Hopp til innhold

Best når det er trist

Balanse er eit avgjerande spørsmål for to svært ulike grupper av folk: akrobatar, og dei som ikkje kan gå. Den namnlause helten i Thorvald Steens roman «Balanse» tilhøyrer den sistnemnte kategorien.

Forfattaren Thorvald Steen

Forfatter Thorvald Steen er i høst aktuell med romanen «Balanse».

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Balanse er siste bind i ein trilogi som starta med Det lengste svevet, der ein fjortenåring med skihopping som lidenskap får vite at han lir av ein muskelsjukdom som gradvis vil gjere han lam.

I Vekten av snøkrystaller er han blitt vaksen, han er historikar og finn kjærleiken mot alle odds, før vi møter han att i Balanse som enkemann i sekstiårsalderen, på ein sjukeheim med nærmaste pårørande i Cape Town.

Dottera har valt å busetje seg der, og deler av boka er forma som eit brev til henne. Brev som avslører at avstanden er meir enn berre geografisk, og sjukdomen får bere mykje av ansvaret for det.

Innsnevra radius

Thorvald Steens Balanse
Foto: Oktober

Historikaren som drog til Istanbul i bok nummer to har i Balanse fått radiusen kraftig innsnevra etter at han ikkje lenger kan balansere den lange kroppen sin utan hjelp.

No er han fullstendig avhengig av eit helsevesen som med varierande grad av visdom og omsorg tek seg av pasientane.

Erfaringsbasert fiksjon

Dette er alvor. Alvoret blir ikkje mindre av at forfattaren òg har ein muskelsjukdom. Sjølv om Steen er påpasseleg med å leggje avstand mellom seg og denne personen, så er dette likevel fiksjon delvis bygd på eigne erfaringar.

Arbeidet med å få kroppen til å fungere så godt som råd, er svært overtydande skildra.

Sutring og sorg

Vår mann på dobbeltrommet er elles ingen mønsterpasient. Han prøver stadig å gå og endar forslått, han er småleg og irritert på det gode mennesket i nabosenga, han gneldrar over standarden på sjukeheimen. Dels med grunn, men under alt dette ligg den store sorga over å vere heilt aleine i verda, fanga i sin eigen kropp i ei seng på ein sjukeheim.

Sutring og stordom går opp i ei høgare eining når han hissar seg opp over ein medpasient som har lyst til å ta livet av seg. Dels artar tiraden seg som ein klagesong over at det er meir synd på han sjølv som ikkje kan gå enn det er på denne suicidale som kan sprade rundt på eigne bein.

Men inne i den same episoden ligg det ei insistering på at livet har noko å gje i alle sine fasar. Ein må ikkje gje opp før det er slutt.

Tendensar til morskap

Det ligg ein djup humanisme i botnen av Balanse. Små episodar av typen «burlesk moro på sjukeheimen» verkar her utanpåklistra og unødvendige. Den tørrvittige stilen til vår mann, som naturleg nok har god tid til å tenkje og observere, er nok til å balansere det store alvoret.

At Steen også i denne boka er stilsikker inn i den minste detaljen, reduserer behovet for ekstra moro ytterlegare. Men trass i tendensane til morskap er dette ei trist og vakker bok.