Kjøkkenvegen til Aleppo

Ja, Aleppo er den byen i Syria som er mest øydelagt av krigen. Men han er også byen der ein heilt spesifikk storfamilie, skapt av forfattaren Khaled Khalifa, lever sitt liv.

Forfatter Khaled Khalifa

FENGSLANDE: Khalifa har skrive ein fengslande roman frå heimbyen sin, Aleppo i åra før opprør og borgarkrig.

Foto: Pax

Gjennom romanen «Ingen kniver på kjøkkenet i denne byen» ruslar vi bokstavleg talt kjøkkenvegen inn i denne millionbyen, og lever oss gjennom tiåra før opprør og borgarkrig.

Sjølv om boka er skriven i 2013, sluttar nemleg handlinga rundt 2005. Det er all grunn til å tru at Khalifa bryggjer på fleire bøker om denne byen, -dersom han orkar. Aleppo er nemleg fødebyen hans.

Mikrokaos

Forteljaren i romanen får vi vite lite om, anna enn at han er fødd i 1963, året for militærkupp og nyetablering av Baath-partiet, eit parti som etter dette vert ei dominerande kraft i syrisk politikk. Naturlegvis partiet til president Hafez al Assad og etterfølgjaren, sonen Bashar al Assad. Resten av vår Aleppo-familie får også roller som både gjer dei til individ og til ulike måtar å leve i Syria på:

Vi møter den strengt religiøse onkelen, tanta som lengtar tilbake til det osmanske riket, den homofile onkelen, den musikalske broren som grublar seg inn i ekstremismen, søstera som med store fantasi testar grensene for kva ei kvinne kan tillate seg, mora som har gifta seg nedover og som hatar Baath-partiet, faren som ikkje hatar partiet men som likevel stikk av frå heile greia. Til saman dannar dei eit temmeleg kaotisk mikrokosmos.

Overtydande

Den fattigfornemme mora prøver å halde huset og fasaden i stand, utan særleg hell. Alt forfell, familiemedlemmene spreier seg til alle kantar, men av ein eller annan grunn strandar dei likevel i den forfalne og illeluktande basen gong på gong. Er det noko med familie, trass alt, eller er det mangel på alternativ?

Vi er ein stad der ingen ting fungerer, heller ikkje banda mellom menneske. Partiet held folk i eit jerngrep. Folk misser motet. At det kom eit opprør i dette samfunnet få år seinare, bør ikkje undre nokon.

Det kan ikkje seiast for ofte: Skjønnlitteraturen opnar ei dør inn i dei mest private romma, dit du aldri kan kome verken på eigne bein eller gjennom reportasjar i media. Khaled Khalifa bur framleis i Syria, no i Damaskus. Ikkje alle bøkene hans får kome ut i heimlandet.

Men dei som kjem ut, er skrivne til eit syrisk publikum, ja og til oss andre, naturlegvis. Men vi må pent finne oss i at ikkje alt er forklart for utanforståande, slik det av og til er når forfattarar er ivrige etter å nå eit internasjonalt publikum. Dette styrkjer kjensla av å kome kjøkenvegen, og det forlenger lesetida; her må det tyggast, tenkjast og av og til slåast opp. Det er bra saker, begge deler.