NRK Meny
Normal

Arvtakerne

Den britiske forfattaren William Golding er mest kjent for debutboka ”Fluenes herre”. Men forfattaren, som fekk Nobelprisen i litteratur i 1983, har skrive fleire romanar det er vel verdt å lese, til dømes ”Arvtakerne” som no er omsett til norsk.

Kopi av en neanderthalmann fra Neanderthalmuseet i Mettmann, Tyskland. Foto: AP/Scanpix

Neanderthalane kjem oss svært nær i William Goldings roman ”Arvtakerne”, som no omsider er komen ut på norsk.

Foto: HEINZ DUCKLAU / AP

Den som har lese ”Fluenes herre”, om ein guteflokk som hamnar på ei øde øy skaper eit temmeleg barbarisk stammesamfunn, vil vite at Golding er oppteken av den menneskelege vondskapen. Den kunne han truleg studere på nært hald under 2. verdskrigen då han var marineoffiser.

William Golding: Arvtakerne. Bokvennen 2007

William Golding: ”Arvtakerne”. Omsett av Olav Lausund og Nils Ryum. Bokvennen 2007.

Foto: Bokvennen

I ”Arvtakerne” frå 1955 kan det verke som om han utforskar opphavet til denne ibuande vondskapen. Vi må langt tilbake. Så langt at det er nærliggande å tenkje på den bibelske syndefallsmyten der mennesket blir drive ut av paradis i same stund som det et fruktene av kunnskapens tre.

Ikkje i paradis

Men Golding startar ikkje der, han går endå lenger tilbake, og let oss først bli kjent med ein mennesketype som ikkje har ete av dette treet, nemleg neanderthalane. Med den gamle Mal i spissen, vandrar ei lita gruppe mellom vinterbustaden ved sjøen og sommarbustaden ved elva i innlandet. Dei har ingen reiskapar, ikkje eingong ei skål til å bere vatn i, dei et plantar og bær og av og til restar av kadaver som rovdyr har gnagd på og forlatt.

Det ville vere gale å kalle tilstanden paradisisk, for dei må streve hardt for å halde kulda og svolten frå livet, men dei lever i ein fredfylt symbiose med kvarandre, der kvinnene på mirakuløst vis skaper nytt liv, og der mennene like mirakuløst ser bilde som dei prøver å formidle til dei andre gjennom eit svært enkelt talespråk. På vegen til sommarbustaden oppdagar dei at stokken over ei elv er borte. Dette er ille for Mals folk, ettersom dei er svært redde for vatn. Mal har eit bilde:

”Mal er ikke gammel, men klamrer seg fast på ryggen til moren sin. Det er mer vann, ikke bare her, men også langs stien der vi kom. En mann er klok. Han får de andre mennene til å ta et tre som har falt og –" Øynene hans, som lå dypt inne i øyehulene, vendte seg mot folket og bønnfalt dem om å dele et bilde med ham. Han hostet lett igjen. Den gamle kvinnen løftet forsiktig på børen.

Til slutt sa Ha.

”Jeg ser ikke dette bildet.”

Den gamle mannen sukket og tok hånden bort fra hodet.

”Gå og finn et tre som har falt over ende.” (s 13)

Dei kjem seg vidare, men ved sommarplassen har det slått seg ned nokon nye vesen. Dei har nesten ikkje hår på kroppen, dei har soppkvite, knoklete ansikt og nifst høg panne. Dei helsar med å kaste pinnar, og våre vener helsar fint tilbake utan å forstå det vi forstår, nemleg at desse pinnane er piler med gift på tuppen.

Homo sapiens har brukt den overlegne hjernen sin til å utvikle språk og innvikla rituale, men også til å lage våpen. Dei går på jakt, dei er aggressive og skyt på alt som skremmer dei. I dette tilfellet altså ei gruppe neanderthalar. Eg røpar neppe for mykje når eg avslører at dette er rått parti.

Overtydande historie

Historia om neanderthalane er skildra av ein forteljar som deler vårt ordforråd, men som fortel historia frå dette folkets synsvinkel, og det med stor detalj og overtyding. Dermed blir homo sapiens ein temmeleg bisarr gjeng med få sympatiske trekk. Heilt til forfattaren snur synsvinkelen på slutten slik at vi får sjå dei ”apeliknande, primitive djevlane” frå våre forfedrar, altså homo sapiens, si side.

”Arvtakerne” er ei fascinerande historie om korleis neanderthalane levde og kom til kort, og det er ei lite oppløftande historie om kva det såkalla tenkande mennesket har brukt den nifst store hjernen sin til.