Rått og vakkert fraktalfamiliedrama

«De urolige» er ein roman med tydeleg biografiske trekk, der høgt profilerte kunstnarforeldre blir sett frå barnets vinkel. Eit klokt og gjennomført val av Linn Ullmann som gjer dette til ei stor leseoppleving.

Linn Ullmann

Linn Ullmann skildrar familien med stor presisjon, skriv NRKs kritikar.

Foto: Agnete Brun
Marta Norheim
Bokmeldar

Linn Ullmann har skrive romanar om familiar før. Om strenge fedrar på sommarøyar, om halvsøstrer, om Isak og om Molly og Laura. Denne gongen er dei sentrale personane namnlause.

Likevel treng ingen vere i tvil; dette er ein biografisk roman, og nesten kokett let forteljaren den svært gamle faren skrive namnet hennar; det er på fire bokstavar og sluttar med to n-ar.

Kva er poenget?

De Urolige av Linn Ullmann

Det er ingen tvil om at dette er ein biografisk roman, meiner NRKs bokmeldar.

Men kvifor har dei ikkje namn? Det finst mange namnlause personar i romanar, noveller og dramatikk. Ein av grunnane til at namnet manglar, er at historia blir meir allmenn på den måten, og at det ikkje skal knyte seg assosiasjonar til namnet. Kva om den namnlause i Hamsuns «Sult» hadde heitt Valentin? Eller Jens-Petter? Eller Brage? Namn formar personen. Men, i dette tilfellet har jo personane allereie både namn og biografi. Kva er då poenget?

Kva skal eit barn med namn?

Det kan vere at namn skjerpar kravet om at alt må vere historisk sant og ikkje berre sant slik forteljaren hugsar det. Det kan også vere for ikkje å eksponere personane for kraftig. Den tredje og definitivt beste grunnen i dette tilfellet heng saman med synsvinkelen: det er barnet som fortel.

For eit barn er foreldra foreldre. For eit barn er livet det lever ikkje rart eller alminneleg eller spennande; det er livet, rett og slett. Først seinare oppdagar barnet kva som er spesielt med deira familie, eller rettare: på kva måte deira familie er spesiell. I nett denne familien er det spesielle at foreldra er kunstnarar og at dei er internasjonalt kjende.

Historia

Med stor presisjon skildrar Ullmann familien, eller rettare: historia om mor og barn på den eine sida og historia om far og barn på den andre. Mor og far skilde lag då barnet var tre år eller så, og barnet levde deretter 11 månader av året med mor og ein sommarmånad med far. Desse liva var svært ulike.

Jeg var hans barn og hennes barn, men ikke deres barn, det var aldri oss tre; når jeg blar gjennom haugen av bilder som ligger på bordet foran meg, finnes det ingen fotografier av oss tre sammen. Hun og han og jeg.

Den konstellasjonen finnes ikke.

Linn Ullmann / De urolige

Tyngdepunkta ligg på barndom/tidleg ungdom og fars alderdom og død. Arbeidet til dei to foreldra er berre tangert der det har konsekvensar for handlinga, og forteljarens eige yrke og familieliv er knapt til stades. Om dottera står det:

Jeg skal være forsiktig med å beskrive henne. Det kan hun gjøre selv.

Linn Ullmann / De urolige

Handlinga er altså strengt tilskoren, og det er nettopp dette som gjer historia så sterk. Det vi får, og som vi får til gagns, er eit intenst inntrykk av eit liv i fleire parallelle løp. Det handlar om å vekse opp som einebarn med ei mor som stadig flyttar mellom ulike adresser og kontinent, der vekslande "barnepiker" har ansvaret for jenta og der reglane endrar seg heile tida.

Og det handlar om å kome til far, ein godt vaksen kar med ni barn. Eit eigenrådig vesen som laga klare reglar for alt, gjerne formulert i oppslag: "VARNING: FÖRBJUDET FÖR BADANDE BARN ATT VISTAS I TORKSKÅPET!" og som dessutan kravde at alle skulle følgje timeplanar. Desse skulle eliminere improvisasjon, emosjonell utpressing og tap av arbeidstid, ettersom arbeidet hans alltid var det viktigaste.

Den menneskelege faktoren

Dette er ingen skandaløs eller utleverande roman. Det er heller ikkje eit oppgjer med foreldre som sette sine eigne behov først. Alle tre har rikeleg med gode, sære og ja, litt latterlege sider. Som alle andre. Hovudpersonen har skilsmissebarnerfaringar som mange andre i sin generasjon, og bruker på gjenkjenneleg vis dei verkemidla barn har i møtet med vaksne som vil noko anna enn barnet. Den aldrande faren misser minnet og til slutt døyr han. Alle fedrar døyr. Den fine balansen mellom det almenne og det heilt spesifikke får denne romanen til å dirre av intensitet. Forfattaren unngår elegant å snuble ned i dei openberre fallgruvene som finst når eit barn skal skrive om sine kjente foreldre.

Særleg gripande er skildringa av farens siste tid, då den sterkt kontrollavhengige kunstnaren misser grepet. Lydopptaka der dottera prøver å få faren til å fortelje om livet sitt er frå ei tid då det strengt tatt er for seint for slikt, og blir eit dokument om aldring meir enn eit portrett av ein kunstnar som ser tilbake.

Den litterære faktoren

«De urolige» er ei raus og klok forteljing om vanskelege, rare, fine, rå og uuthaldelege ting som skjer mellom familiemedlemmer. Vekslingane mellom dei ulike tidene er gjennomført musikalske og musikk, bildekunst, film og ikkje minst litteratur får vere med og kaste lys over denne ganske alminnelege og heilt unike historia om tre menneske.

Siste om bøker fra TV og radio

Kulturhusets programleder Siss Vik intervjuer forfatter Gunnar Staalesen, som kommer ut med sin 19. krimroman om etterforskeren Varg Veum. (Sendt 3. august 2016)