Normal

«Søstrene Makioka»

Ein trilogi frå 1946 fører oss inn i ei vakker, men brutal verd der ugifte kvinner både er det største problemet og det viktigaste håpet i ein familie med høg status og lite kapital.

«Søstrene Makioka» er skrevet av Jun'ichiro Tanizaki.

Jun'ichiro Tanizaki har skrive ein av dei største klassikarene i Japansk litteratur. No kjem «Søstrene Makioka» endeleg ut på norsk.

Foto: Press forlag

Søstrene Makioka av den japanske forfattaren Jun'ichiro Tanizaki er rekna som eit sentralt verk i nyare japansk litteratur. No er verket, som kom ut i tre deler, utgitt på norsk som éin roman.

Eit fascinerande stykke litteratur, som både byr på det gjenkjennelege og det djupt framande.

Gjennom nær 700 sider er det eitt spørsmål som veks til reine thrillerdimensjonar og det er: Vil Youkiko bli gift?

Det viser seg nemleg vanskeleg å finne ein passande ektemann til den tredje av dei fire søstrene i familien.

Før den tredje er gift kan nemleg ikkje den fjerde gifte seg. Ho på si side let opptil fleire friarar kome seg så nær at at ho står i fare for å sverte familien. Dermed gjer ho det endå vanskelegare å få gifta bort søster nummer tre, og kva då med namnet og ryktet og æra til den inntil no upletta familien Makioka?

Ekteskapskabalar

Når forfattaren kjem med denne trilogien frå 1946 og utover, er det verken krigen eller etterkrigstida han tek fatt i, han ser bakover. Rettnok berre til1930-talet, men dei konfliktane som kjem til syne i historia om søstrene gjer at fleire har samanlikna Søstrene Makioka med dei store ekteskapsromanane frå europeisk 1800-tal.

Kanskje særleg med Jane Austens Stolthet og fordom, der det også finst ei rekkje søstre som skal losast ærbart inn i ekteskap med passande unge menn.

Parallellane er openberre og det er ikkje så rart; i tradisjonelle samfunn er ekteskapsalliansar heilt avgjerande for familien og familien er heilt avgjerande for den enkelte.

Men forskjellane mellom skildringa av dei to søskenflokkane er også tydelege, og det er dei som gjer susen.

Når Huset blir eit hus

Dei tidleg foreldrelause Makioka-søstrene kjenner ei sterk plikt til å halde oppe familiens høge standard i ei tid med raske endringar, både i samfunnet og i familien.

Økonomien skrantar og ektemannen til den eldste søstera manglar den autoriteten som eit familieoverhovud treng. Når han i tillegg må flytta frå heimbyen Osaka til Tokyo på grunn av jobben, blir det dramatisk: Det som i alle år var Huset med stor H, der far vakta over normer og døtrer, er no flytta til eit anna hus i ein annan by.

Når den stakkars svogeren krev at dei to ugifte svigerinnene skal flytte «heim» til Huset, det vil seie til eit hus i ein by som dei aldri har budd i, forstår dei som orkar å ta det innover seg at ei tid er forbi.

Eskefrøken på overtid

Det blir ein kamp mellom tradisjon og modernitet, eller mellom sivilisasjon og oppløysing, eller mellom Japan og Vesten, alt etter kven du spør, og skiljet går tvers gjennom søskenflokken.

Legg så til at normene er eit nettverk av reglar så intrikate at den som skal halde sin sti rein gjer best i å halde seg heime.

Nett det har Youkiko gjort, ho er ei såkalla eskefrøken som knapt har vore i kontakt med utanverda.

Slike frøkner er forfina, tause og blyge og var tidlegare det flottaste ein mann kunne få til brud, men no, altså på slutten av 1930-talet, er eskefrøknene i ferd med å gå ut på dato.

Det er sikkert bra for samfunnet, men ikkje for Youkiko.

Forfattaren greier å få moderne lesarar til å fnyse over dei tåpelege friarane som ikkje forstår kva for kvalitetar denne kvinna har, kvalitetar som står moderne lesarar uendeleg fjernt.

Tomrommet i midten

Youkiko, som aldri ytrar ei meining og som oftast nøyer seg med eit fleirtydig «mm» som svar på direkte spørsmål, ho blir sjølve navet i denne historia: Det er henne alt dreiar seg om.

Forteljaren som kjenner tankane til fleire av personane veit ingenting om kva som går føre seg i Youkikos indre.

Ho er tom for meiningar, men fylt med meining. Ho er passiv, men heile familien driv ein veldig aktivitet for å få henne inn i eit ekteskap.

Alt er avheng av det, og tida er i ferd med å renne ut.

Også her skjer det ting med normene: Dei kuttar hjørne og senker krava til kandidatane etterkvart som åra går.

Om familien greier å få Youkiko inn i ekteskapet? Det skal ikkje røpast her, heller ikkje kva som skjer med den moderne og utprøvande søster nummer fire.

Ei framand verd

Tanizaki blir rekna til den såkalla «nyromantiske skulen» i japansk litteratur, ein skule som utforska japanske særdrag og var lite oppteken av sosiale problem i samtida, ifølgje litteraturhistoria.

Det er ikkje mindre enn påfallande å skrive om 30-talet utan å nemne krigen som bryt ut anna enn med få setningar. Og det er nesten ikkje til å tru at boka er skriven i slagskuggen av den same krigen.

Men Søstrene Makioka er ikkje eit argument for å vende tilbake til fortida. Verket har meir preg av ein elegi over ei tid som var og som er borte for all tid.
Og det er ein verdig sørgjesong som målar fram det tapte med stor kjærleik til detaljen både i skikkar og gjenstandar.

Du lærer ein del om kimonoar i løpet av lesinga, for å seie det slik. Og interiør, og dansenummer med titlar som gjer at du forstår at Japan er ein heilt annan stad.

Detaljrikdommen gjer Søstrene Makioka til ein fullmøblert roman, det er berre å flytte inn og sjå den fjerne kulturen frå innsida. Det går an å vere der. Lenge.