Hopp til innhold

Almanakk for Noreg 2009

Kva har kongelege fødselsdagar og løyve for skyting av kråker felles med solformørkingar og tabellar over tussmørketider i sør og nord? Svaret er ganske enkelt: Almanakken. Der står alt dette og meir til. Mykje meir.

Almanakk for Noreg 2009

Almanakken for 2009


Eg må starte med å nemne nokon tal, men dei er slett ikkje tørre, høyr her: Opplag: 70.000, vi snakkar om ein norsk bestseljar som likevel aldri toppar listene. Årets utgåve er den 196. årgangen, og viss vi tek med den dansk-norske versjonen, og det bør vi jo, så strekkjer historia seg tilbake til 1644. Almanakken har kome ut kvart år sidan 1644. Stikk den!

Tidsrekning


På framsida får vi vite at dette er året etter Kristi fødsel 2009. Det er truleg ikkje heilt presist, nyare forsking og så vidare, men denne tidsrekninga er så innarbeidd at det får gå. Tidspunktet for når det heile starta, er derimot tatt bort. På 1856-utgåva stod det at året var ”Efter Verdens Skabelse det 5823de”. I 1857 var ikkje dette lenger sikker kunnskap. Her får vi tenkje oss at teologane har kjempa ein hard kamp mot astronomane, som sistnemnte gruppe -ved almanakk-komiteens formann professor Christopher Hansteen- til slutt gjekk sigrande ut av.

Lengre tid tok ein annan verdikamp, nemleg kampen om verprognosane basert på innverknad frå månen. Her slåst den same Hansteen mot universitetets akademiske kollegium på det Kongelige Frederiks Universitet i Christiania, ikkje fordi dei verdige professorane hadde så særleg tru på verprofetiar, men fordi dei frykta at ei fjerning av desse spådommane kunne føre til redusert sal av almanakken. Her har altså drifta etter pengar gått framfor den vitskaplege integriteten. Men i 1863 forsvann også verprognosane, og folk har etter den tid måtta greie seg med statistikk over gjennomsnittstemperaturar og tabellar over korleis sola og planetane ter seg.

Ei bok for bønder og fiskarar


Og her er vi ved ved sakens kjerne, nemleg bruken av denne relativt anonyme bestseljaren, sjølve grunnen til at 70.000 personar går i bokhandelen og skaffar seg denne vesle lefsa kvart år. Dette er ei bok for dei som er avhengige av ver og vind, som bønder og fiskarar. Fiskarane kan også finne slikt som fisketider for laks, sjøaure og sjørøye og reglar for mistemål av fisk. Det er ingen enkel sak, for her varierer målet også innanfor same fisketype. Ta seien. Her gjeld særskilte reglar for sei tatt i området nord for det sørlegaste punktet på Lofotodden og derifrå i rettvisande peiling vest, og i Ofotfjorden og Nappstraumen, for ikkje å gløyme Raftsundet ved Digermulen lykt i rettvisande vest og så vidare. Almanakken har eit høgt presisjonsnivå og det har også reguleringane så her gjeld det å følgje med.
Og så har du jegerane, som her får vite når dei kan jakte på alt, og då meiner eg absolutt alt: elg, villsvin, muflon (muflon?), ekorn, gråtrast, storskrav, -type ungfugl med kvit buk- det var det med presisjonsnivået, skjor, kråke, ramn. Kråka må passe seg allereie frå 10. juli, mens ramn og skjor lever i nåden fram til 10. august.

Litterære perler


Innimellom finn ein litterære perler som denne: ”Symjande hjortevilt må ein ikkje jage eller avlive utan når dyret blir forfølgd som såra.” Det ligg eit heilt lite drama i ei slik setning, og dermed er vi over på kategorien andre lesarar, altså dei av oss som ikkje driv jordbruk, fiske eller jakt. For oss er dette eit blikk inn i ei anna verd der staten og naturkreftene regulerer livet til folk som haustar grøda på land og hav. Dessutan er den vesle boka proppfull av andre fakta, til dømes om kongehuset - litt urovekkjande at Emma Tallulahs fødselsdag ikkje er komen med, men redaksjonen var vel avslutta før terminen får vi tru- dessutan får vi vite om dei viktigaste stjerneskotsvermane og helgedagar i ei rekkje religionar. Dette er rett og slett ei skattekiste for dei som strevar med selskapskonversasjonen: Ein kan jo prøve seg med: I dag må jammen alle kråker passe seg! Hæ? Jo for i dag startar kråkejakta. Eller: Få buddhistar å sjå i dag, dei markerer vel Avalambana. Eller: har du sett stjerneskotsvermane frå Tauridane? Akkurat i dag skal dei vere på sitt mest heftige.


OK. Dette siste var kanskje ingen knallidé. Almanakken er uansett ei gullgruve der det står utruleg mykje om saker ein definitivt ikkje går og lurer på.

Kulturstrøm

  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh
  • Fleire artistar droppar Eurovision-arrangement

    Artistane Dotter og Titiyo skulle opptredd i Eurovision Village, men har no trekt seg. Det melder NTB.

    Eurovision Village er det offisielle festivalområdet knytt til Eurovision i Sverige. Der skal det vere fleire konsertar og arrangement frå 4. til 11. mai. Fleire av dei som skal opptre har trekt seg frå arrangementa.

    Bookingansvarleg for Titiyo skriv at «logistiske årsaker» er årsaka til at artisten ikkje speler. Dotter har fått fleire oppfordringar til å boikotte Eurovision på Instagram, fordi Israel deltek, skriv NTB.