Åtte dystopiske bøker

Korleis ser Noreg ut om 20, 200 eller 2000 år? Leitar vi etter svaret i framtidsromanane, ligg utsiktene på skalaen frå dystopi til apokalypse. Under finn du eit handplukka utval av nye framtidsprofetiar.

Jobkill, Apokalypse

VERDA VED UNDERGANGEN: Kan menneska ordne opp i klimaforandring og utrydde sjukdom? Eit slikt scenario er ikkje sannsynleg, i følgje desse bøkene.

Foto: © Hariton Pushwagner

Marta Norheim

Marta Norheim har lest fleire framtidsromanar. Ho ser at ein tydeleg økopessimisme pregar sjangeren.

Foto: Javier Auris / NRK

NRKs litteraturkritiker Marta Norheim har merka seg at sjangeren scifi har hatt eit vekslande forhold til teknologien, frå Jules Vernes storslåtte teknologi-optimisme og over til meir ambivalens. No er optimismen borte, meiner ho.

– Framtida er dyster, seier NRKs litteraturkritikar Marta Norheim.

Ho forklarar at det dei siste åra har vakse fram ein ny litterær sjanger som sender menneske på flukt, utryddar dyrearter, oppløyser Europa og utslettar Noreg.

– Denne kan vi kalle for økolitteratur, eller like gjerne økopessimisme. Somme forfattarar let dei økologiske og dei teknologiske perspektiva utspele seg i same roman, slikt blir det riktig uhyggeleg litteratur av. Om det er skremmebilde som skal til for å få verda på rett kjøl, har forfattarane verkeleg tatt sin del av jobben.

Her har Norheim trekt fram nye litterære dystopier, ho meiner det er verdt å merke seg:

Religiøs dystopi

1. «De opplyste» Øystein Stene

De opplyste

«De opplyste»

Foto: Gyldendal forlag

– Aller først: Eit særtilfelle. Øystein Stene har skrive romanen «De opplyste». Den er ein religiøs dystopi med økokritiske undertonar. Dette er ein original framtidsroman der idear og trusretningar får vere drivkrafta, seier Marta Norheim om boka.

Handlinga: Er lagt til ei ikkje særleg fjern framtid, der gamle menneske framleis hugsar tilbake til vår tid. Det vil seie tida før sol-orkanane, eller Guds kraft, endra kloden radikalt. Kva for namn du vel å bruke på denne globale katastrofen som halverte folketalet på jorda, definerer deg på avgjerande vis.

– Forfattarar som diktar om framtida, vel gjerne eit par potensielt farlege trekk i notida som dei forstørrar og studerer. I dette tilfellet knytt til religion, eller meir spesifikt til spenningar mellom religiøse og vitskaplege forklaringar på ei global krise. Spørsmålet som ligg meir eller mindre godt gøymt i desse framtidsdystopiane er: Kva kan vi gjere no for å hindre at framtida blir så ille som i denne romanen? bemerkar Norheim.

Diktatur som løysing på klimakrisa

2. «Nullingen av Paul Abel» Bjørn Vatne

Nullingen av Paul Abel

«Nullingen av Paul Abel»

Foto: Gyldendal forlag

– Kor langt er du villig til å gå for å berge klimaet? Forfattaren Bjørn Vatne stiller lesaren overfor eit utriveleg dilemma i «Nullingen av Paul Abel».

Handlinga: Tenk deg at du lever i ei tid då Europa er nesten uleveleg på grunn av tørke mens skandinavane står i fare for å drukne i regn og storm. Tenk deg ein kultur som er sterkt prega av forbruk, ja, som gjev deg reklame på hjernen bokstavleg talt: Ein innoperert «sjalk» får deg til å føle at det er mykje du berre ha, – sjølv om du knapt veit kva det er. Der er vi rundt midten av hundreåret i Bjørn Vatnes nye roman.

– Det er vanskeleg å vere opposisjonell i eit system der makthavarane kan lese tankane dine, men den etter kvart oppsagde biologiprofessoren Paul Abel prøver, meiner Norheim.

Mørk science fiction

3. «Huset mellom natt og dag» Ørjan N. Karlsson

Huset mellom natt og dag

«Huset mellom natt og dag»

Foto: Vendetta forlag

– På lista over dystre fremtidsprofetiar fell denne under den såkalla scifi-noir-sjangeren.

Handlinga: Ørjan N. Karlsson skriv om ei dyster framtid, der pengar splittar menneska grovt i to. I «Huset mellom natt og dag» er jordkloden delt opp i mindre enklavar, der berre de rikaste og mektigaste får bu. Dei fattige, det vil seie dei langt fleste, klamrar seg fast til livet i favelaer, brakkebyar og falleferdige, urbane bykjernar. Midt mellom to verder flyktar noir-helten Marko Eldfell frå ein dystopi prega av trugande militærmakt, gatekriminalitet og kunstig intelligens, sett tusen år fram i tid.

Enklavene var det siste fristed. En plass hvor man kunne starte på nytt. Slik Amerika en gang hadde vært det for mange av hans nordiske aner. Men som alle drømmer kostet også denne fantasien penger.

fra «Huset mellom natt og dag»

Fråflytta verd

4. «Før de henter oss» Peter Franziskus Strassegger

Før de henter oss

«Før de henter oss»

Foto: Cappelen Damm

– I dette marginaliserte livet i eit nesten mennesketomt landskap inviterer Strassegger lesaren til meddiktning. Er det helsevesenet, styresmaktene eller døden som skal hente dei?, seier Norheim.

Handlinga: I eit typisk apokalyptisk framtidsunivers fortel Strassegger om eit Europa nær undergangen, der både livet og tilværet nærmar seg brestepunktet. Historia blir drive fram av gamle Alma og den senile Oskar, som kvar dag speidar etter bilar som kan ta dei vekk frå staden dei bur på og livet dei lever.

– Det dreier seg om eit gåtefullt, fråflytta og gusjebrunt univers, der tida, jorda, kroppen og hjernen går i oppløysing. Ein geografisk stilleståande roman, som held deg fast. Strassegger skriv ein type rå prosa, som kler romanen, seier Norheim.

Det er så lesaren skvett av normalitetssjokk når det plutseleg fer ein bil forbi på vegen. Bil? Veg?? Her???

Marta Norheim om «Før de henter oss»

Ekstrem matmangel

5. «Bienes historie» – Maja Lunde

Bienes historie

«Bienes historie»

Foto: Aschehoug forlag

– Maja Lundes tale er klar: framtida er prega av sårbare menneske og ekstrem matmangel, alt på grunn av den utryddingstruga vesle bia.

Handlinga: I «Bienes historie» flyttar Maja Lunde seg mellom tre tidsepokar, høvesvis fortid, notid og framtid. Historia om ein global katastrofe og biedød startar i 1852 med den engelske biologen og frøhandlaren William. Historia går vidare til birøktar George frå USA, før ho hoppar hundre år fram i tid, til Kina anno 2098, der Tao arbeider med handpollinering.

Maja Lunde er den mest moraliserande i bunken, og «Bienes historie» er nok tydelegare enn de andre på at no må vi passe på. I andre framtidsromanar må vi legge til den faktoren sjølv, seier Norheim og sammenliknar spesielt med «Før de henter oss» og «Ekspeditøren».

Om lengsel

6. «Det som en gang var jord» Simon Stranger

Det som en gang var jord

«Det som en gang var jord»

Foto: Tiden forlag

Romanen sprang ut frå eit besøk forfatteren gjorde på Vestbreidda.

Handlinga: Den aktuelle flyktningkrisa og konfliktane i Midtausten kling tydeleg med i denne boka, som handlar om «om lengselen etter det tapte og om å halde på det levande, sjølv i det mørkaste mørke».

– Simon Stranger skildrar ei dystopisk verd ikkje langt frå vår eiga, men der verken tid eller stad legg føringar for forteljinga. Bokstaveleg talt skriv han tidlaust om at Mikael og familien flyktar frå den okkuperte heimbyen, meiner Norheim.

Den siste bombingen der nede kom ubehagelig nok rett etter jeg hadde skrevet ut scenen hvor hovedpersonen løper inn i den bombede byen for å finne sønnen sin. Også inndelingen i vakre og stygge kvinner ved en av kontrollpostene er hentet fra en palestinsk forfatter som fortalte denne historien da vi møttes i Ramallah.

Simon Stranger

Noreg som fjernt minne

7. «Slekters gang» Jan Kjærstad

Slekters gang

«slekters gang»

Foto: Aschehoug forlag

– To tusen år fram i tid er Noreg eit fjernt minne. Slik er det i alle fall i denne romanen av Jan Kjærstad, meiner Norheim.

Europa har gått i oppløysing og Noreg er skildra som ein merkeleg nasjon som ikkje finst lenger. Tre kvinner frå «Den kinesiske føderasjon» granskar den norske mentaliteten, slik den var på 1900-talet, seier ho.

Handlinga: Gjennom seks generasjonar i Villa Bohre på Lysaker i Oslo, følgjer lesaren Agnes, Rita, Maud, Bjørg, Laila og Ingri. Handlinga spenner frå fortid og inn i fremtiden, men handlar like mykje om relasjonar, om korleis menneskelagnader flettar seg saman, både innanfor og utanfor «slekters gang».

Både Jan Kjærstad og Maja Lunde legger framtida til Kina. Europa er irrelevant eller i verste fall heilt utradert. Det er nok ideen bak framtidsperspektivet hos begge to.

Stigande vatn trugar

8. «Ekspeditøren» Aksel Selmer

Ekspeditøren

«Ekspeditøren»

Foto: Cappelen Damm

Handlinga: I ei postapokalyptisk verd driv eit foreldrelaust, ungt søskenpar kolonialforretninga til faren. Ein dag kjem ordføraren på besøk. Han kan fortelje at vatnet er i ferd med å skylje lika på kyrkjegarden ut på elva, og at søskena gjer lurt i å flytte kista til far opp i hagen og gravleggje han der. Selmer teiknar eit univers der menneska er overlatne til eit eksistensminimum. Her kan ingen stole på andre enn seg sjølv.

«Ekspeditøren» er grotesk humoristisk. Mot eit tragisk bakteppe blir den absurde historia morosam.

Norheim meiner det er spesielt interessant å lese Strassegger og Selmer opp mot kvarandre.

– Begge skriv frå ei verd der det regnar frykteleg mykje. Menneska som lever der er dei som ikkje kom seg av garde, og som no lever i fråflytta samfunn der sentrale samfunnsfunksjonar er borte, fordi det ikkje lenger finst folk. Der prøver dei å leve sine liv, seier Norheim.

Tendens mot det lokale

Framtida er altså mørk. Det har kome mange dystopiske romanar på ganske kort tid. Men det ser ut til å bli meir variasjon, forklarar Norheim.

– Ikkje at forfattarane skriv meir optimistiske bøker, men at fleire zoomar inn og ser på naturen innanfor eit avgrensa område, og ikkje berre i det store, globale bildet. Vi ser det tydelegast i poesien, men også hjå ein romanforfattar som Carl Frode Tiller, som i den sterke romanen «Begynnelser» går tett inn på små plantar og dyr i eit svært avgrensa område. Her blir nærstudiet så nært at det til tider tangerer det komiske, og litt komikk kan nok vere på sin plass i denen lesse svært alvorstynga sjangeren, seier Marta Norheim.

Anbefalt vidare lesning: