NRK Meny
Normal

Sterk krigsroman om kampen for å overleve freden

Richard Flanagan kjempar i denne romanen både ein fryktlaus kamp mot klisjear, og han ryddar nytt litterært land. Og ja, forfattaren lykkast med begge deler.

Richard Flanagan

Ein uvanleg rik roman: Richard Flanagans «Den smale vei til det dype nord» blei tildelt Man Booker-prisen i 2014.

Foto: Colin Macdougall

Kort fortalt handlar det om krigen, kjærleiken og alt det som kjem etterpå, opplevd av ein klassereisande tasmaniar. Og det er klart, utgangspunktet er originalt for ein europear, men det er ikkje hovudgrunnen til at «Den smale vei til det dype nord» er så fascinerande.

Dødens jernbane og fredens misere

Fjorårets Man Booker-vinnar gjev oss historia om eit liv med mange og dels brutale vendingar. Det er også ei kjærleikshistorie som er dømt til å gå i knas. Og så er det historia om krigsfangane som bygde Thailand-Burmajernbanen, den såkalla «dødens jernbane» frå 1942, under japansk kommando. Ikkje minst er det historia om dei som overlevde dette fangearbeidet, og som sleit skikkeleg med å få fasong på livet i fredstid.

Og så må ein for all del ikkje oversjå at mellom blødmer og banning og piskeslag og stinkande død og livredding og damejakt, opnar romanen opp for ein refleksjon over kva folk er i stand til å gjere med kvarandre i ekstreme situasjonar på godt og vondt, over kva dei greier å hugse og over kva dei greier å gløyme.

Og om kjærleiken som viser seg i mange variantar, av og til forkledd som likesæle, forakt og glede ved å såre den andre. Om det då er kjærleik lenger, er ein av dei spørsmåla det går an å tenkje over.

Uvanleg rik historie

Den smale vei til det dype nord

Richard Flanagan: «Den smale vei til det dype nord». Omsett til norsk av Monica Carlsen. (Cappelen Damm)

Kort sagt. Dette er ei heilt uvanleg rik bok. Men trass i alle vendingar, alle personar og alle hopp i tid, kjennest det heile som ei eining, det er som om alt har mogna seg saman, dette er ei bok forfattaren må ha skrive på i mange år. Det er ei brutal, gripande og usentimental skildring med nitide detaljar frå stader det elles ville vere vanskeleg å sjå for seg.

Hovudpersonen som vi følgjer frå vogge til grav er Dorrigo Evans, som blei fødd i fattige kår på den australske øya Tasmania for 100 år sidan. Eit godt hovud og stipendordningar hjelper han til å bli lege, og han hamnar som kirurg ved den før nemnte jernbanen.

I eit helvete av tropesjukdomar og underernæring må Dorrigo dagleg gjere val av typen: Skal han hjelpe dei sjukaste, som likevel truleg vil bukke under, eller skal han hjelpe dei sterkaste, som har ein sjanse til å overleve? Dorringo manøvrerer etter beste evne i gjørmete farvatn, og blir leirens helt og «big fella». Her finst dei mest fantastiske typar og her bukkar dei under i hopetal. Dorrigo overlever.

Sverd mot nakke

Ein annan som ikkje bukkar under, er den metamfetaminavhengige japanske offiseren Nakamura som får det store kicket kvar gong han ser ein blotta nakke, fordi han har lært å kappe slike av med sverd.

Etter krigen gløymer han sin eigen brutalitet: Som olding står jernbanebygginga, som kravde 90.000 menneskeliv, for han som ein einaste lang fredsmarsj. Andre sleit litt meir etterpå.

Den vanskelege freden

Dorrigo er ein av dei som ikkje greier overgangen til freden. «Big fella» gifter seg med trofe-kjærasten frå borgarskapen som venta trufast på han gjennom heile krigen. Noko anna ville vore dårleg stil, men stilen blir snart borte. Mannen har både ein krig og ei anna kvinne i hjartet, han har sett for mange døy, han lever eit skuggeliv. Verken kona eller alle dei andre kvinnene kan forstå.

I fleire intervju har forfattaren fortalt at far hans var ein av dei som var med på å byggje denne jernbana som japansk krigsfange. Det er all grunn til å tru at erfaringane til far har prega oppveksten, anten dei blei snakka om eller ikkje i familien.

Romanen er kort sagt klokare enn dei som kjem til orde der. Ikkje minst det som skjer med minnet etterkvart som åra går, er fascinerande lesnad.

Marta Norheim, bokmeldar / «Den smale vei til det dype nord» av Richard Flanagan

Romanen er klokare enn personane

Historia flyt lett og grunnleggande ukronologisk mellom heltemodige, trivielle og tarvelege episodar i Dorrigos liv. Langs leia filosoferer både han og andre over kva som styrer eit menneskeliv og korleis ting blir som det blir. Tankane går meir i sirkel enn i djupet, men sjølve romanhandlinga opnar for meir interessante funderingar.

Romanen er kort sagt klokare enn dei som kjem til orde der. Ikkje minst det som skjer med minnet etterkvart som åra går, er fascinerande lesnad. Det er ikkje berre hjå Nakamura krigsminna endrar seg etterkvart som tida går.

Ingen historiske epokar har inspirert forfattarar og filmkunstnarar meir enn andre verdskrigen. Sjølv om Burma og Thailand ikkje er dei mest velbrukte åstadene i vår samanheng, så finst denne jernbanbygginga i fleire kjende filmar, mellom anna i filmklassikaren «Broen over Kwai».

Det går an å ironisere over den veldige krigsfascinasjonen, men ikkje når det dukkar opp bøker som dette.