derfor mine damer og herrar, lat meg presentere fenomenet Claus Beck-Nielsen alias Claus Nielsen, alias Das Beckwerk, alias Madame Nielsen:

Den endeløse sommeren

Madame Nielsen: 'Den endeløse sommeren. Et rekviem'. Omsett til norsk av Knut Johansen. Pelikanen forlag 2015

I 2001 kunngjorde han sin eigen død. Året etter skapte han kunstfabrikken «Das Beckwerk», som skulle vidareføre livet og verket til den døde. Gravferda vart sett i scene i 2010, men før det hadde han stått fram i avisene som Claus Nielsen, ein mann utan minne og personnummer. Ei utfordring for danske tabloidaviser og ikkje minst eit problem for den danske velferdsstaten. Historia finst boka «Claus Beck-Nielsen (1963-2001) En biografi».

Ja, og så har du reisa til Irak saman med Thomas Skade- Rasmussen for å «innføre demokratiet» i form av ein koffert med ordet "Demokrati" klistra på med store bokstavar: Ein djupt problematisk affære som endte både i bøker og i rettssalen ettersom Thomas slett ikkje likte måten han blei portrettert på av Claus, men retten slo fast at slikt må ein finne seg i og Claus vann saka.

Etter det har vår mann posert som «Miss World» i Ukraina, sjølv såg eg han for eit par år sidan som svært kvinneleg vokalist i eit band, og no altså «Madame Nielsen» forfattaren som held salong med inviterte gjester og publikum.

Veldige tolkingsrom

Kva er det han driv med og kvifor? Mange har stilt spørsmålet. Tolkingsrommet er stort og skarpsindige svar finst å lese i talrike artiklar og kritikkar på nettet for den som vil dykke djupare ned i dette underlege kunstbeckwerket, eit verk som er personleg men ikkje på den opne, autentiske måten. Når eg innleiingsvis bruker ordet «eigentleg» er det såleis malplassert her, ettersom sjølve ordet inneheld ei tru på at noko inste, ekte finst bak forkledningar.

Nei, då er det er meir relevant å dra fram ein nøkkel levert av Karen Blixen/Isak Dinesen: «Ikke paa Dit Ansigt, men paa din Maske vil jeg kende dig». Både Blixen og før det Søren Kierkegaard visste noko om krafta i å veksle mellom identitetar.

Landsmannen Beck-Nielsen tek det fleire steg vidare både ved å utslette seg sjølv og ved å stille den europeiske identieten i eit grelt lys. Vi snakkar kort sagt om å overskride, utforske og utfordre grensene mellom kunst og liv, mellom kropp og sosial rolle, mellom oss og dei andre, mellom kvinne og mann.

Kunst, eros og død i herregardskulisser

Dermed er det brokute bakteppet rulla ut så langt det let seg gjere i denne omgangen. Inn på scenen kjem så romanen «Den uendelige historien», der ein utanpå den norske utgåva kan nyte eit foto av den svært sofistikerte madammen, dessverre utan dei romantiske løkkene på tittelen som den danske originalen har. Kvifor eit så brutalt brot med stilen, Pelikanen? Vi snakkar trass alt om ein herregårdsroman her!

Scenen: ein herregard i Danmark. Godseigaren er ute av stand til å drive godset. Kona hans er så suveren og vakker der ho rir ut av syne kvar dag på hesten sin at han blir gal ved tanken på kva ho driv med, og brukar opp arven på privatdetektivar.

Den 16 år gamle dottera hennar (som den å, så vakre kvinna fekk då ho sjølv var 16) lever det meste av livet sitt i senga med «den unge gutten, som kanskje er en jente, men ennå ikke vet det», også kalt den «å, så spinkle gutten» eller guten som seinare skal bli ei gammal kvinne.

Ein lett maskert Claus der, heilt i bakgrunnen av historia. I løpet av dei knapt 150 sidene slyngar historia seg frå herregarden og til langt mindre fornemme adresser, medan ei overraskande mengd personar dukkar opp frå ingenting og glir i bakgrunnen att. Felles for mange av dei er at livet ikkje blir slik dei tenkte og den livskloke madammen gjer seg sine tankar om dette.

Å, dette livet, å, denne døden!

Dette er ein herregardroman, med alt som høyrer til: romantikk, begjær, drama, sjalusi, stolte hestar, vakre, uutgrunnelege kvinner, mystiske besøkande, død. Men sjølvsagt er ikkje alt sagt med det. Også denne gongen er tolkingsrommet stort. Kva er dette? Skal vi le eller gråte eller vere ironisk medsamansvorne med den utspekulerte skrivemadammen?

Stilen bevegar seg nemleg saumlaust mellom det herregardske og ein Virginia Woolfsk tankestraum. Under den flyktige historia ligg ein tone av undergang, oppløysing og død. Romanen er både klisjefylt, maniert, sofistikert og gripande på same tid. Beck-Nielsen har ikkje slutta med oppheve grenser, men denne gongen ligg overskridinga i sjølve teksten. Den heldige kan nyte ein «evig sommar» der grensene oppløyser seg før lyset sloknar.

At forfattaren trekkjer seg i bakgrunnen og let historia utfalde seg med andre personar på scenen, er eit heldig grep. Dei Beck-Nielsenske performanceprovokasjonane har vore både tankevekkjande og interessante, det er ikkje det, men denne gongen kjem teksten tydelagre til syne og den avslører at forfattaren er ein stor stilist.

Dette er ein forvirrande og fascinerande roman, ikkje minst fordi avsendaren er ein forvirrande forfattar. Som lesar blir eg forført med opne auger. Men som ein dansk kollega konkluderer:

«Man kan godt grine af maskineriet og græde snot over karakterernes grumme skæbne på samme tid.»

Ja, det kan man sgu!