NRK Meny
Normal

Ein sjeldan roman

Det blir sagt at kjærleik gjer blind. Men Ester Nilsson blir både irriterande svaksynt og imponerande skarpsynt i møte med kjærleiken. Bra for romanen, verre for romansen.

Lena Andersson

Andersson viser fram kreftene som ligg i kjærleiken i og som kan gjere livet rikt og stort den eine dagen og totalt blotta for meining den neste. «Uten personlig ansvar» er fascinerande og medrivande lesing.

Foto: Cato Lein

Den svenske journalisten og forfattaren Lena Andersson fekk sitt store litterære gjennombrot i fjor, med romanen «Rettsstridig forføyning». Bak den knusktørre tittelen skjulte det seg ei lidenskapleg kjærleikshistorie som utløyste engasjement hjå lesarar og synsarar, godord frå kritikarane og fleire prisar, mellom anna Augustpriset.

Brent barn oppsøkjer elden

Uten personlig ansvar av Lena Andersson

«Uten personlig ansvar» av Lena Andersson. Roman. Omsett frå svensk av Bodil Engen. Gyldendal, 2015

Romanen handla om forfattaren Ester Nilsson som kasta seg ut i eit heftig forhold til ein noko eldre kunstnar. For henne var det djupt alvor, for han var det berre eit lite eventyr, viste det seg. I nabolandet gjekk spekulasjonane høgt om kven denne sjølvopptekne, aldrande kunstnaren var. Den diskusjonen er no vatn under brua, men romanen lever vidare. Det gjer Ester Nilsson også.

Årets roman heiter «Uten personlig ansvar» og ja, også denne gongen handlar det om Ester Nilsson og den lidenskapelege kjærleiken.

Ester er eit brent barn, men ho skyr ikkje elden av den grunn. Når ho i årets roman kjenner vibrasjonane i møte med den noko eldre skodespelaren Olof, slår ho til. Den bitre lærdommen frå sist var at ho hadde vore for utydeleg om kva ho ville, derfor går ho denne gongen rett på sak og fortel den forbløffa Olof at ho vil leve resten av livet sitt med han. Men så viser det seg at det allereie finst ei kvinne som deler livet sitt med denne mannen.

At dei møtest under prøvene på eit trekantdrama ho har skrive og der han spelar mannen mellom to kvinner kan ein ta som ein litt fiks konstruksjon, men også som ein demonstrasjon av korleis kunstens visdom kjem til kort når begjæret entrar podiet i det verkelege livsdramaet.

Krev alt, får litt

Kort sagt: Den kloke, analytiske, verbale og suverene Ester har igjen hamna i eit asymmetrisk forhold, der Olof dukkar opp og trekkjer seg tilbake etter kva som passar han. Eit kor av venninner som hugsar betre enn ho sjølv gjer, minner henne på kva som skjedde sist og tryglar henne om å bryte med Olof. Det gjer ho også, fleire gonger, fordi dei ser så ulikt på forholdet: Ho vil ha heile han, ho vil ha alt eller ingenting, ho vil at han skal velje og stå på valet sitt. Han synst han har det heilt fint slik som det er. Og Ester, ja ho forhandlar med seg sjølv og kjem fram til at litt Olof er betre enn ingen Olof.

Livsløgner og livsvisdom

Om dette verkar ufatteleg banalt, ja så må eg ta det heile og fulle ansvaret, for romanen er slett ikkje banal. Rettnok lurer Ester seg sjølv til å tru at Olof er på nippet til å forlate kona si straks han seier eit kritisk ord om henne. Det er banalt. Men Ester har også tankevekkjande refleksjonar over kva vi menneske gjer ut av livet vårt, kva vi krev av oss sjølve og kva vi ventar av andre. Krev Ester for mykje? Skal ho ha alt på sin måte for å vere nøgd? Er Olof ein bereknande psykopat eller berre ein kvinneglad mann som slit med å bestemme seg?

Andersson viser fram kreftene som ligg i kjærleiken og som kan gjere livet rikt og stort den eine dagen og totalt blotta for meining den neste. Ho let Ester gjennomskode seg sjølv og like fullt plumpe uti igjen og igjen. Ester fnyser av dei snusfornuftige venninnene som synst det er heilt greitt å leve på det jamne. Og ho lyttar til dei same venninnene når det vert for meiningslaust svart rundt henne.

Ein sjeldan roman

Språkleg er Ester eit oppkomme av gode formuleringar, mens Olof får sagt det meste med klisjear og skjellsord. Han har heller ikkje synsvinkelen og må finne seg i å bli sett gjennom Esters blikk som varierer frå analytisk skarpsyn til blind idealisering. Den rutinerte omsetjaren Bodil Engen har manøvrert nyansane fint over den vesle, men likevel lumske språkterskelen som som skil svensk frå norsk.

Når Ester ikkje greidde å lære av eigne feil, er det ingen grunn til å tru at lesarane vil kunne bruke boka om henne som handbok i kjærleikskunst.

Men romanen om kvinna som insisterer på kjærleiken er likevel fascinerande og medrivande lesing. Her er eit stort alvor, som ikkje dekkjer over komiske sider ved personane og ved situasjonane dei set seg sjølve og andre i. «Uten personlig ansvar» er ein sjeldan roman.