NRK Meny
Normal

Ublodig, men ikkje blodfattig

Når Harry Potter-forfattar J.K. Rowling går til krimmen, satsar ho meir på person- og miljøskildring enn på å dikte opp utspekulerte drapsmetodar. Det er heilt ok.

J.K Rowling

Krimdebutanten Rowling har litt å gå på. Men når Cormoran skal grave seg ned i Londons intriger og begjær i neste roman, er eg klar til nye, mørke eventyr, skriv bokmeldar Marta Norheim.

Foto: Lefteris Pitarakis / Ap

«Når gjøken galer» er første roman i ein serie om privatdetektiven Cormoran Strike, men den gode Cormoran har temmeleg mykje fortid både som detektiv og som litt av kvart anna når vi møter han. Ein kan nesten seie at karrieren allereie er på hell, ettersom han knapt har klientar. Dessutan er han nysingel og søv på ei feltseng på kontoret, etter jobb et han junkfood og sjølvmedisinerer seg med øl på puben. Av og til verkjer det i beinstumpen han har att etter at eine foten vart amputert under oppdrag i Afghanistan. Når eg så legg til at mannen har ein svært interessant familie, så forstår vi at Rowling, unnskyld, Galbraith, har mykje levd liv å spele på i komande romanar om privatdetektiven Cormoran Strike.

Denne første romanen introduserer også den unge, dyktige sekretæren Robin, som i tillegg til å vere flink, nok også kjem til å bli skilt i løpet av ei bok eller to. Den tidlegare barnebokforfattaren teiknar med tydelege strekar.

Er det eit mord her?

Så, ein dag, dukkar det opp ein kar med høg betalingsevne på det rufsete kontoret. Han meiner at søstera, den vakre men vanskelege fotomodellen ikkje hoppa frå balkongen i den eksklusive leiligheten sin, nokon vippa henne utfor. Døden er altså eit faktum allereie før boka er i gang, dette er ein krimroman på nesten 500 sider og nesten utan blod.

Trass i at vår mann har vore i Afghanistan og har ei fortid som boksar, har han meir felles med Agatha Christies Hercule Poirot enn med Varg Veum. Cormoran går langsomt og fredeleg fram og avsluttar saka med ein lang oppklarande gjennomgang i beste Poirot-stil. Og til forskjell frå rådande trendar innan krimmen let forfattaren ikkje offeret lide ein langsom død under hendene til ein utspekulert sadist av ein seriemordar. Her lir offeret ein brå død mot asfalten. Kanskje ho ikkje eingong er eit offer for anna enn sine indre demonar.

Rovdyret bak fasaden

Ettersom dødsfallet ligg forut for romanen, har forfattaren rikeleg med plass til å skildre dei ulike miljøa og dei mange personane som kan ha noko med saka å gjere. Det er eit fargerikt portrett av fattige og rike i London by, det er mørke løyndommar, draumar om å bli rekna med, om å kome til rikdom. Ikkje vakkert, men svært menneskeleg. Bak den glattaste fasade lurer rovdyret.

Psevdonym

Litt kuriøst er det at romanen «Når gjøken galer» er skriven under psevdonymet Robert Galbraith, mens det er klistra ein sticker med teksten "NY krimserie av J.K. Rowling" på smussomslaget. Kuriositeten har si forklaring: Rowling ville skrive utan å bli vurdert på tidlegare merittar, men det tok ikkje lang tid før det lekka ut at det faktisk var Rowling som var den nye krimforfattaren. Då fekk romanen eit kjempesal, mens den før hadde fått gode kritikkar og gjennomsnittleg sal for ein ukjent debutant.

Dette seier sjølvsagt noko både om forlag og om lesarar. Eit anna grep seier også noko om lesarar: Då den ukjende Rowling opna Harry Pottersirkuset, gjorde ho det ikkje under sitt fulle namn. Bak initialane J.K. kan det skjule seg både ein mann og ei kvinne. Rowling rekna med at om ho avslørte at ho var kvinne, ville ho ikkje nå fram til gutelesarar, sjølv om ho hovudperson var ein gut. Denne strategien tok ho eitt steg vidare då ho valte mannleg psevdonym og mannleg hovudperson som til overmål er boksar og Afghanistan-veteran. Det er vanskeleg å spå kva som hadde skjedd med Potter viss ho stod fram som Joanne, eller dersom ho hadde kalt seg Rosa i staden for Robert. Det sikre her er at J.K. fungerte temmeleg bra.

Gleda ved å lure lesaren

Tilbake til romanen. «Når gjøken galer» er velkomponert og velskriven og eg heng med heile vegen, eller i alle fall nesten. Forfattaren har nemleg falle for ei typisk krimfreisting: ho har vore så ivrig etter å lure lesaren at oppklaringa byggjer på eit i overkant svakt premiss. Vi ser dette stadig, ikkje minst i tv-seriar som Mammon eller Broen; folk skal lurast for ein kvar pris, så får det våge seg om prisen er at historia haltar.

Krimdebutanten Rowling har altså litt å gå på. Men når Cormoran skal grave seg ned i Londons intriger og begjær i neste roman, er eg klar til nye, mørke eventyr.