NRK Meny
Normal

Ein stor, liten roman

Ei tynn lita flis av ein roman om ei mager ungjente, forfatta av ein svulstig, oppdikta forfattar. Første møte med Lispector har vore fullt av overraskingar. Ikkje før etterpå forstod eg kor godt eg likte boka.

Clarice Lispector

BØRSTAR STØVET AV LISPECTOR: Bokmeldar Marta Norheim seier at fleire skeptiske bokmeldare måtte gå i seg sjølv då Stoner blei relansert i fjor. Clarice Lispectors «Stjernens time» er også, ifølge Norheim, ei skjult perle.

Foto: Agência O Globo

Med ujamne mellomrom blir meir eller mindre gløymte forfattarskap henta fram frå støvete hyller og gitt ein ny sjanse. For eit par år sidan var det britiske John Williams som tok verda med posthum storm då nokon entusiastisk relanserte romanen «Stoner».

Clarice Lispector: Stjernens time

«Stjernens time» av Clarice Lispector. Omsett av Ida Munck

Av og til har entusiastane noko å fare med: Dei mest skeptiske av oss måtte medgje at boka faktisk var eit gløymt meisterverk.

No er det den brasilianske forfattaren Clarice Lispector som har fått ein ny sjanse visstnok etter at Benjamin Moser i 2009 gav ut biografien «Why this world», om den vakre, mystiske forfattaren med dramatisk livshistorie og altfor tidleg død for snart førti år sidan.

Fram frå gløymsla

I haust kom den siste romanen ho nådde å skrive ut på norsk, under tittelen «Stjernens time». Det er ein liten sak på drygt 100 små sider om ei jente frå nord, som i denne samanhengen tyder at ho kjem frå fattige område nord i Brasil.

Inne i boka møter vi forfattaren Rodriges. Det er han som innanfor romanuniverset skriv historia om denne på alle måtar unnværlige jenta. Han vender seg ustanseleg til oss lesarar med sine vidløftige tankar: Allereie på første side er han innom spørsmålet om korleis universet oppstod, vidare: Gud, begjæret og tannpine, for å ta eit lite utval. Deretter fortel han utførleg om kor ufatteleg vanskeleg det er å kome i gang med historia om denne jenta som han har dikta opp sjølv, men som han likevel veit altfor lite om.

Det han likevel er sikker på, er at det er bra han er ein mann, ettersom ein kvinneleg forfattar nokså sikkert ville "begynne å sipe" i møte med denne triste skjebnen, ja, jenta er knapt nok ein skjebne der ho lever sitt enkle liv utan ein gong å reflektere over eksistensen.

Forfattaren og "forfattaren"

Clarice Lispector

DØYDE UNG: Lispector levde ikkje lenge nok til å vere med på lanseringa av si eige bok. Ho blei 57 år gamal.

Foto: Pedro Gurgel Valente e Paulo Gurgel Valente

Lispector leikar elegant og modernistisk med forteljekonvensjonar og forfattarroller. Jenta som ikkje finst set forfattaren på store prøver. For ein førstegongslesar av Lispector er det vanskeleg å vite om ho ironiserer over den vidløftige forfattaren Rodriges, eller om han er hennar alter ego. I alle fall tangerer ho si eiga historie då ho avsluttar romanen slik:

Og nå - nå gjenstår det bare for meg å tenne en sigarett og dra hjem. Herre Gud, først nå husket jeg at vi dør. Men – men jeg også?

Glem ikke at det er jordbærsesong for tida.

Ja.

frå «Stjernens time»

Lispector døydde ganske kort tid etter ho hadde skrive ferdig denne boka; ho levde ikkje lenge nok til å vere med på lanseringa.

Ligg unna dei kjøtfulle substantiva

Det er eit merkeleg spenningsforhold mellom den elegante leiken med fiksjonen og dei mest vidløftige idear om bokstavleg talt alt på den eine sida, og den fattiggrå historia om jenta frå nord på den andre.

Som alle forfattere er jeg selvfølgelig fristet til å bruke saftige uttrykk: jeg kjenner til praktfulle adjektiv, kjøttfulle substantiv og verb så smidige at de skjærer gjennom lufta på vei til handling, siden nå ord er handling, enig? Men jeg skal ikke pynte på ordet, for hvis jeg rører ved jentas brød vil det forvandles til gull- og den unge kvinnen (hun er bare nitten år gammel) og den unge kvinnen ville ikke kunne bite i det, og dø av sult.

frå «Stjernens time»

Trass i alt den ordhage forfattaren stadig må melde frå om, stig den tause jenta frå nord gradvis fram i teksten. Livet hennar blir synleg utan at forfattaren tek i bruk "kjøttfulle substantiv" som pyntar på fattigdommen. Romanen får etter kvart ein tydeleg sosial brodd.

Ei historie i fargar

Det er ikkje gull alt det Rodrigues finn det nødvendig å gje til beste av filosofering; han kan til tider vere irriterande. Men etter å ha lese romanen gjennom, blir andre sider tydelegare: historia om jenta, dei barske formuleringane som den med døden sitert ovanfor, og Lispectors evne til å skape sterke bilde utan å bli utpenslande.

For ikkje å gløyme humoren: Forordet, som forfattaren lumskt nok presiserer er skrive av Clarice Lispector, endar slik: «Dykk? Denne historia er i fargar for i alle fall å ha litt luksus, for det skal Gud vite at eg trenger. Amen for oss alle.».

Amen herifrå også, for ei original og suveren historie frå ei anna tid og eit anna kontinent.

Anmeldelser