Hopp til innhold

Spionasje og andre kjærteikn

I parforholda Hilde Lindset skildrar er det alltid med ein tredje. Det treng ikkje vere ein rival; det kan like gjerne vere dottera til brudgommen eller den indre, kritiske stemma til den eine parten.

Hilde Lindset

Hilde Lindset viser i 18 noveller kor skjør kjærleiken er og kor sterkt mange av dei involverte likevel ønskjer at det skal gå bra.

Dette er tredje novellesamlinga frå forfattaren, og både form og stil er gjenkjenneleg for den som har følgt henne frå den uvanleg sterke debuten «Jeg burde ha sperret deg inne», via den solide andreboka «Helvetesporten» og fram til årets samling: «Til døden».

Det er snakk om korleis folk har det saman med dei aller nærmaste. Sist gong var det tre lange historier. Denne gongen er det heile 18 korte noveller, dei aller fleste er lagt til, eller svært nær, eit bryllaup.

Om det blir monotont? Slett ikkje. Det finst ufatteleg mange variantar av denne rituelle overgangen i livet. Og så kjem det jo an på kven det er som får fortelje historia.

Bryllaup som prøvestein

På eit heilt overflatisk plan minner «Til døden» meg om Levi Henriksens novellesamling «Bare mjuke pakker under treet». Der handla det om jul. Julaftan og bryllaup har det felles at det er dagar som er sterkt lada.

Mykje står på spel. Det som går gale vil bli hugst. Tenk berre på ei setning som I går var ein skikkeleg drittdag, vi hadde det ikkje bra saman. Dette er ei moderat dramatisk setning, heilt til du ser for deg at det er snakk om julaftan, eller altså eit bryllaup.

Om ein går lenger inn i tekstane, kan dei minne om universet til Øystein Lønn. Få greier som han å skildre dei små stemningsnyansane: måten ting blir sagt på, det som ikkje blir sagt men som blir liggande i rommet som ein knapt synleg elefant eller ledd bort med ein nervøs latter. Det er i dette landskapet Lindset let oss møte gifteferdige, giftelystne, nygifte, enker og eksar, for ikkje å gløyme slekta. Eller naboen.

Den velmeinande naboen frå helvete

Til døden av Hilde Lindset

Lat oss starte med naboen: Ein hyggeleg nabo skriv eit brev til dei nyinnflytta i bygarden. Så kjem det fleire brev, og det viser seg at dama i etasjen under følgjer svært godt med på det som skjer hjå det unge, nyinnflytta paret. Ikkje minst veit ho mykje om kva mannen gjer når dama hans er på jobb. Desse breva kjem innimellom novellene og er ei lita novelle i seg sjølv.

Blikket utanfrå kan også kome frå ein eks som dukkar opp like før bryllaupet og som får den utkåra til å verke litt latterleg. Går det an å gifte seg med ein litt latterleg mann? Og: vil han gifte seg med henne, ho som gløymer alle avtalar og går den aller lengste lysløypa med eksen dagen før bryllaupet?

Kunsten å skjule at ein veit meir enn ein skulle

Oftast er det mindre drastiske situasjonar som utfaldar seg, i alle fall tilsynelatande. Men noko som går att, er at den tredje får fram ukjende og gjerne litt urovekkjande sider ved han eller henne. Eller at den eine uforvarande kjem over noko av alt det ein ikkje nødvendigvis fortel kvarandre.

Skal ein då fortelje at ein – som i eitt tilfelle – kom til å overhøyre ein litt avslørande telefonsamtale, eller er det best å spele litt teater no og då?

Fleire av historiene vrir seg undervegs: Det er ikkje brudgommens forelska blikk på brura vi får følgje gjennom bryllaupet; det er ein annan mann. Dermed er vi vitne til noko heilt anna enn bryllaupsromantikk.

Men lever dei lykkeleg til døden?

Ikkje alle novellene er like gode. Av og til blir opplegget for tydeleg, som når den svært erfarne brudgommen får problem når det viser seg at dama hans også har ei fortid. Eller når den hjerneskadde dottera til brudgommen prøver å ete opp brudepardokkene på toppen av kaka.

Dette er unntak. Dei aller fleste historiene har ein nerve som skaper ei heilt eiga stemning: Lindset viser kor skjør kjærleiken er og kor sterkt mange av dei involverte likevel ønskjer at det skal gå bra, også etter at noko har blitt avslørt eller gått i stå.

Dei opne sluttane gjer at vi ikkje får vite korleis det gjekk etterpå, om dei lever saman til døden eller om dei går frå kvarandre. Vi får ikkje vite om kompromissa altfor dyrkjøpte, eller om vanskane tvert om styrka forholdet.

Men det går an å dikte vidare etter at teksten er slutt, ja novellene inviterer til det. Om ein diktar lykkelege eller tragiske avslutningar, seier heilt klart noko om den enkelte lesaren.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)