Hopp til innhold
Anmeldelse

Den tvetydige hjelparen

Ti år etter romanen «Uglybugly», seks år etter filmatiseringa av «Fatso» er Lars Ramslie tilbake, denne gongen med første roman i eit større verk. Det er lenge sidan sist, men éin ting er som før: Du veit aldri kva du kan vente deg av ei ny Ramsliebok.

Lars Ramslie

«Liten fugl. Mors bok. Sangen om skogen og kornet». Det er Solstadske dimensjonar over ein slik tittel, skriv vår bokmeldar.

Bok

«Liten fugl. Mors bok. Sangen om skogen og kornet»

Lars Ramslie

Skjønnlitteratur

2014

Oktober

Ramslie har til no valt eittordstitlar, det vil seie at alle bøkene i forfattarskapen let seg fange inn med fem ord. Boka av året heiter Liten fugl. Mors bok. Sangen om skogen og kornet. Det er Solstadske dimensjonar over slikt, både når det gjeld lengd og krongleri som gjer det vanskeleg å hugse.

Vengeklipt

Boka skil seg ut også når det gjeld handling, men det gjer for så vidt alle bøkene hans. Som sagt: du veit aldri kva du får. Når det gjeld tematikk skal det nok gå an å kjenne att forfattaren, men først : kva er det som skjer mellom fuglen og mora og skogen og kornet?

Mor arbeider i administrasjonen på ein internatskule der vaksne elevar går i fleire år. Skulen har ikkje namn, det har heller ikkje staden der dette skjer men vi er på bygda, omgjevne av bølgande kornåkrar og skog.

Ein elev som mor la merke til første dagen misser mor si og treng spesiell oppfølging etterpå. Mor blir spurt om å ta dette ansvaret, trass i at ho ikkje er del av lærarkollegiet. Mor viser omsorg. Etter kvart viser mor så mykje omsorg at jenta, som det ikkje er urimeleg å likne med ein liten fugl, kjenner seg vengeklipt.

Pustevanskar

Bak ord som "støtte", "omsorg" og "offer" kan det gøyme seg mykje uhyggeleg, for ikkje å snakke om kva som kan finnast bak ord som "hjelpetrengande" og "spesielle omsorgsbehov".

At det skjer noko alvorleg med jenta får vi vite allereie i første setning av boka, der ho ligg i respirator. Spenninga i romanen er knytt til korleis ho hamna der, og kva for rolle mor eventuelt har i kjeda av hendingar. Dei siste brikkene kjem på plass heilt mot slutten og skal ikkje leggjast på plass her.

Den veltempererte sona der folk har akkurat passe nær kontakt, der kjensler og bindingar er rettferdig fordelte mellom ulike familiemedlemmer og vener og der dialogen er herredømefri, denne sona finst ikkje i forfattarskapen til Ramslie.

Han utforskar tvert om dei vanskelege bindingane der asymmetrien rår, der folk ikkje finn ut av det og der personane stadig må vere på vakt. Ofte er poenget understreka gjennom det kroppslege; forfattarskapen inneheld amputasjonar, overvekt og siamesiske tvillingar.

Eg gler meg til å følgje personane vidare, sjølv om eg ikkje kan seie eg har blitt glad i nokon av dei. Mor likar ikkje folk og eg likar ikkje henne, for å seie det enkelt.

Marta Norheim / Om «Liten fugl. Mors bok. Sangen om skogen og kornet»

Mødrer med tolkingshegemoni

I denne romanen er det altså respirator med meir. Og forholdet som står i sentrum er i utgangspunktet profesjonelt, men utartar. Tvetydig omsorg frå morsfigurar er ikkje ukjent i litteraturen, og særleg ikkje i samtidslitteraturen der kvinner med nokså komplekse livsprosjekt gjer eksistensen vanskeleg for døtrene, mens dei - altså mødrene - definerer seg som kjærlege og sjølvoppgjevande. Forfattarar som Trude Marstein og Hanne Ørstavik har utforska dette landskapet som Ramslie her stig inn i.

Så det er ikkje tematikken som gjer Liten fugl. Mors bok. Sangen om skogen og kornet til ei merkeleg bok. Snarare er det noko med forma. Boka er skriven i 3. person, det er altså ein annan som fortel kva mor gjer og tenkjer.

Det er to spesielle sider ved dette: Den eine er at mor berre har to små barn og ingen av dei avslører seg som forfattarar av denne teksten. Kven er det då som fortel historia om mor? Den andre spesielle tingen er at forteljaren veit absolutt alt om mors ytre og indre liv og leverer ein komplett lojal versjon, inkludert løgner, inkonsekvensar og bortforklaringar.

Det er ikkje eit pust av avstand, og denne indirekte, allvitande, lojale og i prinsippet ikkje-eksisterande forteljaren gir boka eit uverkeleg preg. Dette uverkelege vert styrkt ved mangelen på person- og stadnamn. Det vil seie, mor fortel namnet sitt ein gong, men det blir berre liggjande der, oversett som ei brødskorpe under bordet.

Uperfekt men fascinerande

Ramslie har ikkje gjort det enkelt for seg sjølv, og dette er ingen perfekt roman. Å heile tida høyre kva mor tenkjer og føler og meiner fortalt som fakta av ein vi ikkje kjenner, det slit litt på i periodar.

På vegen mot katastrofa finst det repetisjonar med små variasjonar og der hender det at nerven blir borte, det gjer det. Lesaren må stadig på ny overvinne distansen som ligg mellom hendingane og forteljinga om hendingane, det krevst ei viss dekoding. Trass i dette, er Liten fugl ein fascinerande roman, planlagt som den første i ei rekkje.

Eg gler meg til å følgje personane vidare, sjølv om eg ikkje kan seie eg har blitt glad i nokon av dei. Mor likar ikkje folk og eg likar ikkje henne, for å seie det enkelt. Kanskje forventinga til komande romanar meir er knytt til utviklinga av tematikken enn av folka.

Dessutan stolar eg på at når Ramslie kjem med ei bok så har han noko på hjartet. Derfor må han berre ta den tida det treng å kome med neste roman. Ingenting hastar.

Les bokmeldinga av «Fatso»