NRK Meny
Anmeldelse

Unik rapport frå dei døde

«Lincoln i Bardo» er romanen der science fiction og splatter møter tibetansk buddhisme og katolsk skjerseld. George Saunders har gitt seg sjølv svimlande fallhøgd, men mirakuløst nok greier han å lande historia og hanke inn Man Booker-prisen i svevet.

George Saunders

George Saunders sin roman er uvanleg rik, men det er synsvinkelen som gjer han til ein genistrek, meiner kritikar Marta Norheim.

Foto: Chloe Aftel

Midt i mølja finst ein historisk kjerne: I 1862, mens den amerikanske borgarkrigen skrur seg til, døyr ein av dei fire sønene til president Abraham Lincoln. Sorga over den 11 år gamle Willie er så sterk at Lincoln går inn i krypten der kista står, løfter opp guten og held rundt han. Så seier kjeldene.

Forfattar Saunders spinn vidare på denne historia og let det vere eit yrande liv i krypten. Her samlast nyss døde som er i transitt: I tibetansk buddhisme er Bardo namnet på eit mellomtilvere der dei døde må vente på nirvana eller neste inkarnasjon. I Saunders Bardo møter vi folk av ulike trusretningar, og det er ikkje læra om etterlivet i ulike religionar som blir utforska her: Lik nesten alle romanar, interesserer denne òg seg for jordelivet.

Heftige etterliv

Men der stoppar også likskapen med nesten alle andre romanar: Denne har ingen forteljar, alt er ein montasje av sitat frå namngjevne kjelder: Avsnitt frå bøker frå borgarkrigstida står side om side med høgst apokryfe meldingar frå krypt-innvånarane. Over hundre personar kjem til orde, noko som utruleg nok ikkje er forvirrande.

Det mest originale med romanen er likevel korleis desse typane i krypten eksisterer og tenkjer. Her har vi homsen som skar over pulsåra då elskaren sveik han, her har vi mannen som døydde like før han skulle deflorere den unge kona si – og som vandrar rundt med ein usannsynleg ereksjon, her har vi pastoren med helvetesangsten måla utover ansiktet.

Dei er fysiske og til dels groteske. Dei kan også fly, oppløysast og gå inn i kvarandre. Den lesaren som krev konsistens og rasjonelle forklaringar vil slite her. Dette er ein synkretistisk fabel.

Genistrek

Underhaldningsfaktoren er høg; her veit ein verkeleg aldri kva som kjem til å skje vidare. Mens handlinga skranglar i veg, får lesaren del i gode observasjonar og spenstige idear.

Romanen er uvanleg rik, men det er synsvinkelen som gjer han til ein genistrek: eksistensane i krypten ser tilbake på eit avslutta liv. Somme ønskjer seg tilbake for å hemne seg på fiendar. Andre saknar folk dei var glade i, eller slikt som er heilt sjølvsagt for levande: lyden av sin eigen pust, kaldt vatn frå ei mugge, «en vennlig deling av en fyrstikk under en gatelykt som er slått skjev i en kollisjon.» Tid på jord viste seg å vere sjølve urgåva, som dei ikkje heilt visste å setje pris på. Dermed blir romanen ein spegel for oss som kan nyte denne gåva – enn så lenge.

Passar for deg som:

  • Har sans for det grensesprengande

Fleire meldingar frå NRK:

Den danske borgerkrig 2018-24

«Borgarkrig – i Danmark. Kva skal til for at dette går frå luftig fantasi til blodig realitet? Kaspar Colling Nielsen tek saka i denne kunnskapsrike, tankevekkjande og burleske romanen. Dessverre slepper han spørsmålet for tidleg.» Les meldinga

Jenny Erpenbeck, Alle dagers ende
Foto: Exil Design/Forlaget Oktober

«Jenny Erpenbeck lar gamle familiehemmeligheter gjenoppstå på nytt og på nytt i sin uhyre velkomponerte roman.» Les meldinga

De polyglotte elskerne
Foto: EXIL DESIGN / Forlaget Oktober

«Utfolder seg som en vill hårlokk på et uregjerlig hode, der kroppen tramper takten og munnen synger med.» Les meldinga