Hopp til innhold
Anmeldelse

Intrikat roman om aldrande heltar

Ein må berre beundre Vargas Llosa som greier å lage ein vital og spennande roman der gjennomgangstemaet er klager over den låge moralske standarden hjå ungdommen.

Mario Vargas Llosa

Det er dei gamle som er eldst i «En diskré helt», den nye romanen til Mario Vargas Llosa.

Foto: PIERRE-PHILIPPE MARCOU / AFP

Dersom Mario Vargas Llosa ikkje hadde blitt slått på målstreken (av Fujimori) under valkampen i 1990, hadde Peru fått ein eksforfattar til president, verda hadde vore ein eminent forfattar fattigare og Llosa ville truleg ikkje ha fått nobelprisen i litteratur.

Slikt kan ein aldri vite. Det vi veit er at Llosa tapte valet, og at han skriv som aldri før, i ein alder av 78 år. No er romanen hans frå i fjor ute på norsk, under tittelen En diskré helt.

Det er dei gamle som er eldst i denne romanen,- som er full av forviklingar og dulgte handlingar, hemmelege kjærleiksforhold på tvers av etniske grupper, klasse- og slektsgrenser. Kort sagt, dette er ein umiskjenneleg Vargas Llosa-roman, sjølv om det samfunnskritiske ikkje er så tydeleg som det av og til har vore.

Men altså, dei gamle. Du har han som kom til småbyen med to tomme hender og som no eig eit transportfirma. Men kan han stole på at sønene vil greie å drive firmaet vidare? Kan han stole på at sønene verkeleg er hans? Kan han stole på kona si og på elskerinna si?

Nja, han bør ikkje vere for trygg.

Og ein dag får han eit utpressingsbrev frå mafiaen, signert med ei teikning av ein edderkopp. Mafiaen kan ein i alle fall ikkje stole på. Han går til politiet, men kan han stole på politiet? Ville du ha stolt på ein politisjef alle finn det naturleg å kalle for "kilefitta"?

Samstundes i Lima: Ein rik industrieigar og enkemann vil gifte seg med ei frå tenarskapen. Men vil sønene tillate at han gifter seg att og skuslar vekk det dei meiner dei har rett til å arve?

Gjett.

Langsomt og på forunderleg vis flettar desse to historiene seg saman og ein må berre beundre Vargas Llosa som greier å lage ein vital og spennande roman der gjennomgangstemaet er klager over den låge moralske standarden hjå ungdommen.

Kanskje det går så bra fordi det også finst andre trådar i veven: Ein ting er spenninga rundt mafiaen og den nokså tilfeldige etterforskinga politiet set i gang, ein annan er heltens tørst etter å finne ut kva som eigentleg skjer og korleis ting heng saman.

Det viser seg nemleg at nokon små livsløgner kan gjere livet enklare å leve og at den som ønskjer å vere lykkeleg ikkje bør grave for djupt verken i fortid eller notid. Den prinsippfaste og ubestikkelege helten må betale ein høg og uventa pris.

Om det var verdt det, blir det opp til lesaren å tenkje over. Helten er som kjent diskré.