NRK Meny
Normal

Dødelege cocktails og forvirra høner

«Cocktaileffekten» er ei munter og burlesk skillingsvise om kjærleik og død, som også rommar interessante observasjonar av kva ulike kvinner er villige til å gjere for å halde på det dei trur er mannen i sitt liv. Alt utspelar seg i ein sommar utan ende.

Marianne Fastvold

– Fastvold har ei eiga evne til å kombinere det djupt alvorlege og eksistensielle med det lattervekkjande, skriv NRKs litteraturmeldar Marta Norheim.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Juristen og forfattaren Marianne Fastvold har skrive roman om ein kvinneleg jurist og forfattar. Men med små spark til den sjølvbiografiske romanen dyttar forfattaren lesaren effektivt bort frå jakta på den verkelege forfattaren i teksten.

Fastvold har fleire bøker bak seg der ho utforskar ulike kvinners livsstrategiar i skjeringspunktet mellom ulike roller. Eg nemner i fleng: trufast kone, erotisk utfordrande elskarinne, mor, dotter, yrkeskvinne, mater familias og skapar av såpass ulike materier som syltetøy, kunst, rause middagar, samhald i familien. Det kunne blitt riktig trist det heile. Hjå Fastvold blir det i staden riktig underhaldande.

Fortida endrar seg i notida

Det er Ingrid denne gongen. Ingrid har passert 60 og er bestemor med ein aldrande kropp og potensielle svigersøner på besøk i sommarparadiset. Tre døtrer frå eit tidlegare ekteskap er i ferd med å gjere dei same feila ho sjølv gjorde ein kvinnealder tidlegare, då ho kom i skade for å gifte seg med far deira. No lever ho godt med ein annan mann, ei fri kunstnarsjel som blir borte når det blir for mykje kok og let henne ta ansvaret for høner, humler og ei brokete forsamling av feriegjester.

Midt oppi det heile skal ho skrive bok om si eiga fortid. Det viser seg at denne fortida har element som rokkar ved sjølve hovudhistoria. Elementet dukkar fysisk opp i ferieparadiset og skaper kaos.

Kunst og kaos

Kaos er på den andre sida berre fornamnet på dei to halvsøstrene i nabohuset, som skjeller og smeller om mannen dei begge var -og er- fullstendig hekta på, men som blei borte for 30 år sidan. Mannen i begges liv var ein forfattar som elska med den eine og fekk hjelp med bøkene hjå den andre.

Mange trådar viklar seg i kvarandre her, og forbløffande nok går det an å halde styr på det heile og la seg underhalde av det. Vel å merke dersom ein ikkje stiller sterke krav til at ei historie skal vere sannsynleg, rettlina og truverdig. Forfattaren er raus med tilfeldige samantreff og melodramatiske hendingar, som gjerne vert akkompagnert av truande skyer i horisonten eller kvelande varme så ingen skal vere i tvil.

Mange trådar viklar seg i kvarandre her, og forbløffande nok går det an å halde styr på det heile og la seg underhalde av det. Vel å merke dersom ein ikkje stiller sterke krav til at ei historie skal vere sannsynleg, rettlina og truverdig.

Marta Norheim

Humlesurr som metode

Cocktaileffekten

– Juristen og forfattaren Marianne Fastvold har skrive roman om ein kvinneleg jurist og forfattar. Men med små spark til den sjølvbiografiske romanen dyttar forfattaren lesaren effektivt bort frå jakta på den verkelege forfattaren i teksten, skriv Marta Norheim.

Forfattaren er også raus med repetisjonar av hendingar og ressonnement, ho sirklar som hønene eller som humlene: tek ein sving hit og dit og nærmar seg materien frå ulike vinklar. Det er ikkje effektivt, men det er velskrive og med stor sans for å skildre det sanselege i møte med sommardufter, sommarsmakar, sommarver, sommardrikke, sommarkranglar og sommarbadeturar.

Inn i dette frodige sommarkaoset flettar Fastvold Ingrids tankar om livet sitt og alle rollene. Den oppofrande vertinna skaper problem for forfattaren, kjærasten får problem når alle barna invaderer reviret hans, kva er det viktigast å halde fast ved når det blir for mykje av alt?

Lattervekkjande om alvorlege spørsmål

Lenger nede i tankebanane lurer spørsmålet om kor mykje ein har lov til å kreve av andre for sjølv å vere eit skapande menneske. Den Store Mannlege Forfattaren greidde å skape kunst fordi han fekk to kvinner til å stå til disposisjon, kvar på sitt vis. Ein potensiell svigerson prøver på det same, med mindre hell. Ingrids prosjekt er å kombinere forfattargjerninga med familieliv og ansvar. Det har sin pris, men ulikt mange personar i samtidslitteraturen har ho energi, galgenhumor og ein sterk vilje til å få livet til å fungere for seg sjølv og andre. Om ho skaper stor kunst oppi det heile, får vi ikkje vite.

Ein ekstrabonus i romanen er dei presise og til tider nådelause personkarakteristikkane som veks fram av pressa feriesituasjonar. Dei kan nok få mang ein ferierande til å humre gjenkjennande. Fastvold har ei eiga evne til å kombinere det djupt alvorlege og eksistensielle med det lattervekkjande.