Hopp til innhold

Bokåret 2018 var prega av kriser

Samtidslitteraturen hadde sterke ting å melde i 2018.

Framtida er digital og dyster, fortida er dramatisk, fargerik og dødeleg. Fødsel og død er sentrale hendingar: Barsel er inne som eit tydeleg tema, og unge forfattarar held fram med å skildre riktig gamle menneske.

Her er fire trendar i bokåret 2018:

1. Historiske romanar

Søsterklokkene

«Søsterklokkene» av Lars Mytting.

Foto: Gyldendal forlag

Vi lever i ein gullalder for historiske romanar. Variasjonen er stor, men tendensen er klar: Grundig research i botnen er ikkje til hinder for fargerike skildringar med raus bruk av rekvisittar frå det historiske skattkammeret. Tvert i mot, verkar det som.

«Søsterklokkene» av Lars Mytting:

Mytting er god til å flette ulike tider og historier saman til ein roman. Denne gongen er det ei segn om klokkene i kyrkjetårnet som blir vekt til live att på 1800-talet, når ein handlekraftig prest vil rive den iskalde, vesle stavkyrkja i bygda og reise eit nytt og flott gudshus. Her er kjærleik til hus og tradisjonar. Ei ung og smart kvinne spelar ei sentral rolle.

Når landet mørknar

«Når landet mørknar» av Tore Kvæven.

Foto: Samlaget


«Når landet mørknar» av Tore Kvæven:

Drama frå Grønland 1298. Her følgjer vi folk frå den norrøne busetjinga som seinare døydde ut. Her er kjærleik, vald og død, her er konfliktar med «skrælingane» som vi i vår tid kallar inuitar. Og her er ikkje minst levande naturskildringar. Når las du sist om ei kvalrossjakt -sett frå kvalrossens perspektiv?

Jomsviking Vinland

«Jomsviking Vinland» av Bjørn Andreas Bull-Hansen.

Foto: Gyldendal forlag

«Jomsviking Vinland» av Bjørn Andreas Bull-Hansen:

Olav Tryggvason sigra som kjent (?) i slaget ved Svolder i år 1000. Bull-Hansen følgjer nokon av dei som tapte i dette slaget, til Vinland. Torstein er høvding for ei gruppe jomsvikingar, ei gruppe ein veit svært lite om og som det går an å dikte gode historier om.

Kong Nors land

«Kong Nors land» av Ørjan Zazzera Johansen.

Foto: Jæren forlag


«Kong Nors land» av Ørjan Zazzera Johansen:

Her møter vi fleire taparar, denne gongen etter slaget ved Hafrsfjord i 872, der Harald Hårfagre vann over fleire vestlandshøvdingar og samla Noreg til eitt rike, som det heiter i historiebøkene. Sentralt i romanen står den mytiske kongen Nor, som skal ha vore mektig om lag på den tida.

Rød mann / Sort mann

«Rød mann/sort mann» av Kim Leine.

Foto: Cappelen Damm


«Rød mann/sort mann» av Kim Leine:

Eit hopp fram til 1700-talet og tilbake til Grønland, som blir kolonisert av danskane rett framfor augene våre og det er eit utruleg, absurd, vittig og opprørande syn. Den svarte mannen, presten Hans Egede står steilt mot den inuitiske sjamanen Aappaluttoq. Og det er berre ei av ei rekkje konfliktliner som er streka opp på det store lerretet som er Leines spesialitet.

2. Framtida

Den lyse framtida høyrer fortida til. Dagens framtid er mørk, og ho rykkjer stadig nærmare. Einaste trøyst er at det blir god litteratur av slikt.

Nullingen av Paul Abel

«Nullingen av Paul Abel» av Bjørn Vatne.

Foto: Gyldendal forlag


«Nullingen av Paul Abel» av Bjørn Vatne:

Når eit klimaparti i nær framtid gjer statskupp, blir livet temmeleg forvirrande. Klimapartiet tek konsekvensen av at vi ikkje greier å løyse problema innanfor demokratiet, og tek styring med hard klype og total overvaking av både handlingar og tankar, godt hjelpt av moderne teknologi. Den som nektar å spele med, blir nulla. Paul Abel slit. Men klimaet får det betre…

Informasjonen

«Informasjonen» av Bår Stenvik.

Foto: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg / EXIL Design / Tiden forlag

«Informasjonen» av Bår Stenvik:

Kroppspråkspesialisten Sven Borg blir prøvekanin for det ambisiøse dataprogrammet SAM, som etter kvart blir meir lik Sven Borg enn han er sjølv. Men kven er han då, og kven er kven? Nok ein roman om menneske og maskin, altså, likevel kjennest den forfriskande original og på same tid skremmande.

Cathrine Knudsens Den siste hjelperen

«Den siste hjelperen» av Cathrine Knudsen.


«Den siste hjelperen» av Cathrine Knudsen:

Knudsen viser korleis saker som i og for seg kan vere gode idear blir starten på ei temmeleg skremmande utvikling. Det er utruleg kor mykje bra ein kan få til med genmanipulasjon, Og eldreomsorga kan endrast med små grep. Eit steg her og eit steg der og så har vi hamna inn i noko som er vanskeleg å styre.

Zoo Europa

«Zoo Europa» av Gert Nygårdshaug.

Foto: Cappelen Damm


«Zoo Europa» av Gert Nygårdshaug:

Forskarar har funne ei effektiv løysing på klimaproblemet: Om ein tek livet av 80 prosent av dei som bur på jorda, vil resten kunne leve berekraftig og i pakt med alt som lever og gror. I eit samfunn som har slutta å fungere, syslar nokon med slike planar på fullt alvor. Når humanismen går i gløymeboka, kan alt skje.

De opplyste

«De opplyste» av Øystein Stene.

Foto: Gyldendal forlag

«De opplyste» av Øystein Stene:

Her står religiøse og vitskapleg funderte livstolkingar opp mot kvarandre. Solstormar, eller Guds kraft, alt etter kven du spør, har halvert talet på menneske på kloden. Dei religiøse bur etter dette i Riket. I unionen er det dei sekulære som rår. Det mest interessante er korleis dei to gruppene skaper vrengebilde av kvarandre.

3. Barsel

Det kom mykje barsellitteratur siste halvår 2018. På tide, meinte Klassekampen i sommar, og minte om at det å bli fødd er minst like mirakuløst som det å døy. Og romanar om død finst i uendelege mengder. Dagbladet på si side rapporterte at En tsunami av brystmelk treffer bokmarkedet denne høsten. Her er eit utval av barsellitteraturen, døm sjølv:

Dyret

«Dyret» av Heidi Furre.

Foto: Aslak Gurholt / Flamme forlag

«Dyret» av Heidi Furre:

Hovudpersonen blir gravid og kroppen tek over. Alle som har vore gravide kjenner det att, utan at ein nødvendigvis har formulert det slik. Den gravide kroppen står altså sentralt i denne boka, som byr på originale formuleringar og den rare humoren som lesarar vil kjenne frå Furres tidlegare bøker.

Barnet

«Barnet» av Kjersti Annesdatter Skomsvold.

Foto: Oktober forlag

«Barnet» av Kjersti Annesdatter Skomsvold:

Å få barn dyttar kvinnelege kunstnarar ut av kunstnarbanen og inn i ei lita verd av mjølkeproduksjon og bleieskift. Det er den vanlege historia, men i «Barnet» les vi om eit barn som får mor til å taste ivrig på PCen, med småen i sele på magen. Dette bildet sit att nokre månader etter lesing, men boka handlar om mykje anna også.

Rase

​​​​​​​«Rase» av Monica Isakstuen.

Foto: Pelikanen forlag

«Rase» av Monica Isakstuen:

Litteraturen er full av dårlege mødrer, men dei kjem sjeldan til syne i 1.-personsromanar. Isakstuen gjev ordet til ei mor som i stigande grad føler at ho ikkje er i stand til å tøyle eige raseri når småbarna tøyer tolmodet hennar ut over tolegrensene.

Dette er også vann

​​​​​​​«Dette er også vatn» av Inger Bråtveit.

Foto: Inger Bråtveit

«Dette er også vatn» av Inger Bråtveit:

Nok ein førstepersonsroman der ei mor kjem til orde. Denne mora knyter saman kroppserfaringar og leseerfaringar, ho ser korleis eit individ skal gå inn i ei rekkje roller og samanhengar. Vatnet får også ha mange roller. Ein mangetydig roman som innimellom glir over i det essayistiske.

Jordmor på jorda

«Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren» av Edvard Hoem.

Foto: Exil Design

«Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren» av Edvard Hoem:

Neppe definert som ein del av tsunamien, men Hoems bok av året fell også inn i kategorien barsel. Her følgjer vi livet jordmora Marta Kristine Nesje frå Romsdalen på tidleg 1800-tal. Dette er både del av ei slektskrønike og eit tidleg kapittel i historia om jordmorvesenet i Noreg. Og om barsel, naturleg nok.

4. Aldring og død

Unge menneske skriv om gamle menneske. Dette har vore ein litt forbløffande tendens i fleire år, og mykje bra har kome ut av dette aldersspranget. Kanskje både unge og gamle kjenner seg overkøyrt av den dominerande mellomgenerasjonen? Eller kanskje dagens forfattarspirar tener til livsopphald som pleiemedhjelparar på landets sjukeheimar, og finn inspirasjon der? Kven veit.

Heim

«Heim» av Johan Mjønes.

Foto: Aschehoug forlag

«Heim» av Johan Mjønes:

Johan Mjønes skriv om ein mann som nærmar seg døden. Livsminne flettar seg saman med notida, der han ligg i ei seng utan å kunne røre på seg og utan å kunne fortelje at han ligg vondt, eller treng å drikke. Det er ei skremmande, men truleg ganske realistisk historie.

Svartstilla

«Svartstilla» av Susanne Skogstad.

Foto: Gloria forlag

«Svartstilla» av Susanne Skogstad:

Når ektemaken gjennom eit langt liv døyr, vil enka bu i huset og ha alt rundt seg som minner om livet dei levde i lag. Barna synst ho dveler ved sorga. Dei vil rydde, kaste og flytte henne på gamleheimen. Som i «Heim» er vi også her på innsida av hovudpersonen. "Svartstilla" er ein roman med lyriske kvalitetar.

Akkurat passe

«Akkurat passe» av Jostein Gaarder.

Foto: Aschehoug

«Akkurat passe» av Jostein Gaarder:

Ein kar midt i livet har fått dødsdom frå legen: Dei komande åra kjem sjukdommen til å ta over kroppen hans og han vil bli hjelpelaus. Skal han skåne seg sjølv og familien for dette, og gjere kort prosess medan han framleis kan? Gjennom ei lang natt skriv han ned argument for og mot sjølvmord i hytteboka og sper på med minne frå eit halvlangt men snart heilt liv.

Hvilke bøker snakket "alle" om i 2018? Hvilke forfattere splittet kritikerne? Hva var de største debattene og de tydeligste trendene? Åpen bok oppsummerer bokåret for deg sammen med litteraturanmeldere, forfattere og publikum. Vi får besøk av forfatterne Bår Stenvik, Tore Skeie, Bjørn Andreas Bull-Hansen, Kjersti Annesdatter Skomsvold og Johan Mjønes, som i år har vært aktuelle med romaner i spennet mellom alt fra sanselig fødsel og død, til vikingfortellinger og skremmende fremtidsvisjoner.

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)