NRK Meny
Normal

Adgangstegn

- Trass i at den nevrotiske mannen som stadig ”diskuterer inne i hodet” er ein av dei mest populære litterære skapningane i litteraturen for tida, er det alltid plass til Suréns uglade fyrar.

Forfattaren Odd W. Surén. Foto: Aschehoug

Odd W. Surén er ute med ei ny novellesamling.

Foto: Aschehoug

Å vakne ute i byen ei natt etter ein fest i ein by der ein berre er på besøk og oppdage at ein manglar sko, er ei uvanleg, men likevel ganske triviell sak. Verda går ikkje under om ein må gå på sokkelesten nokon timar, til ein får handla seg eit nytt par. Eller?

Alle dei som gruar...

Personane i novellene til Odd W. Surén greier å lage mykje ut av lite. Om handlinga ikkje er dramatisk, set den likevel i gang svære og tyngande tankerekkjer. Gjerne knytt til kva andre legg merke til og korleis dei vil reagere på, ja, til dømes ein mann som går utan sko. For vår mann i tittelnovella ”Adgangstegn” er denne erfaringa så skjelsetjande at han samanliknar seg med dei elendige i verda: Dei fattige, dei utstøytte, dei som manglar alt. ”Jeg syntes jeg kunne se det i detalj. At jeg kunne føle hvordan de fattige, de lutfattige, egentlig hadde det”, tenkjer han, heilt uironisk, der han sit i hotellresepsjonen og ventar på at ein tilsett ved hotellet skal kome tilbake til han med nyinnkjøpte sko.

Odd W. Surén: Adgangstegn. Aschehoug 2007

Odd W. Surén: ”Adgangstegn”, noveller. Aschehoug 2007

Foto: Aschehoug

Det heile er altså ute av proporsjonar, og det forstår hovudpersonen, - utan at det hjelper. Det ligg eit komisk potensiale i slike nevrotiske menn som ikkje taklar dei små utfordringane i livet, og dette komiske potensialet er Surén ein meister til å skrive fram, utan at han fell ned i hånlege utlevering av dei som strevar. ”Jeg er en gruer”, vedgår den namnlause i tittelnovella. Og dei som gruar synst vi litt synd på.

”Ikke diskutere inne i hodet!” er ein av reglane til hovudpersonen i novella ”Langsom flaks”, og sånne reglar lagar du ikkje utan grunn, for å seie det slik. Dermed er tekstene også ganske kvernande, der dei same situasjonane og refleksjonane dukkar opp igjen og igjen.

Samlinga ”Adgangstegn” inneheld fem ganske lange noveller om ulike menn som har det til felles at dei strevar ein del med diskusjonar ”inne i hodet”, dei er aleine i verda og er usikre på om andre vil dei vel.

”De som kjenner meg, liker meg ikke. De som liker meg, kjenner meg ikke. Sånn vil det fortsette.

Men det er løgn. Det er ingen som liker meg. Jeg kan ikke rose meg av så mye som en eneste venn, tenkte jeg.

Kroppen sendte meg ingen meldinger ved den erkjennelsen. Det var nesten litt skuffende.” (s 82)

Slepp meg inn...

Refleksjonsnivået er det ingenting å seie på, men det hjelper ikkje på evna til å få seg vener. Fleire av novellene krinsar omkring nettopp dette. Det er noko marerittaktig over det å ikkje vere kjent av nokon. Det er audmjukande å vere prisgitt ”the kindness of strangers”, slik mannen utan sko er det.

Somme av figurane drøymer om ein tilstand der dei er del av eit fellesskap, som ser dei og gjev dei venlege kallenamn. Men i det verkelege livet blir dei ikkje sett, dei føler seg skult på av uvenlege framande som misliker at dei er der. Dei manglar rett og slett det ”adgangstegnet” som må til for å vere ein del av det menneskelege fellesskapet.

Trass i humoren er det altså ein ganske pessimistisk tone i desse fem novellene. Og trass i at den nevrotiske mannen som stadig ”diskuterer inne i hodet” er ein av dei mest populære litterære skapningane i litteraturen for tida er det alltid plass til Suréns uglade fyrar.