Hopp til innhold

Debutroman om forvikling og forureining

Romanen ”Steffen tar sin del av ansvaret” er ein litterær sitcom med CO2 og kjærleikskabal som sentrale ingrediensar

Chrstian Valeur

Les flere litteraturnyheter her

Steffen tar sin del av ansvaret
Foto: Aschehoug

”Steffen tar sin del av ansvaret” er tittelen på debutromanen til Christian Valeur. Steffen vil nemleg berge verda frå miljøkatastrofen, sterkt inspirert av ein video på You Tube, som medstudent Kjersti har tipsa han om. Her er Steffen på biltur med sambuaren sin, Isabell:


”Hvem var det som viste deg den?
Jeg sa jo det i går.
Ja, men hvem var det?
Følg med da, en på jussen.
Hun Kjersti som du traff i kantinen?
Ja.
Er du keen på henne, eller?
Nei, selvfølgelig ikke.
Hvorfor maser du så mye om den videoen da? (Hun bremset for rødt lys)
Den er viktig.
Er hun Kjersti viktig?
Nei. Herregud.
(jeg så på henne med hodet på skakke)
(den blonde, tynne hestehalen)
(hun var opptatt av noe i sidespeilet på sin side)
Det er en viktig video. Uansett hvem som har vist den til meg.”


Flukt eller liv i balanse

Mykje av boka er akkurat slik: ein samtale, ein runde med sms eller msn, ein prat i telefon, gjerne av det litt ugreie slaget. Korte replikkar, supplert av Steffen kommentarar i parentes. Handlinga er er derimot enkel og grei:

Dagen etter eksamen dreg Steffen på hytta for å leve eit liv i balanse med naturen og utan å sleppe ut meir CO2 i atmosfæren. Innimellom skildringar frå livet på hytta kjem korte kapittel om kva som har skjedd i vekene før denne edle og idealistiske handlinga, ting som nok modifiserer idealismen ein smule og kan få det heile til å framstå som ei flukt.

Forholdet til kjærasten Isabell og medstudenten Kjersti fekk meir og meir preg av ein trekant, det gjekk temmeleg skeis til eksamen, det har toppa seg litt på andre kantar også, kort sagt, livet har floka seg til for stud. jur. Steffen Schiøtz (23), og det finst etterkvart ein god del folk som gjerne vil snakke ut med han. Finne ut kvar han står.


Problemet er at det er nettopp det Steffen ikkje veit. Debutant Valeur har eit godt grep om denne skråsikre men tvilande fyren som får dagane på hytta til å gå med syslar av typen opne hermetikkboksar utan å bruke den elektriske boksopnaren, konversere med ein sjølvlaga snømann og skrive erotiske noveller - i hytteboka.


Komikk av det pinlege slaget og talande replikkvekslingar

”Steffen tar sin del av ansvaret” har blitt ei morosam bok. Det veldige spriket mellom slike klønete og uheroiske prosjekt og ambisjonen om å berge kloden er ein ting. Komikk av det pinlege slaget oppstår etterkvart som hytta blir invadert av folk som ikkje gidd å vente til han har grubla ferdig før dei får avklart stoda. Dessutan er dei mange replikkvekslingane talande, både om det som blir sagt og det som absolutt ikkje blir sagt. Her liknar romanen meir på ein sitcom på TV enn på ein roman, berre at ein må leggje til ansiktsuttrykka og latteren sjølv. Det går heilt fint, sjølv om denne episoden er litt for utflytande, når sant skal seiast.


Eg øydelegg neppe spenninga når eg fortel at Steffens innsats for å berge kloden nok ikkje gjorde den store forskjellen. Med ein viss velvilje kan ein derfor seie at romanen også tematiserer den avmakta ein som enkeltindivid kan føle i møte med dei globale miljøproblema. Men først og fremst er dette ein og humoristisk vri på historia om å finne seg sjølv og sin plass i verda. Om Steffen greier å løse flokene i løpet av romanen skal eg ikkje røpe her, men Valeur får mykje ut av Steffens tapre- eller vel så ofte feige - forsøk.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)