Hopp til innhold
Anmeldelse

Barns råskap

Barndommen er hard for dei som veks opp i norsk samtidslitteratur.

Bjørn Esben Almaas, forfatter

Ei uvanleg sterk barndomsskildring dannar kjerna i den nyaste romanen til Bjørn Esben Almaas.

Foto: Lene Sørøy Neverdal

I den nyaste barndomslitteraturen er det som regel foreldra si skuld: Dei har dårleg innlevingsevne, dårleg tid og dessutan nok med sine eigne problem. Barna må leggje seg i selen for å oppnå kontakt, eller dei må ta familieansvar i altfor ung alder.

Hjå Almaas er vi tilbake i ein meir tradisjonell barndom, der mor og far prøver å forstå kva som er gale. Den vanlegvis heilt vanlege femteklassingen kjem ein dag heim, gul og blå og forslått. Han vil ikkje gå på skulen, han vil ikkje ut og sparke fotball, han snik seg rundt mellom do, kjellar og garasje og vil helst ikkje bli sett av nokon og særleg ikkje av mor, som vil han skal fortelje. Det vil ikkje han, av fleire grunnar.

Barn som slår

Lenge veit heller ikkje vi lesarar kva som har skjedd. Historia er nemleg fortalt baklengs. Først heilt på slutten av boka kjem episoden som ser ut til å utløyse det heile. Eg skriv «ser ut til», for her er det både éin episode og mange episodar. Verda er valdeleg: Når guten har fått nye, kvite joggesko, pissar den noko eldre Leon på dei. Når dei skal på speidartur, ligg dei store speidarane i bakhald og kastar seg over dei små og juler dei opp. Og hovudpersonen sjølv, som verken er stor eller sterk, kjem over ei gruppe fjerdeklassingar som er i ferd med å lynsje ein tredjeklassing. Hakkelova er brutal og urovekkjande mange er lovlydige.

Baklengsforteljinga gjer at vi kan sjå for oss ulike forklaringar i løpet av lesinga. Men så finst det også eit notidsnivå, der guten er vaksen og har eigen familie. Romanen opnar med at han -på ein heilt vanleg dag i gardinbutikken saman med kona- møter ein kar frå barndommen og må ut av butikken og vekk. Fort.

Sterk, men kronglete

Strategien frå barndommen sit i ryggmergen; det gjeld å kome seg unna. Ei god kopling, men likevel snakkar ikkje dei to tidsplana så godt saman. Jamvel om det finst fine episodar der han sjølv er far, blir historia om den vaksne fleire stader for knapp til å engasjere: Kva er det med ekteskapet, kva er det med sjukdommen? Eg vil tilbake til barndommen hans, det er der det brenn.

Kanskje nett derfor verkar også grepet med å fortelje barndomshistoria baklengs og porsjonere den i bitar mellom den framlengs fortalde notidshistoria, som eit unødig kompliserande grep.

For utan å nøle vil eg karakterisere portrettet av guten som sterkt, rått og hjarteskjerande. Vi ser korleis han strevar med å manøvrere mellom dei som vil slå og dei som vil forstå. Vi ser at både barn og vaksne juler dei som er mindre enn seg. Det skulle eg gjerne lese meir om.

Passar for deg som

  • er klar for ei barndomsskildring som røskar i hjarterøtene utan å vere sentimental

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.