NRK Meny
Normal

Fascinerande undergangsroman

Peter Franziskus Strassegger, som fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for romanen «Stasia» i 2012, er no tilbake med roman nummer to. Like skiten, like marginale personar, og nesten like god. Eller stiller ein kanskje berre høgare krav til bok nummer to?

Peter Franziskus Strassegger

Strassegger skriv så godt, skriv NRKs bokmeldar. «Før de henter oss» er ei stødig nummer to-bok.

Foto: Fredrik Arff

Uansett: den framleis ganske overkommelege forfattarskapen til Strassegger er vel verdt å følgje med på. Hans skildring av marginale eksistensar som susar destruktivt rundt i Europa i debutromanen, og som er destruktivt fastbuande i årets roman, fascinerer.

Namnlaust utarma landskap

«Før de henter oss» er lagt til noko forlaget kallar eit pre-apokalyptisk landskap. Det er vel status for alle landskap dersom ein først opererer med apokalypsar, men i det namnlause området der Alma og Oskar lever har undergangen allereie sett sine spor:

Veldige flaumar og brannar har utarma landskapet og dei fleste har flytta. Rundt dei er det goldt, grått, sølete og sotete, inne er forfallet like påfallande. Maten er udelikat, huset er nedsøla og til forfalls, Oskar er på veg inn i seniliteten og Alma er temmeleg skral i kroppen sjølv om hovudet er kaldt og klart.

Oskar, Alma og undergangen

Før de henter oss av Peter Franziskus Strassegger

Forfattaren inviterer til meddiktning i si andre bok.

Kort sagt: Enden er nær, både for dei to personane og for kloden. Strassegger er ikkje den første forfattaren som grip fatt i forfall, død og undergang. Han kjem heller ikkje med breaking news verken om klimaendringar eller om aldersdemens. Men han har ein særeigen forteljemåte, han har ein stil som er hans eigen. Der mange forfattarar ser det nødvendig å utbrodere handlinga, kva personane tenkjer og korleis vinden bles og maten smakar, let Strassegger mykje vere opp til lesaren å dikte inn:

Kva har skjedd? Kvar er det blitt av alle dei andre? Skal dei to gamle «bli henta» som tittelen antydar? Er det døden eller helsevesenet som skal ordne opp? Kunne livet blitt annleis for desse to viss dei hadde gjort klokare livsval, om dei hadde tatt grep, som det så kjekt heiter? Er dei eit bilde på Europa, eit kontinent som kan ha sett sine beste dagar? Slikt må vi berre gjette oss fram til, men forfattaren hjelper oss på veg.

Spennande nyansar av gusjegrått

Vi ser for oss korleis den unge Alma, seksuelt misbrukt av far, kastar seg i armane på den einaste på den lokale baren som ikkje bryr seg om at ho er for ung til slikt: Ho satsar alt på Oskar, den stupfulle lastebilsjåføren med permanent tilhald i ei campingvogn. Alma var ung og dum som trudde han kunne berge henne ut av elendet. No er Alma gammal og klok og Oskar og ho har sendt kvarandre krasse replikkar gjennom eit langt liv; kjeftinga har kanskje vore litt kjærleg meint på gode dagar, kven veit.

Den forfattaren som utbroderer tankar og handlingar i detalj må vere god til å brodere for ikkje å kjede lesaren. Den forfattaren som, lik Strassegger, inviterer til meddikting, må skrive så godt at lesaren gidd å ta bryet med å fylle ut historia.

Strassegger skriv så godt. Og her kjem stemninga inn: det gåtefulle, det nesten mytiske over situasjonen, det hjarteskjerande ved seniliteten til Oskar fengjer. Dei mange nyansane av gusjegrått i skildringa av så vel landskap som badevatn og gamle kroppar er nesten hypnotiserande. Det er så lesaren skvett av normalitetssjokk når det plutseleg fer ein bil forbi på vegen. Bil? Veg?? Her???

Stødig nummer to-bok

Stasia

Europa var også tema i Strassegger si debutroman.

Foto: Cappelen Damm

I debutromanen «Stasia» er forteljinga lagt i munnen på ein gut i 11-årsalderen. Saman med foreldre og storesøster Anastasia jagar han rundt i Europa. Far vil bli millionær av å byggje hus. Mens han hamrar og snikrar blir familien meir og meir lik ein ein ruinhaug og guten fortel både det han forstår og det som ligg over hans forstand, men ikkje over vår.

Strassegger mestra dette kompliserte grepet på ein imponerande måte. Forteljemåten er ikkje like avansert når Alma fortel; ho forstår det heile. Almas uheldige seksuelle debut er fortid i romanen av i år, mens den skjer i presens i debutromanen og vi anar ikkje korleis det skal gå med Anastasia.

Debutromanen røska meir, men «Før de henter oss» er ei stødig nummer to-bok frå eit Europa ved undergangen.