Hopp til innhold
Anmeldelse

Lattervekkjande og presist om I-landsproblema

Bak den slitsomme tittelen «Flyktig hendelse med kort a, lang a og diftong» skjuler det seg eit mylder av rare greier. Lydia Davis gjer det på sin heilt eigne måte, og det gjer ho rett i.

Lydia Davis

Den amerikanske forfattaren Lydia Davis.

Foto: Will Oliver / Afp

OK, vi kan godt kalle dette for forteljingar, men det er ei forenkling på grensa til det misvisande. Her er pussige brev, draumar, syting og klaging over klodens minste I-landsproblem, grundige studiar av til dømes kyr, lett omskrivne passasjar frå Flaubert, små språksprell og pussige observasjonar. Gjennomsyra av humor av den suverent tørre sorten, og naturlegvis med total kontroll over språket.

Vi snakkar trass alt om ein forfattar som lærer seg norsk gjennom å lese Dag Solstads nyaste roman "Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591 til 1896." Utan ordbok. Og ho likar det. Kvifor er ikkje Lydia Davis' namn på alles lepper?

Brev til alle som har noko med det

Under den fabelaktige tittelen "Jeg har det ganske bekvemt, men jeg kunne hatt det litt mer bekvemt" ramsar forfattaren opp ting som kan irritere, men som er så små at ein sjeldan høyrer folk snakke om det:

"Jeg fikk ikke to seter for meg selv på toget." eller "Jeg kjøpte rømme ved en feiltagelse." eller kva med denne: "Sømmen i tåen på sokken min er vridd." For ikkje å snakke om: "Når jeg rister rosinbrødet, blir rosinene veldig varme." Ja for dei blir det, tenk.

Breva er av typen: enkeltperson tek kontakt med institusjon eller produsent for å forklare eitt eller anna, gjerne seg sjølv. Her finn vi det nokon så treffande har døypt "middelklassens ubegrensede begrunnelsesbehov" i fri flyt.

Men kva med dei store problema?

Det er lattervekkjande og presist. Men Davis er ikkje den typen som røskar golvteppet vekk under folk for så å spotte dei der dei ligg og kryp. Nei, det er ein vennleg tone over tekstane, som om folks dårskapar er noko ho studerer med stor fascinasjon, ivrig etter å ikkje la nokon detaljar vere uregistrerte.

Eit naturleg spørsmål å stille seg er: Kvifor skal vi bry oss om dei aller minste og latterlegaste I-landsproblema i vår tid som er prega av enorme, påtrengande og alvorlege problem?

Kunsten å sjå ei ku

Tja. Ei bok som avslører små og litt teite sider ved lesaren, kan vere med på å jekke oss litt ned, på den bra måten. Vi ville så gjerne gjere noko med verdssituasjonen, men så var den den vridde sokken som gjer det uråd å tenkje over kva ein skal gjere med dei store problema akkurat i dag. Men for all del, det er ikkje viljen det står på.

Eit anna aspekt ved det å dvele ved detaljar, er at ein ser verda på ein annan måte. Og det ein har sett, altså verkeleg sett, er det lettare å sjå verdien av og ta vare på. Davis skriv her 15 sider om kyr. Ikkje om kyr reint allment, men om tre spesifikke kyr som ho må ha studert grundig, over tid. Lesaren blir glad i kyra, og det blir sikkert forfattaren også. I kuteksten så vel som i mange andre av tekstane ligg det ein spore til empati, og det er av dei edle tinga ein tekst kan by lesaren.

På andre sida av detaljen

Davis er original, men ikkje på den måten at ho let fantasien flyte fritt. Tvert i mot, tekstane er prega av observasjonar og refleksjonar meir enn av oppdikta historier. Kanskje derfor ho har sånn sans for Solstads slektsroman? Paradoksalt nok gjev dei konkrete observasjonane tekstane svev. Det verkar som om ein kjem gjennom detaljen og ut på andre sida, viss det går an å snakke om konkret metafysikk så er Davis der. Kort sagt: kvar er Lydia Davis-fanklubben?

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.