– Måtte ned i kjellaren og grave møkk

– Eg slutta å sove om natta, blei paranoid og måtte bu vekke frå familien ei stund for å gjere ferdig boka, fortel Nikolaj Frobenius om tida då han skreiv den siste romanen sin. Han har aldri før vore så ubehageleg nær sin eigen hovudperson.

Nikolaj Frobenius

''Mørke grener' er ein roman om kva som kan skje når det sjølvbiografiske romanprosjektet begynner å leve sitt eige liv og forgreinar seg på nifst vis, seier Nikolaj Frobenius.

Foto: Ingunn Rauk / NRK

– Dette er ei historie om dei verst tenkjelege konsekvensane av det å skrive i den sjølvbiografiske romansjangeren, seier Frobenius.

Under arbeidet med den nye romanen Mørke grener, kom forfattaren tettare på hovudpersonen sin enn han har gjort i dei andre bøkene sine. Romanen opnar med at forfattar Jo Uddermann nettopp har fått den nye boka si tilsend frå forlaget. Han får gode kritikkar og mykje omtale av forteljinga om sin eigen oppvekst, som konsentrerer seg om éin spesiell klassekamerat, Georg, som enda med å setje fyr på skulen han og Jo gjekk på.

Jo har trudd at Georg var død, men det skal vise seg å vere annleis. Georg kjem tilbake, med alt anna enn gode intensjonar. Snart blir Jo henta inn av si eiga bok, og han begynner å tvile på sine eigne sansar og vurderingar både i notid og fortid.

Høyr meir om Georgs tilbakekomst nedst i saka.

Måtte flytte frå familien for å skrive boka

Mørke grener av Nikolaj Frobenius

I 'Mørke grener' utforskar Nikolaj Frobenius det verst tenkjelege utfallet av å skrive sjølvbiografisk litteratur.

Foto: GYLDENDAL NORSK FORLAG

– Då eg begynte på romanen var det moro å skrive, og eg koste meg med plottet. Men etter kvart som eg levde meg meir og meir inn i hovudpersonen sin paranoia, tvil og narsissisme, blei eg søvnlaus, irritabel og vanskeleg å vere i hus med, seier forfattaren.

– Til slutt måtte eg, som skulle vere ein ansvarleg og hyggjeleg pappa og ektemann, berre kome meg bort frå alt som handla om fotballtrening, rideskule og andre familieplikter, for å få gjort ferdig boka... på sinnssjukehus, spøkjer han og ler høgt, før han avslører at det var svigermors tomme hus som gav han rom til å skrive ut boka.

– Der ute kunne eg vere så galen som eg måtte vere for å få ut dette, seier forfattaren og tek ein slurk av ein dobbel cappuccino ved det høge kafébordet.

– Var ei byrotte med angst for villaidyllen

NRK.no møter den prisvinnande forfattaren på bakeri, ein kort sykkeltur frå hans eigen bustad på Grefsen, nord i Oslo. Det er også her Jo i Mørke grener bur, saman med kjærasten Agnete og den seks år gamle dottera Emma. Frobenius fortel at ideen til romanen oppstod med det han kallar «villa-angsten».

– Eg flytta til eit idyllisk bustadstrok med trygge oppvekstvilkår for borna mine, men som gammal byrotte og ein som liker den urbane angsten begynte eg snart å leite etter sprekkar i fasaden, gøymde avgrunnar som liksom berre måtte vere der. Eg blei nevrotisk av å bu ein stad der det var så trygt, det skjedde jo ingen ting, seier forfattaren og smiler av seg sjølv.

Frobenius fortel om eit snikande ubehag ved det han meiner er hovudtendensen i hans eigen forfattarskap, nemleg forholdet mellom sjølvbiografi og fiksjon. Angsten for det idylliske villastroket og det nervepirrande ved å bli innhenta av sin eigen roman, blei ein eksplosiv kombinasjon i Mørke grener, meiner han.

Miste kontrollen over si eiga historie

– Sidan eg skreiv Teori og praksis har eg kjent på det risikable ved å basere seg på eiga historie, seier forfattaren om romanen frå 2004, som blei filmatisert under namnet Sønner av Norge i 2011. I boka skreiv han om sin eigen oppvekst på Rykkinn, familiemedlemer og folk han hadde kjent på heimstaden.

– Éin fyr eg vaks opp i nærleiken av blei rasande av det eg hadde skrive, både på vegner av Rykkinn og seg sjølv. Han tok det veldig personleg, og det syntest eg var interessant, seier Frobenius ettertenksamt.

Forfattaren og den tidlegare filmkonsulenten opplevde også, som Jo Uddermann, å miste kontrollen over sin eigen roman og si eiga historie då filmen kom.

– Folk trudde dette var sanninga, og tenkte «aha, var det slik det var». Men boka i seg sjølv var jo ikkje fullstendig sjølvbiografisk, og filmen låg endå lenger vekk ifrå det eg oppfatta som sant, og det måtte eg stadig forklare, seier Frobenius, som ikkje sjølv har blitt skriven om i romanform, så langt han veit.

– Men dette med å bli snakka om av andre på måtar ein ikkje kjenner seg att i, trur eg er ei grunnleggande erfaring som dei fleste har gjort seg, seier han.

– Ubehageleg å skrive om min eigen far

Frobenius fortel at det ubehagelege ved sjølvbiografien som litterær sjanger pressa seg på då han skreiv om sin eigen far, som var i ferd med å få demens, i romanen Så høyt var du elsket.

– Han kunne ikkje lese og oppfatte det eg hadde skrive om han, og sjølv om eg ikkje trur han ville ha opponert mot noko av det, kjende eg på den makta eg hadde som forfattar, som ein som skriv om nokon og slik fiksjonaliserer verkelege menneske, seier Frobenius.

Han meiner makta ein forfattar tek ved å gjere seg til ein forvaltar av sanninga i sjølvbiografiske romanar, fort kan gli ut av hendene på han eller henne. Maktbalansen er skjør, trur han.

– Det er lett å tenkje at ein sit med dei rette orda og den nakne sanninga når ein skriv sjølvbiografisk. Men som denne romanen viser, er det då lett å gi ifrå seg kontrollen over historia som ein ikkje er aleine om å vere del av, seier forfattaren.

Var han kommet på innsiden av hodet mitt? Manipulerte han tankene mine? Jeg trodde ikke på slikt telepatisk tull. Det kunne være noe annet. Det kunne være det alle forfattere kjenner til: Du begynner å tenke som romanpersonen. Du innbiller deg at du er ham. Du spiser som ham og begynner å gå og løpe og drømme som ham. Du er en skuespiller. Du forestiller deg en personlighet. Reaksjonsmønstre, gleder, fobier. Du forestiller deg hvordan denne personen tenker og føler. Du gir slipp. Du er romanpersonen. I noen øyeblikk.

Jo Uddermann / "Mørke grener" av Nikolaj Frobenius

– Tungt å rote i den personlege gørra

Undervegs i skrivinga levde han seg inn i Jos forvirring og forfølgingsvanvit, i den grad at han sjølv heldt på å tape alle illusjonar om litteraturen si formidlingsevne.

– Eg ville så nært som mogleg studere ein person som mister trua på språket og det han oppfattar som litterær autentisitet. Då var det ikkje anna å gjere enn å gå ned i kjellaren og grave møkk, forklarer forfattaren metaforisk om skrivinga.

– Det var veldig ubehageleg, for der var så mykje gørr, fortel han om tilstanden han gjekk inn i medan han og romanfiguren utvikla seg med kvarandre gjennom skriveprosessen.

Trur folk er lei den sjølvbiografiske romanen

Trass i at Frobenius denne gongen på fleire måtar har investert meir av seg sjølv i hovudpersonen enn tidlegare, trur han mange lesarar er nokså mette på sjølvbiografiske romanar. Ikkje minst meiner han at den lange diskusjonen om sjølvbiografisk litteratur og etikk snart må munne ut i noko konkret.

– Eg trur folk begynner å bli lei. Og eg trur at det mest nyttige som kan kome ut av denne diskusjonen me har hatt i kjølvatnet av den «sjølvbiografiske bølgja» er eit sett med etiske retningslinjer for kva forfattarar bør og ikkje bør gjere når dei skriv, seier Frobenius, som understrekar at han ikkje ønskjer seg noko litteraturpoliti.

Nikolaj Frobenius

Paradoksalt nok trur Nikolaj Frobenius at mange er lei den sjangeren han sjølv har ofra både nattesøvn og tid med familien for å skrive i.

Foto: Ingunn Rauk / NRK

Vil ha etikkplakat for forfattarane

Han ser heller føre seg ei liste med tips og råd frå til dømes Forfattarforeininga.

– Eg trur det kan vere lurt, som ei påminning til forfattarar som av og til overvurderer si eiga makt og posisjon som kunstnarar som er heva over etikken. Det er feil å ta utgangspunkt i at ein som skrivande har rett til å gjere kva som helst, seier Frobenius og rynkar augebryna.

Han har nyleg teke til orde for varsemd i omgangen med eiga og andres historie som litterært stoff, i kronikken «En snikende, subtil løgn» på NRK Ytring. Her kritiserer han Marit Christensen sitt bokprosjekt om Wenche Behring Breivik, mor til terroristen med same etternamn.

– Me må ikkje opphøgje oss sjølve som forfattarar, og tru at så lenge ein pakkar det inn i ein roman er det etisk forsvarleg, seier Frobenius.

– Eg åtvarar ikkje med dette mot å skrive sjølvbiografisk. Men det blir veldig problematisk dersom ein bruker andre si historie til eiga kommersiell vinning, meiner han.