Hopp til innhold
Anmeldelse

Å byggje opp krigssoner med gaffateip

Når sjølvmordskandidaten møter krigssona tek ting til å skje, både med den ulukkelege og med dei krigsramma. At islandske Auður Ava Ólafsdóttir er nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen «Arr», er ikkje vanskeleg å forstå.

Audur Ava Olafsdottir

«Arr» opnar så vel for ettertanken som for latterdøra, skriv Marta Norheim.

Foto: Anton Brink

Jonas (49) er skilt, heterofil, utan makt og utan sexliv, men nevenyttig, det er han. Derfor tek han med seg drillen og heile verktøykassa når han oppsøkjer ei krigssone for å ta livet av seg der: Om han vel henging, skal det i alle fall ikkje stå på at det manglar ein solid krok i taket.

Det han har tenkt mindre på, er korleis det ser ut å kome med verktøy som einaste bagasje til ei krigssone og insistere på at han er på ferie. Slikt må det bli forviklingar av, og det blir det. Om det også blir sjølvmord, eller endå til mord, skal ikkje røpast her, for det unner eg potensielle lesarar å få lov til å lure på mens dei blar seg gjennom denne romanen, der ein aldri veit kva som ventar Jonas og oss på neste side. Her er mange vriar.

Å danse med demonar

Kvar vi er? Ikkje godt å seie. Auður har gjort seg flid med å slette alle spor: Ingen stadnamn, ingen religiøse riter eller gudshus, ingen gloser på originalspråket. Vi er i landet som opplever ei skjør våpenkvile, men som er rekna som ein av dei farlegaste plassane å opphalde seg.

Her gjeld det å ikkje grave i den nære fortida, då kan demonane kome opp til overflata att og skape kaos. Om nettene dansar likevel demonane for dei overlevande som har opplevd ting dei slit med å bere på aleine. Forfattaren skildrar livet i ein provinsby med skarpt blikk både for det uhyrlege som har skjedd og for dei nære behov for orden. Ein mann med drill og gaffateip som kan få dusjar og dører til å fungere sånn nokolunde inntil vidare skaper eit ørlite lys, latterleg lite, men lell.

Innebygd humor

Eg har ein positiv fordom når det gjeld islandsk skjønnlitteratur, og det er at dei har ein utsøkt humor som kler situasjonen og persongalleriet. Så også her. Folk har karaktertrekk og traumar som ikkje blir forklart, men som viser seg i bortforklaringar, misforståingar, kortslutningar og klønete forsøk på å gjere godt. Kombinert med det originale utgangspunktet: mann med drill oppsøker krigen, er det leikande lett å lese denne romanen.

Dermed har eg ikkje hevda at vi har med eit overflatisk stykke litteratur å gjere, slett ikkje. «Arr» opnar så vel for ettertanken som for latterdøra. Kva gjer krig med folk? Kva gjer kjensla av å vere til overs med ein mann, sånn over tid? Finst det håp? Og kor lenge held gaffateip eigentleg?

Passar for deg som:

  • har sans for det absurde

  • handterer kombinasjonen av tragedie og komedie

Fleire meldingar frå NRK

Kvit mørk vinter
Foto: Exil Design

«Norsk roman går inn i Kosovo og kjem ut med ei sterk historie om korleis krigen heng att i språket, i minnet og i 'dette helsikes blodet'. I Eirik Ingebrigtsens 'Kvit bok mørk vinter' er kroppen tett på storpolitikken.» Les meldinga

Rachel Cusk

«Det finst gode romanar, og så har du dei som ligg hakket over. Der ligg 'Omriss'. Rachel Cusk skriv både intelligent og gripande, analytisk og inderleg, originalt og gjenkjenneleg. Meir kan ein ikkje krevje.» Les meldinga

Å gå av Erling Kagge

«Er det mulig å gå av seg velføddheten? Erling Kagge har fått mer enn evig nok av sitt eget privilegerte liv.» Les meldinga

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.