Hopp til innhold

Reise gjennom sorg og snø

På fattige 124 sider greier Tiril Broch Aakre å overtyde om at ho er ein forfattar vi skal rekne med framover. Og det attpåtil i ein roman om ein familie som har sitt å stri med – eit ikkje direkte originalt tema.

Tiril Broch Aakre

Tiril Broch Aakre har skrive ein roman om sorg som også manar til omsorg for utsette sjeler både i den vesle og den store krinsen. Det er ein vakker moral, når den berre ikkje blir påtrengande og det blir han ikkje her, skriv NRKs litteraturmeldar Marta Norheim

Foto: Heidi Furre

Alt står og fell med måten historia er fortalt på, og dei heilt spesifikke problema denne vesle gruppa dreg rundt på. Lat meg ta eit riss av handling og forhistorie først: Det er desember, legemannen skal til Brussel på konferanse, litteraturfrua skal undervise i Camus på noko som truleg er ein høgskole, to barn skal i skule og barnehage. Snøen lavar ned i bygda dei har valt å busetje seg i fordi dei er glade i vinter og snø. Og snart er det 20 års bryllupsdagsfest for 50 gjester.

Idyllen kunne vore påtrengande om det ikkje var for fortida. Det var nemleg tre barn i denne familien og no er det to. Og kona, Tanja, har ein bror som sonar ein narkotikadom og som ho skjuler for mannen Paul at ho har kontakt med. Og kven veit om Paul har nokon heilt spesielle han skal møte på konferansen i Brussel, og kva med at nokon meiner han var på veg til Paris?

Å rydde i livet med Fretex

Gjennom ei mengd små teikn, gjerne dryssa ut indirekte i ei setning som handlar om noko anna, ser vi at Tanja har forandra seg radikalt etter at eine dottera døydde. Å få opp to barn og kome seg i veg til skule og barnehage blir til ei uendeleg lang liste over alt som må skje før dei er på plass der dei skal. Ingen punkt på lista vil verke usannsynlege på folk som har gått slike løyper sjølv, men at alt må reknast opp vitnar om at det ikkje lenger er automatisert.

Indirekte får vi også vite at det er så som så både med eigenpleie og matlaging. Mesteparten av kleda har gått til Fretex, det ho har att sleng rundt henne og mannen må leggje ferdige middagar i frysen så den tidlegare habile hobbykokken Tanja skal få mat i seg og barna.

Tilfellet: fiende men også ven

Sorga ropar ikkje, ho gir seg ikkje uttrykk i overdriven snakking eller tause omgåingar, sorga er at alt verkar grått og vanlege gjeremål uoverstigelege. Ikkje berre vegen ut av huset er vanskeleg; å kome seg heim frå sentrum utan bil blir til ei farefull ferd gjennom ukjent terreng i mørke og snø der farar lurer. Til slutt vert dei mot alle odds berga av den narkomane broren som køyrer rundt i bil på lykke og fromme og finn dei ein stad dei slett ikkje skulle ha vore, ein fint lite poeng som viser kor tilfeldige og direkte malplasserte hendingar kan vere, både dei gode og dei forferdelege.

Når dyret burar i natta

Men dei høgst relevante skildringane av dei vanskelege kvardagsutfordrigane er ikkje einerådande i teksten: heile tida utvidar forteljinga seg gjennom assosiasjonar. Toget som ular minner om raut frå eit stort dyr, og set i gang ei tankerekkje som er innom både troppar som rykkjer fram i dalbotnen og mammutar på vandring. Den sovande mannen ligg i senga og liknar ein av dei springande mennene i Pompeii. Det ikkje heilt trygge assosiasjonsuniverset får berre liggje der, take it or leave it.

Kven reddar kven?

Redd Barna

– «Redd barna» er rett og slett ein gripande roman, skriv NRKs litteraturmeldar Marta Norheim.

Familien valte å flytte ut av Oslo etter 22.juli, for å «redde barna». Likevel mista dei eit barn, vi får ikkje heilt greie på korleis det skjedde. Og den gjenlevande dottera stiller vanskelege spørsmål om alle asylbarna som blei sendt tilbake til krigsomårde.

Barna er såbare og dei vaksne greier ikkje, eller vil ikkje, redde dei. Det oppløftande i romanen er alt det barna greier å finne ut av sjølve: Dei bruker regler og tekstar og sin eigen fantasi og set saman historier dei kan leve vidare med. Slik kan det verke som om det er barna som reddar dei vaksne, både med sitt leikande overskot og med alt det som blir nødvendig for ein vaksen å halde styr på når det er barn i huset.

Sorg og omsorg

Tiril Broch Aakre har skrive ein roman om sorg som også manar til omsorg for utsette sjeler både i den vesle og den store krinsen. Det er ein vakker moral, når den berre ikkje blir påtrengande og det blir han ikkje her. «Redd barna» er rett og slett ein gripande roman.