Hopp til innhold

Fire forfattarar om sine Fosse-favorittar

Den norske forfattaren og dramatikaren Jon Fosse vann tysdag kveld den høgthengande Nordisk Råds litteraturpris. Her kjem fire forfattarar med sine Fosse-favorittar

Jon Fosse

ÅRETS VINNAR: Jon Fosse er årets vinnar av Nordisk Råds mest prestisjetunge litteraturpris. Han var sist nominert i 2001, men då gjekk prisen til Jan Kjærstad

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

Jon Fosse vann i går, tysdag 27. oktober, prisen for romantrilogien «Andvake», «Olavs draumar» og «Kveldsvævd».

Med eit tidleg favorittstempel overraskar det ikkje NRKs litteraturkritikar Marta Norheim at Fosse vart årets vinnar. Ho skreiv i forkant av prisen at romantrilogien skilte seg sterkt ut ifrå dei andre kandidatane.

Andvake-trilogien Jon Fosse

Trilogien «Andvake»(2007), «Olavs draumar» (2012) og «Kveldsvævd» (2014). Her samla som «Trilogien» (2015).

– Med trilogien hevar Fosse seg suverent over konvensjonar; som at ein person skal ha same namnet heile tida, eller at tre generasjonar ikkje kan spreiast ut over kor mange hundreår som helst. Her kan dei døde dukke opp att, dei levande kan drøyme seg inn i andre eksistensar og jordelivet har noko uverkeleg over seg det også, skriv Marta Norheim i NRKs bokblogg .

Forfattarane Agnes Ravatn, Brit Bildøen, Ruth Lillegraven og Eirik Ingebrigtsen har alle blitt både rørt og inspirert av Fosses poetiske språk. Gjennomgåande skildrar fleire korleis den prisvinnande forfattarens verk har gripe inn i deira eigne romanar. Her er Fosse-favorittane deira:

– Ein sjeldan psykothriller

Agnes Ravatn

For romanen Fugletribunalet har Agnes Ravatn blitt kritikarrost for sitt «vittige, intelligente og skarpe blikk for menneskeleg veikskap»

Foto: Ingunn Rauk / NRK

Agnes Ravatn har gitt ut fleire både prislønte og kritikarroste bøker sidan ho debuterte med «Veke 53», i 2007. Ravatn er gitt ut på Samlaget, som Fosse, og meiner at ho sjølv nok har henta inspirasjon frå teaterstykket «Nokon kjem til å komme» i arbeid med sin eigen roman.

Om stykket seier Ravatn følgjande:

Nokon kjem til å komme (1992)

«Nokon kjem til å komme» (1992)

– Ei kvinne og ein mann flyttar inn i eit avsidesliggande hus for å vere heilt åleine, saman, skjerma for verda utanfor. Men nokon kjem jo før eller seinare til å komme. Og han kjem. Og med han, kjem òg sjalusien, tvilen og angsten. Ein sjeldan psykothriller!

– Med medvite eller umedvite trur eg nok at stykket var inspirasjon for romanen min Fugletribunalet, og at eg prøvde å gjenskape noko av den same uroa og klaustrofobien. Og ikkje minst utforske vidare spørsmålet om det går an å starte heilt på nytt, og leve skjerma for omverda, seier Ravatn

– Vart mindre redd for å døy

Brit Bildøen

Brit Bildøens opplever at Fosse viser skriftas rørsler mens han skriv om alle tings rørsler.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB Scanpix

Forfattar og forlagskonsulent Brit Bildøen er kjend for sitt rike repertoar av diktsamlingar, barnebøker, gjendiktingar, romanar og essays. Ho trekker fram romanen «Morgon og kveld» og den andre boka i romantrilogien «Melancholia» som sine favorittar.

Morgon og kveld av Jon fosse

«Morgon og kveld» (2001)

– «Morgon og kveld» rommar eit heilt liv, sjølv om den eigentleg berre handlar om fødsel og død. Slik fattar ein kor stort og samstundes lite det er, dette livet. Etter å ha lese om Johannes' veg inn i døden var eg, i alle fall ei kort stund, ikkje lenger redd for å døy, seier Bildøen

Blant Melancholia-serien, skil «Melancholia II» seg spesielt ut for Bildøen

Melancholia II/Melancholia 2 Jon Fosse

«Melancholia II» (1999)

– «Melancholia II» handlar om Gamle Oline som har vore nede på kaia og kjøpt seg fisk, og som på sine gamle bein no skal opp den lange brekka til huset sitt. På vegen tenker ho på broren, Lars Hertervig. Og på korleis ho skal komme seg på do i tide. Oline er ikonisk.

– Møtet med Oline i «Melancholia II» er nært kvardagsleg. Som lesar får ein føle korleis det er å vere inne i denne gamle kroppen, med dei skrøpelege beina og den dårlege fordøyelsen. Og ein får følgje tankane hennar, som glir saumlaust mellom minne frå tidlegare i livet og dei kroppslege plagene ho må handtere her og no.

– Dikt så lett som himmelen og skyene

Ruth Lillegraven portrett

Lyrikar og forfattar Ruth Lillegraven har spesielt sansen for Fosses poesi. – Få kan skrive så vakkert om nettopp kjærleik som Jon Fosse, seier ho

Foto: Tiden forlag / Paal Audestad

Lyrikar og forfattar Ruth Lillegraven har som vinnar av Brageprisen 2013 etablert seg som ei viktig stemme i norsk samtidslitteratur. Bak seg har ho den prislønte diktsamlinga «Urd», romanen «Manilahallen» og barnebokserien om søskenparet Mari og Magnus. Lillegraven trekker både fram «Trilogien» og romanen «Morgon og kveld» som favorittar, men seier at diktsamlinga «Auge i vind» troner over dei begge:

– «Auge i vind» er ei bok som både er åndeleg og drøymande, og på same tid så konkret, der ho fortel om kaffikjelen og oskebegeret. Her er natur og landskap, regn og vind, her er levande og døde, avstand og nærleik – og mykje kjærleik:

Eg ser dei små båtane på det store havet Og eg tar rundt
bordkanten framfor meg Og måtte den kjærleik eg har
bli verande hos dykk
de mine kjære

frå «Auge i vind»
auge i vind av Jon Fosse

Diktsamlinga «Auge i vind» (2003)

– Eg har henta fram att «Auge i vind» mange gonger. Det er ei diktsamling som er lett og luftig som himmelen og skyene, men som samstundes er så rik, og som det gir slik fin ro å lese i, seier Lillegraven

– Fosse gav meg ei energisk inngang til kunsten sjølv

Eirik Ingebrigtsen

Eirik Ingebrigtsen er aktuell med boka «Spikrar frå fallande plankar». I 2013 vann han Sult-prisen for sitt samla forfattarskap

Foto: Finn Ståle Felberg

Den kritikarroste og prisbelønte forfattaren Eirik Ingebrigtsen fortel at hans første møte med Fosses «Stengd gitar» slo han i bakken. I likskap med Brit Bildøen trekker han også fram «Melancholia»-serien som ei svært rørande tekst.

«Stengd gitar», som er Fosses andre roman, fortel historia om Livs einsame liv med den eitt år gamle sonen hennar. I eit spenn mellom fortid og notid skriv Fosse fram ei historie om einsemd og desperasjon i kroppen til eit ungt menneske.

stengd gitar av jon fosse

Romanen «Stengd gitar» (1985)

– «Stengd gitar» leste eg med opne auga i tynn luft i Nepal. Ein skal ikkje kimse av lesekontekst! Eg var i nytt landskap og «las heim», ei kraft i den teksten som eg nesten opplevde som frekk. Slik kan det også gjerast, å fortelja gjennom rytmen frå gjentakingane, korleis han blandar notid og fortid i ei enkel rammeforteljing: Den unge mora, Liv, si einsemd, seier Ingebrigtsen.

Melancholia I-III Jon Fosse

Romantrilogien «Melancholia I-III» (1999)

– «Melancholia» er eit malande og energisk fiksjonsportrett av Lars Hertervig, også her var møtet med språket til Fosse med på å fornya oppfatninga av mitt eige språk og kva ein tekst kan romma. «Melancholia» gav meg ein energisk inngang til kunsten ikledd mitt eige språk.

– Det er ein svært rørande tekst. Galskapen skin igjennom utan at forfattaren insisterer, språket er pulsen til Hertervig, og her er stor undring på lag med han det blir skrive om, den unge kunststudenten i Düsseldorf, understrekar Ingebrigtsen

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.