Anmeldelse

Livet sett gjennom røyken frå leirbålet

Det er mange grunnar til å følgje med på kva som skjer i Tyrkia. Ein av grunnane er litteraturen. Her kjem eit nytt namn det er verdt å merke seg: Sema Kaygusuz.

Sema Kaygusuz

Sema Kaygusuz er prisbelønt tyrkisk forfattar.

Foto: Brigitte Friedrich, Sueddeutsche Zeitung Photo / Scanpix

Kvar er det så som er så bra med denne forfattaren? Min første impuls var å samanlikne henne med Orhan Pamuk, den tyrkiske nobelprisvinnaren som er ein generasjon eldre enn Kaygusuz. Den impulsen kom naturlegvis fordi han er den mest kjente nolevande tyrkiske forfattaren, og slik fungerer no eingong kritikarhjernen. Men ved nærmare ettertanke vil eg seie ok, litt slektskap med Pamuk, men ho har slektningar både i Libanon, Portugal og Colombia og er dessutan heilt sin eigen.

Historier i vind

En bønn faller til jorden

– Historiene i romanen vekslar mellom det realistiske, til dels hyperrealistiske på den eine sida og det flyktige, mytiske på den andre, skriv Marta Norheim.

Historiene i romanen vekslar mellom det realistiske, til dels hyperrealistiske på den eine sida og det flyktige, mytiske på den andre. Eg unngår med vitande vilje ordet «magisk», sjølv om det ligg snublande nær å kaste henne opp i den sekken (som no har blitt så stor og uformeleg at latinamerikanske forfattarar tryglar og bed om å sleppe å bli fanga opp i den, men det er ei anna historie).

Det opnar nøkternt: På ei lita, tyrkisk øy i Egearhavet lever den unge kvinna Leylan saman med far sin, ein tungt alkoholisert vinbonde og tidlegare barber. Sjølv arbeider ho på eit bibliotek der det knapt blir lånt ut ei bok. Ein litt merkeleg jobb ettersom ho truleg er dyslektikar som onkelen sin og har – i alle fall i starten – inga glede av bøkene som samlar støv og salt i hyllene inne i det vesle huset på øya som har mange poetiske ord for dei ulike vindane.

Rykte om fadermord

Men hei, der: Er onkelen verkeleg onkelen? Og korleis var det han døydde, veit vi så sikkert at det var ei ulykke? Og kvifor stakk mor av? Kvifor drikk far hennar seg ut av dette livet? Og kvar kom ryktet frå: ryktet om at ho har planar om å ta livet av far sin? Lesaren vil kunne meine at far greier å ta seg over til den andre sida med eige hjelp. Her kjem Leylan heim frå nyttårsfeiring og høyrer ein klagande lyd:

Da fikk jeg øye på far. Han stod under morbærtreet med det friske øyet sitt rettet mot et punkt i det fjerne og det blinde øyet liksom rettet mot meg. Jeg iakttok ham i skjul. Han hadde på seg en gammel, utvidet genser. Han skalv av kulden. Det uflidde håret og skjegget gikk i ett. (…) Med ett lot han tårene flyte fritt og spredte øyas ensomhet til hele jordens overflate, mens det ordet som fortryller oss alle, vokste i munnen hans.

Mor!...Mor!

Utdrag fra «En bønn faller til jorden»

Og ja, også far blei forlatt av si mor. Dette er ein roman der mange element speglar seg, doblar seg og syner seg i ulike transformasjonar. Etter å ha lese første delen om livet på øya med stor interesse, dukkar det opp ein del to som har eit heilt anna preg. I ettertid ser eg at forfattaren har sendt signal om dette, når ho snakkar til faren på dødsleiet han så treffsikkert har sikta seg inn mot:

Vi må spisse ørene mot stemmer som taler fra hukommelsens dyp, og bli svarte av sot fra et urgammelt festbål.

Utdrag fra «En bønn faller til jorden»

Og dermed er vi inne i eit heilt anna univers utanfor tida med einøygde brytarar, syngande hermafrodittar, siamesiske tvillingar som døyr på scenen, ein smed som kan meir enn handverket sitt, menn som oppsøkjer livsfare av ulike grunnar og foreldre som forlet barna sine med eit smil.

Staden som ikkje er

Gjennom røyken frå leirbålelden kjenner vi att både personar og historier frå den dagklare første delen av romanen. Det er likt, men heile tida annleis. Leylan skaper ein "ikkje-stad" der familiehistoriene kan løysast opp og setjast saman på ny. For å gje far noko å døy på, kanskje, eller for å gje seg sjølv noko å leve vidare på, kanskje? For å vise oss lesarar kva som formar eit individ, kanskje? Eller for å gje oss gode historier som viklar seg inn i kvarandre?

Dei mange spørjeteikna i denne kritikken er heilt nødvendige, ettersom dette er ein så mangetydig tekst at kvar påstand om kva som finst her risikerer å avgrense og banalisere dette verket som er gåtefullt, klokt og fascinerande. Det skal kome fleire tyrkiske romanar i løpet av våren. Dersom dei held dette nivået, er det vel verdt å følgje med. Og berre så det er sagt: Kaygusuz er slett ikkje ny i Tyrkia; ho har skrive både noveller, romanar, skodespel og filmmanus og hausta prisar i fleng.