Hopp til innhold

NRKbok utfordrar til skrivetevling på Twitter

Kan du skriva månadens beste kort-novelle? I samband med NRKbok sin nynorskmånad på Twitter, utfordrar me lesarane våre til skrivetevling.

Helge Torvund

Poeten Helge Torvund har vore ein aktiv bidragsytar i Twitter-tevlingen #nynov. Han har allereie nådd å skrive ei kort-novelle til månadens temaord.

Foto: Ana Leticia Sigvartsen / NRK

September er årets nynorskmånad på Twitter for NRKbok, og me samarbeider derfor med den frittståande Twitter-redaksjonen for #nynov, som engasjerer folk til å skrive kort-noveller kvar månad.

Månadens temaord er «ingen»

Temaordet for september er «ingen». Dermed er utfordringa gitt: skriv ei kort-novelle med emneknaggen #nynov og trykk på den lyseblå tweet-knappen.

Den einaste rettesnora du har, ut over dei rammene formatet gir, er temaordet.

Og er du som underteikna, ein som alltid grua seg til å skriva nynorskstil på skulen, er det berre til å finne fram ordboka og prøva så godt du kan.

Lukke til!

Laster Twitter-innhold

Starta i 2013

Per Roger Sandvik

#Nynov fekk nytt liv i februar i år, etter at fleire etterlyste det, fortel initiativtakar Per Roger Sandvik.

Foto: Privat

#Nynov blei tatt i bruk i 2013 då Deichmanske inviterte til skrivetevling på Twitter. Prosjektet vart støtta av stiftinga Fritt ord, og hadde Språkåret 2013 som ein viktig støttespelar. I tillegg var Samlaget rause og delte ut bokpremiar til alle delvinnarane.

Mannen bak ideen, Per Roger Sandvik, fortel at konseptet fekk ei enorm merksemd.

– Gjennom seks rundar kom det inn over 3 000 bidrag frå 500 unike Twitter-kontoar, seier han.

– Sakna ein publiseringsarena

Då tevlinga tok slutt, var det fleire som etterlyste eit framhald, seier Sandvik:

– Det kom fleire og fleire signal på at Twitter-folket sakna ein stad å publisere korttekstane sine. Difor fekk emneknaggen #nynov nytt liv i februar i år, men utan tevlingsaspektet.

Kvar månad sidan då, har Twitter-brukarar halde fram med å publisere alle slags kort-noveller på nynorsk. Den frittståande nynov-redaksjonen, beståande av Synneva Erland, Rita Mundal, Arinfinn Ski og Per Roger Sandvik, har halde det heile i gong.

Denne månaden er altså NRKbok med på leiken, og i den anledning vart det likevel høve for dei som likar smaken av tevling. I byrjinga av oktober vil ein kompetent jury kåra dei ti beste bidraga som vart skrivne i september.

Laster Twitter-innhold

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)